Natur & Kultur ved Sognefjorden & Jotunheimen
Velkommen til Lærdal, ei vakker bygd innerst i Sognefjorden - med spektakulær natur og særs gode aktivitetsmoglegheiter for alle aldersgrupper! Ta deg tiden til å sjå vår flotte film som viser litt av det Lærdal har å by på som destinasjon. Øvrig informasjon om Lærdal og omegn finn du nedanfor videoen.
I Lærdal finn du storslåtte naturopplevingar enten du reiser som bilturist, med buss, syklar eller går. I tillegg til dei vakre naturopplevingane, har vi eit flott terreng for mange slags idrettar, samt jakt og fiske. Lærdal byr dessutan på eit stort utval av merkte vandrevegar. Nedanfor finn du eigne menyar for ulike opplevingar hjå oss.
Kva kan Lærdal som destinasjon tilby?
- Rolege omgivnader som let feriekjensla trengje på
- Spektakulære fjellturar med magisk utsikt over fjord & fjell
- Flott sykkelterreng langs Sognefjorden, oppover dalen eller over Aurlandsfjellet
- Verdskjent kultur på Gamle Lærdalsøyri, Borgund Stavkyrkje & Kongevegen/Vindhellavegen
- Norsk Villakssenter & Kunstmuseum
- Den berømte lakseelva Lærdalselva
- Eit unikt, tørt klima med rundt 500-600 mm nedbør årleg - Rekna som ein av dei tre tørraste plassane i Noreg
Klikk deg inn på artiklane nedanfor for å lese meir og lære om det Lærdal som destinasjon tilbyr!