Stavkyrkjer, Museum & Besøkssenter

Besøk dei berømte Stavkyrkjene Borgund, Kaupanger, Urnes og Hopperstad eller ein av dei interessante musea og besøkssentra som Sogn Fjordmuseum og Norsk Villakssenter. Vi hjelper deg med å finne vegen og anna informasjon om utfluktene! 

 

 

Borgund Stavkyrkje


28 km aust for ferieparken, ligg Borgund stavkyrkje. Oppført i 1182, er den ei av dei best bevarte stavkyrkjene i landet. Faktisk så unik er denna kyrkja, at den er brukt som utgongspunkt for andre stavkyrkjer under restaurering. Nokon vart rett og slett ombygde for å likna Borgund stavkyrkje mest mogeleg. Detta grunna den karakteristiske utsjånaden med bl.a. tak over tak, svalgongar, dragehovud og kors på mønekammane. I heile bygningen er det ikkje ein einaste bolt eller nagel i metall. Kyrkja har tre inngongsportalar, der vestportalen er rikt utskåren. Den er i gotisk byggjestil, og ligg majestetisk til på si opprinnelege tufta. Absolutt verd ein ekstra stopp, og ein absolutt anbefaling å få med seg.


200 m frå stavkyrkja, er det bygd eit stavkyrkjemuseum. Besøkssenteret syner til utstilling om stavkyrkjene si rolla i det religiøse livet i mellomalderen.

Her er òg kafè, souvenirbutikk og stillerom. Senteret vart sett opp for å kunna betjena den store turisttrafikken. Og med 50 000 besøkande i 2018, kom nok det godt med!

 

Hugs at du og kan kombinere eit besøk i Borgund Stavkyrkje med ein flott vandre- eller sykkeltur på dei historiske vegane i Lærdalsdalen.

 

 

Kaupanger Stavkyrkje.

 

Kaupanger stavkyrkje er bygd ein gong på 1100-talet, etter at den tidlegare kyrkja på staden brann i 1130. Dateringa er sett til byggjeår 1140-1150.

Stavkyrkja er den største av alle stavkyrkjene i Vestland fylke, noko som visar til den sentrale plassen kaupangen hadde i høgmellomalderen.

Samstundes er det den minst dekorerte innvendig av alle stavkyrkjene i Sogn, til tross for at Kaupanger har vore eit adels-og herresete sidan mellomalderen.

Den underlege årsaka er uviss.

Det som skil Kaupanger stavkyrkje frå andre stavkyrkjer er storleiken og antal stavar. Det er den lengste stavkyrkja i Noreg, der stavane har korkje kapitèl eller utskjeringar, noko som gjev kyrkja ei forsterka vertikal kjensla. Dette er grunnen til at Kaupanger stavkyrkje vert kalla "katedralen blant stavkyrkjer".

Kyrkja har i dag 165 sitjeplassar. Ho har vore i kontinuerleg bruk og er framleis sognekyrkje. Det i seg sjølv gjev stavkyrkja eit heilt unikt særpreg.

 

 

Urnes Stavkyrkje.

 

Urnes stavkyrkje er datert til byrjinga av 1130-talet, det gjer den til den eldste av dei 28 stavkyrkjene som er tekne vare på i Noreg.

Det er òg den stavkyrkja som er rikast dekorert, spesielt nordportalen med unike utskjæringar som kjem frå ei enno eldre kyrkja.

Trearbeidet og dekoren ber preg av norønne, keltiske og romanske kunsttradisjonar, og kyrkja har gjeve namn til den særmerkte urnesstilen.

Stavkyrkja ligg mektig plassert i eit storslått fjordlandskap i Lustrafjorden, og den har sidan 1979 fått sin rettsmessige plass på UNESCO si verdsarvlista.

 

 

 

Hopperstad Stavkyrkje.

 

Hopperstad stavkyrkje, tidlegare kjend som Hoprekstad stavkyrkje, vart truleg oppført etter år 1130.

Den står på si opprinnelege tufta i Vik i Sogn.

Stavkyrkja vart restaurert i 1880-åra. 

Utfrå spor i den eksisterande bygningskonstruksjonen og med liknande stavkyrkjer som førebilete, særleg Borgund stavkyrkje, fekk den det utsjåande den har i dag.

Kyrkja kan smykka seg med unike utskjæringar, og baldakinen er eineståande i norsk kyrkjearkitektur. Den har utskoren gavl og spissboga plankekvelv.

Himlingen illustrerar juleevangeliet og storhendingane kring Jesu fødsel og barndom.

 

 

Sogn Folkemuseum - Dei Heibergske Samlingar.

 

Dei Heibergske samlingar, som held til på Vestrheim på Kaupanger, er landets eldste og største kulturhistoriske museum.

Der finn du leikeplassar, naturhistoriske løyper, handverk og eit levande museum med folk i husa.

På friluftsmuseet er det over 30 bygningar som spenner seg frå mellomalderens årestove til ferdighuset frå 1980-åra. Alt plassert i eit levande kulturlandskap. 

I sommarsesongen er det tradisjonell gardsdrift med dyr, og kvar onsdag er det familiedag med aktivitetar i dei gamle husa og på uteområdet.

I hovudbygningen er det faste utstillingar om jordbruk, mat, handverk, bondekunst, klede, tekstilar, kyrkje, overtru, strandstad, krambu og barndom.

Museet har eigen kafè med heimelaga mat, samt eigen museumsbutikk.

 

 

Tele-og Postmuseum.

