Kulturferie i Lærdal & Sognefjordregionen

Lærdal Ferie- og Fritidspark er eit ideelt utgangspunkt for kulturferie eller ei temareise for familien, venegruppa eller foreinga eller t.d. ei Kick-off samling for ditt firma.

 

Vi har unike kulissar for t.d. maling, teikning og fotografering.

 

Du finn eit stort utval av nasjonale kultur- og naturhistoriske skattar både i Lærdal men og i heile regionen, som Sognefjorden, Jostedalsbreen, VettisfossenFlåmsbanaBorgund Stavkyrkje, historiske vegar, som Kongevegen og den såkalla Snøvegen over Aurlandsfjellet. Ei rekkje museum og besøkssenter omfattar bl.a. Flåmsbanemuseet, Norsk Bremuseum, Otternes Bygdetun og den gamle trehusbusetninga „Gamle Lærdalsøyri“.

 

Vi lagar gjerne saman med mattilbod frå vår restaurant ditt optimale kulturarrangement eller ei spanande temareise. 

Spør oss!

 

Stabkirchen & Museen

Stavkyrkjer, Museum & Besøkssenter

Besøk dei berømte Stavkyrkjene Borgund, Kaupanger, Urnes og Hopperstad eller ein av dei interessante musea og besøkssentra som Sogn Fjordmuseum og Norsk Villakssenter. Vi hjelper deg med å finne vegen og anna informasjon om utfluktene! 

Les mer …

Häuserzeile Gamle Lærdalsøyri

Den gamle trehusbusetninga Gamle Lærdalsøyri

„161 smaa hus tæt sammen....“ – slik beskreiv Biskop Pontoppidan den gamle trehusbusetninga Lærdalsøyri på ei reise gjennom Lærdal i 1749. Til omkring 1860 opplevde handel og trafikk ei blomstringstid på Lærdalsøyri og var eit knutepunkt mellom aust- og vest Norge.

Les mer …

Visit Flam - Fotograf: Sverre Hjørnevik Flam AS

Kommunikasjon- og veghistorie

Gled deg til ein ugløymeleg historisk togtur med den historiske Flåmsbana eller opplev dei spanande historiske vegane i Lærdal, som Kongevegen over Fillefjell, „... den farlegaste veg som finst her til lands“ - sa biskop Pontoppidan etter ei reise gjennom Lærdal i 1749. Lett å finne over E-16, ca 4 km vest (retning Lærdal) frå Borgund Stavkyrkje, eller ca. 20 km frå ferieparken, følg skiltinga med "Historisk rute".

Les mer …

Lokale Essenstraditionen in Lærdal und in Sogn

Lokalmat tradisjonar i Lærdal og Sogn

Hjå lokale gardsutsalg og landhandel i Lærdal får du kjøpt lokale matspesialitetar og varer produsert i bygda og i regionen, t.d. geitost, Gamalost, flatbrød, lefsekling, røykelaks, hjortekjøt, moreller, bringebær, jordbær og grønnsaker som poteter, gulrøter, rosenkål etc.

Les mer …

5 gode grunnar for opphald hjå Lærdal Ferie- og Fritidspark

  • Naturopplevingar direkte ved den storslåtte Sognefjorden.
  • Utallige kultur- og fritidsmulegheiter, bl.a. i vårt nye Lærdal Showtheater. 
  • Kort veg til alle sjåverdigheiter og aktivitetar i regionen.
  • Overnatting i alle prisklasser - camping, økonomirom, leiligheiter og hytter.
  • God infrastruktur med restaurant, utleige av sportsutstyr og eigen aktivitetspark Motorikpark™ Lærdal.

Nyheiter, tilbod og sosiale media

Nyheiter

Elvis - The Musical

og Lyse dagar

25.-27. april

 

> Nyheiter...

Ledige jobbar

Me søkjer servitørar, reinhaldar, resepsjonist.

 

> Ledige jobbar...

Wanderferien in Lærdal

Social Media & Vêret

Besøk og følg oss også på våre ulike sosiale media kanalar og følg med på ferievêret!

> Koble deg til!

Wanderferien in Lærdal

Vår Youtube kanal

Få dine fyrste inntrykk av Lærdal Ferie- og Fritidspark og Lærdal med Sognefjorden her!

> Vår Youtube kanal

Winter am Sognefjord

Vinter ved Sognefjorden

Også om vinteren er Lærdal og Sognefjordregionen attraktiv! Opplev vinteraktivitetar eller stillheita!

> Les meir!

Wanderferien in Lærdal

Vandreferie i Lærdal

Vandreeldoradoet Lærdal - Gled deg til ugløymelege feriedagar i naturskjønne omgjevnader ved Sognefjorden!

>Les meir!

Radurlaub in Norwegen

Sykkelferie i Norge

Tur-, racer- og terrengsykling i Lærdal ved Sognefjorden i Norge! Her byr vi på flott natur og varierte turer!

>Les meir!

BOOK VÅRE SHOW