Arrangement 2021
SIMPLY THE BEST - THE TINA TURNER STORY
Etter å ha venta eit heilt år, har me gleda av å ynskja dykk velkomne til ei unik oppleving 9.-11. september!
Då kjem Coco Fletcher i rolla som Tina Turner. Ikkje nok med det, ho får selskap på scena av Vasti Jackson som Ike Turner.
Della Miles som Jesse Smith, Meimouna Coffi som Vendetta Fields, Sharlie Pryce som Robby Montgomery, alle jentene frå "The Ikettes", samt Miku Graham - backing vocals.
Showet tek publikum med på ei reisa gjennom fem tiår med rockeikonets musikalske historie og deira største hits frå ei av dei viktigaste artistane i vår tid.
"Simply The Best" skildrar Tina Turners innhaldsrike liv i løpet av to timar spekka med livemusikk og imponerande scener.
Frå hennar fyrste suksessar, vanskelege tider med ein narkoman og voldeleg ektemann, sviket av ein stor kjærleik og til slutt,-etter separasjonen då Tina fekk sin nye start og ein popularitet som skaut til himmels på 80-talet.
"Tina Turner Story" er ein hyllest til den eksepsjonelle artisten som har forma eit halvt århundre med rockehistorie.
Med over 180 millionar selde plater, utallige nr.1 treff og plasseringar med blandt anna "Simply the best", "Private dancer" og "We don`t need another hero".
Inspirert av denna eineståande artisten, klarar Dorothea "Coco" Fletcher (USA), å etterligna verdsstjerna perfekt og reknast som ei av dei beste i dobbeltrolla over heile verda.
Med ei unik stemma og ein energisk framføring, bringar ho rockedivaen attende på scena og tek publikum med storm!
Tildelt "Best Musical Tribute Show" på the Real Awards i Las Vegas i 2020!
Billettsal
Billettsal føregår via Eventim.no Trykk på linken eller bileta ovanfor for å komme til billettløysinga.
Hugs å vel rett dag og billettkategori når du bestiller. Born får følgje vaksen i den billettkategori som er vald.
Har du billettar frå forårets utsette show, så kan dei bytast inn til SIMPLY THE BEST - THE TINA TURNER STORY.
Informasjon om middag i forkant av showa kjem på eit seinare tidspunkt.
Overnatting tilgjengeleg i forbindelse med showa (hytter, leilegheiter, motell og camping). For overnatting, kontakt: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den..
For andre spørsmål, henvend deg til: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den..