Dine overnattingsalternativ på Lærdal Ferie- og Fritidspark

Lærdal Ferie- og Fritidspark har eit mangfald av overnattingsmoglegheiter frå rimeleg økonomistandard til fullt utstyrte hytter/leiligheiter. 

 

Campingplass for reisande med campingvogn, bubil eller telt. Tilhøyrande er to moderne sanitetsanlegg. 

Moderne leiligheiter med høg standard for opp til 3 personar. Eige kjøkken, bad, stove med TV & balkong m/møblar. Wifi.

Våre koselege hytter kan huse 2-7 personar. Eige kjøkken, bad, stove med TV & balkong m/møblar. Wifi.

I tillegg har vi eit motell med 29 økonomirom (2 enkeltsenger per rom). Eige bad med felles tv-stover, opphaldsrom & kjøkken. Wifi.

 

Spesial månadspris oktober til april

Har du tenkt på eit lengre opphald for å senke skuldrane, kome deg vekk for å skrive ferdig boka di, redigere dine bilete i ro og mak, få ro før eksamen eller rett og slett oppleve den trollske vinterstemninga i Lærdal eller eit "heimekontor"/kombinert ferie, ein såkalla Workcation? Då veljer du ein leiligheit eller hytte hjå oss til månadspris!

 

Leiligheit frå kr. 6.900,- per månad inkl. 12% mva + straum etter målar.

Hytte med 1 soverom frå kr. 7.500,- per månad inkl. 12% mva. + straum etter målar.

Hytte med 1 soverom og hems eller 2 soverom frå kr. 9.600,- per månad inkl. 12% mva. + straum etter målar.

Bestill per mail, Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

 

For kortare opphald har vi no spesial lågsesongsprisar med 10% rabatt ved min. 2 netter, 15% rabatt ved min. 4 netter og 25% rabatt ved min. 7 netter. 

 

Vinterfjord 20230315 123703 

Hytter

Hyttene har 4-7 soveplassar og varierar frå 38 til 50 kvadratmeter. Prisar frå kr. 1549,- per natt. 

 

Les meir og bestill her!

 

Leilegheiter

Leilegheitane har plass til 2-3 personar og har ein storleik på 32 til 45 kvadratmeter. Prisar frå kr. 1.149,- per natt. 

 

Les meir og bestill her!

 

Motell - budsjett

Motellromma er på ca 16 kvadratmeter og her finn du to enkeltsenger per rom, med moglegheit for ekstraseng. Eige bad (dusj/WC). Pris frå kr. 849,- per natt. 

 

Les meir og bestill her!

 

Camping

 

Camping for telt, bubil eller campingvogn med eller uten strøm. Tilgang på vaskerom, sanitæranlegg & kjøkken. 

 

Les meir og bestill her!

5 gode grunnar for opphald hjå Lærdal Ferie- og Fritidspark

  • Naturopplevingar direkte ved den storslåtte Sognefjorden.
  • Utallige kultur- og fritidsmulegheiter, bl.a. i vårt nye Lærdal Showtheater. 
  • Kort veg til alle sjåverdigheiter og aktivitetar i regionen.
  • Overnatting i alle prisklasser - camping, økonomirom, leiligheiter og hytter.
  • God infrastruktur med restaurant, utleige av sportsutstyr og eigen aktivitetspark Motorikpark™ Lærdal.

Nyheiter, tilbod og sosiale media

Nyheiter

Billettslepp

SHAKE, RATTLE

& ROBBIE

 > Nyheiter...

Ledige jobbar

Me søkjer servitørar, reinhaldar, resepsjonist.

 

> Ledige jobbar...

Wanderferien in Lærdal

Social Media & Vêret

Besøk og følg oss også på våre ulike sosiale media kanalar og følg med på ferievêret!

> Koble deg til!

Wanderferien in Lærdal

Vår Youtube kanal

Få dine fyrste inntrykk av Lærdal Ferie- og Fritidspark og Lærdal med Sognefjorden her!

> Vår Youtube kanal

Winter am Sognefjord

Vinter ved Sognefjorden

Også om vinteren er Lærdal og Sognefjordregionen attraktiv! Opplev vinteraktivitetar eller stillheita!

> Les meir!

Wanderferien in Lærdal

Vandreferie i Lærdal

Vandreeldoradoet Lærdal - Gled deg til ugløymelege feriedagar i naturskjønne omgjevnader ved Sognefjorden!

>Les meir!

Radurlaub in Norwegen

Sykkelferie i Norge

Tur-, racer- og terrengsykling i Lærdal ved Sognefjorden i Norge! Her byr vi på flott natur og varierte turer!

>Les meir!