 

I Lærdal sentrum, i tilknytning til gamle Lærdalsøyri, ligg Tele-og Postmuseet.

Telegraf- og telehistorie i Lærdal strekkjer seg attende til 1856.

Bli med på ei kort reise i lokal, regional og nasjonal posthistorie gjennom fotografi og illustrasjonar, tekstar, gjenstandar, modellar og lydkulissar.

Det vetle, godt gjennomførte museet har sommarope og gratis inngong.

 

 

 

N. H. Lerums saftfabrikk AS

 

På garden Sørheim i Luster kommune, ligg ei reise attende i tid. Godt over 100 år attende, til den gongen Nils og Kari Lerum gjorde ein tilfeldigheit om til ein suksess.

I dag kjenner me alle til Lerums saft og syltetøy, i alle smakar og variantar. Me skal heller ikkje gløyma å nemna Lerums julebrus, som yter sin del av julestemningen år etter år.

Handels- og industrimuseumet Sørheim tilbyr omvisning på den restaurerte fabrikken, som framstår slik den gjorde i 1907.

Det er òg høve til å sjå korleis handelen gjekk føre seg i den innbyande landhandelen frå 1905.

Så om du har sansen for nostalgi og tradisjon, saman med ein god dose saft og syltetøy, er detta plassen for deg.

 

 

Flåmsbana Museet.

I den gamle stasjonsbygningen i Flåm held Flåmsbana museet til.

Der får du eit innblikk i byggjingen av verdas brattaste jernbanestrekning, den tekniske utviklingen og menneska bak den imponerande jernbanekunsten.

I dag syner museet eit EL-9 lokomotiv og skiftelok, utstillingar som inneheld bileter, lyd, gjenstandar, samt nedskrive materiell. 

Du kan sjå videoframsyning av ei reisa med Flåmsbana.

Museet har protokollar frå banas tidlegare drift, handelsvirksomheiten i dalen og skysstrafikken før jernbana vart bygd.

 

Verdt Eit Besøk.

 

Aurlandskoen i Aurland er eit levande visningssenter for detta håndverket, samt den einaste produsenten av Aurlandsko. 

 

I Eldhuset i Undredal får du ein presentasjon i ord og tonar om tradisjonar kring stølsdrift, ysting av geitost og mogning av kvit geitost.

 

 

På austsida av innløpet til Sogndalsfjorden ligg Fimreitegardane. Nedanfor Fimreitegardane ligg ei grunn bukt der det kjende slaget mellom

Kong Magnus V Erlingsson og Sverre Sigurdsson stod i 1184,-Slaget ved Fimreite.  

To menn kjempa om kongemakta i Noreg, noko som førte til eit av dei blodigaste slaga i norsk historie.

På Nornes på Slinde, like utanfor Sogndal, står ein bautastein til minne om slaget.

Grunnen til at den vart plassert der og ikkje på Fimreite, var at det var på Nornes dei falne vart tekne i land og gravlagde.

Samt det var lettare framkomst til Nornes, då Fimreite ikkje hadde bilveg.

 

 

 Ynskjer du ei oppleving utanom det vanlege, er Dei Kvite Grottene i Gudvangen ikkje langt unna.

Grottene ligg ca 6 km. frå Gudvangen ferjekai, og byr på ein spennande tur i det kvite anortositfjellet.

Ruta førere deg gjennom lys, mørke, fargar, stillheit og ro, i samspel med troll, vikingar og musikk frå Grieg.

 

Borgundstavechurch.jpgBremuseum.jpgbatar_pa_fjordmuseet.jpg

 

 

Fleire interessante museum:

5 gode grunnar for opphald hjå Lærdal Ferie- og Fritidspark

  • Naturopplevingar direkte ved den storslåtte Sognefjorden.
  • Utallige kultur- og fritidsmulegheiter, bl.a. i vårt nye Lærdal Showtheater. 
  • Kort veg til alle sjåverdigheiter og aktivitetar i regionen.
  • Overnatting i alle prisklasser - camping, økonomirom, leiligheiter og hytter.
  • God infrastruktur med restaurant, utleige av sportsutstyr og eigen aktivitetspark Motorikpark™ Lærdal.

Nyheiter, tilbod og sosiale media

Nyheiter

Elvis - The Musical

og Lyse dagar

25.-27. april

 

> Nyheiter...

Ledige jobbar

Me søkjer servitørar, reinhaldar, resepsjonist.

 

> Ledige jobbar...

Wanderferien in Lærdal

Social Media & Vêret

Besøk og følg oss også på våre ulike sosiale media kanalar og følg med på ferievêret!

> Koble deg til!

Wanderferien in Lærdal

Vår Youtube kanal

Få dine fyrste inntrykk av Lærdal Ferie- og Fritidspark og Lærdal med Sognefjorden her!

> Vår Youtube kanal

Winter am Sognefjord

Vinter ved Sognefjorden

Også om vinteren er Lærdal og Sognefjordregionen attraktiv! Opplev vinteraktivitetar eller stillheita!

> Les meir!

Wanderferien in Lærdal

Vandreferie i Lærdal

Vandreeldoradoet Lærdal - Gled deg til ugløymelege feriedagar i naturskjønne omgjevnader ved Sognefjorden!

>Les meir!

Radurlaub in Norwegen

Sykkelferie i Norge

Tur-, racer- og terrengsykling i Lærdal ved Sognefjorden i Norge! Her byr vi på flott natur og varierte turer!

>Les meir!

BOOK VÅRE SHOW