Historiske attraksjonar

Lærdal er rik på kultur & historiske attraksjonar! Her finn du historiske vegar, Borgund Stavkyrkje, Norsk Villakssenter, Sogn Kunstmuseum, Gamle Lærdalsøyri, Lærdalselva og mykje meir!

 

 

Borgundstavechurch.jpgKongevegen-Vindhella.jpgLaerdalAltstadt2.jpg

 

Historiske vegar, Kongevegen og handelsstad

(tekst frå Lærdal kommune nettside). Den viktigaste og mest nytta ferdslevegen mellom Bergen og Oslo har alltid gått gjennom Lærdal. Dette vitnar i dag fire parallelle vegar frå ulike tidsepoker om. Vegen som Harald Hårfagre nytta då han drog frå Valdres til Voss, som Olav den Heilage drog på gjennom dalføret på kristningsferda si år 1023 og som kong Sverre førte birkebeinarane sine på i 1177. Frå den gong til i dag har vegen gått frå kløvsti til Europaveg. Med Lærdalstunnelen, verdas lengste vegtunnel (24,5 km) som opna i år 2000, vart kommunen på ny knutepunkt i samferdsla. Dei mange historiske vegane er i dag gode turvegar i spennande kulturlandskap.

Om lag halvparten av dei ca 2200 innbyggjarane våre bur i kommunesenteret Lærdalsøyri. Her var det frå gamalt av ein strandstad, og heilt frå vikingtida, og fram til i dag eit viktig knutepunkt. Det aller meste av den dyrka jorda ligg i dag på flatene langs elva oppover dalen.Her er og det meste av busetjinga konsentrert. I mellomalderen voks Lærdal seg naturleg fram som marknadsplass.

På den gamle marknadsplassen på Lærdalsøyri møttest aust og vest. Frå Valdres og Hallingdal og frå dei yttarste fjordstroka kom folk for å bytte og handle varer. Det var etter det ein kan lese eit yrande liv med folk og dyr og varer. Kjøpeskålane vart mange og historia fortel både om kjærleik og slåssing. Den gamle Lærdalsmarknaden vart nedlagt i 1870-åra, men teken opp att i 1982 og vert no arrangert kvart år, i juni. I tillegg vert det i september/oktober arrangert haustmarknad, med vekt på sal av lokale produkt, frukt og grønsaker. Frå 2014 vert det skipa til julemarked i november. Alle marknadane held til på gamle Lærdalsøyri med den verna bebyggelsen som kulissar.

 

Gamle Lærdalsøyri

".....161 smaa huse tæt til sammen" ... slik såg Biskop Pontoppidan Lærdalsøyri på ei reise gjennom Lærdal i 1749. Fram mot 1860 var det oppsving i handel og ferdsel, og staden vart eit knutepunkt mellom austland og vestland. I 1860 hadde tettstaden fått den utstrekninga som idag, stort sett, utgjer dei verna områda på Lærdalsøyri.

Les meir...

 

Borgund Stavkyrkje

Borgund Stavkyrkje står i Borgund, ein del av Lærdal kommune, kun 28 km unna ferieparken. Kyrkja vart bygd rundt år 1180 og er særs godt vedlikehalde og er den mest besøkte Stavkyrkja i Norge. Hugs og på at eit besøk i stavkyrkja let seg godt kombinere med ein sykkel- eller vandretur på dei historiske vegar!

Les meir...

 

Norsk Villakssenter

Utstillingane fortel om Atlanterhavslaksen sitt livsløp og vandringane i havet, trugsmåla mot dei ville laksestammene, og gir innblikk i korleis mennesket har jakta på laksen opp gjennom tidene.

Sjå villaksen og sjøauren i elvestraumen - i den 20 meter lange laksehølen. Så nær at du nesten kan ta på storlaksen....Fiskane du ser i hølen har anten gått fritt inn frå elva opp gjennom laksetrappa, eller dei har vorte fanga og sette ut i hølen. 

 

Sogn Kunstsenter

Hans Gjesme donerte kunsten sin til Lærdal kommune rett før han døydde. Ut ifrå det vart Gjesmegalleriet etablert i 1998. Samlinga omfattar særleg mange landskap og portrett, skisser og ferdige arbeid, i ulike teknikkar som teikning, maleri, akvarell, pastell og skulptur. På grunnlag av denne samlinga på om lag 1500 verk, vart Sogn Kunstsenter bygd. Det vart opna i 2011.

 

Lærdal med sine mange attraksjonar og sjåverdigheiter kan du også kombinere med ein vandretur eller sykkeltur

5 gode grunnar for opphald hjå Lærdal Ferie- og Fritidspark

  • Naturopplevingar direkte ved den storslåtte Sognefjorden.
  • Utallige kultur- og fritidsmulegheiter, bl.a. i vårt nye Lærdal Showtheater. 
  • Kort veg til alle sjåverdigheiter og aktivitetar i regionen.
  • Overnatting i alle prisklasser - camping, økonomirom, leiligheiter og hytter.
  • God infrastruktur med restaurant, utleige av sportsutstyr og eigen aktivitetspark Motorikpark™ Lærdal.

Nyheiter, tilbod og sosiale media

Nyheiter

Elvis - The Musical

og Lyse dagar

25.-27. april

 

> Nyheiter...

Ledige jobbar

Me søkjer servitørar, reinhaldar, resepsjonist.

 

> Ledige jobbar...

Wanderferien in Lærdal

Social Media & Vêret

Besøk og følg oss også på våre ulike sosiale media kanalar og følg med på ferievêret!

> Koble deg til!

Wanderferien in Lærdal

Vår Youtube kanal

Få dine fyrste inntrykk av Lærdal Ferie- og Fritidspark og Lærdal med Sognefjorden her!

> Vår Youtube kanal

Winter am Sognefjord

Vinter ved Sognefjorden

Også om vinteren er Lærdal og Sognefjordregionen attraktiv! Opplev vinteraktivitetar eller stillheita!

> Les meir!

Wanderferien in Lærdal

Vandreferie i Lærdal

Vandreeldoradoet Lærdal - Gled deg til ugløymelege feriedagar i naturskjønne omgjevnader ved Sognefjorden!

>Les meir!

Radurlaub in Norwegen

Sykkelferie i Norge

Tur-, racer- og terrengsykling i Lærdal ved Sognefjorden i Norge! Her byr vi på flott natur og varierte turer!

>Les meir!

BOOK VÅRE SHOW