Butikkar og handel i Lærdal
Lærdal med sine 2.200 innbyggjarar har ikkje alt, men det viktigaste og absolutt nokre spesialbutikkar å vitje. T.d. souvenirbutikken hjå Lindstrøm Hotel og andre spesialbutikkar og landhandel i Gamle Lærdalsøyri.
I vår eigen sportsbutikk ved sidan av resepsjonen på Lærdal Ferie- og Fritidspark tilbyr vi eit stort utval av syklar, sykkeltilbehør ,kle, sko, tråbilar og trampoliner. I tillegg driv vi sykkelverkstad for alle merker.
Du finn heile produksortimentet i vår nettbutikk Aktiv Ute - Sykkelnettbutikken.
Ca. 400 meter frå ferieparken ligg sentrum i Lærdal.
Der finn du daglegvare butikkar som Kiwi og Coop Extra, samt klebutikkar, hobbybutikk, bruktbutikk, optikar og frisørar.
I gamlegata held små spesialbutikkar liv i dei historiske lokala.
Der er lokale og økologiske varer i Smak av Sogn, Frk. Engsbråten freistar med heimalaga godteri på Munngodt, og på butikken Fredag finn du forskjellig småtteri til liten og stor.
I gongavstand i og rundt sentrum, ligg det kafèar, pub og gatekjøken.
Supermarknadene Kiwi og Coop Extra har ope dagleg til kl. 22 / 23, og laurdagar til kl. 21.
Andre butikkar har ope dagleg stort sett til kl. 16.30 og laurdagar til kl. 14.
Spør oss gjerne om det er noko spesielt du er på utkik etter.
Souvenirbutikkar finn du hjå Lindstrøm Hotell, Lærdal Hotell og i enkelte av butikkane i gamlegata.