GODT Å SE DEG IGJEN! Tore Halvorsen på turnê 2021
I ein alder av 70 år gav Noregs mest kjende dansebandvokalist, evigunge Tore Halvorsen ut sitt fyrste solo-album. Godt å se deg igjen kom i juni 2020, med songar han sjølv er glad i frå ein lang karriere.
Våren, sumaren og hausten 2021 tek Tore med seg fleire av desse songane på turnè på kryss og tvers i Noreg. 14. og 15. juli kjem Tore til ferieparken og lovar stor stemning når han byr på kjende svensktoppar, viser han sjølv set pris på, samt kjende slagera frå tiden i Ole Ivars.
Tore Halvorsen vaks opp i Østerdalen, nærare bestemt Rendalen. Det vart fortalt at han som liten gut, ivrig klatra opp på vedkassa for å syngja for foreldra sine og alle naboane.
Allereie då kunne ein sjå songgleda og kjærleiken til å opptre, noko som skulle fylgja han gjennom livet og gleda heile Noreg.
Mest kjend er Tore som vokalist og frontfigur i dansebandet Ole Ivars (1988-2018).
Songar som "Nei, så tjukk du har blitt" og "Jag trodde englarna fanns", har vorte allemannseiga i landet vårt, og sett seg i ryggmargen på folket.
Dei har spelt for tusenvis og motteke fleire spellemannsprisar.
Tore løfta dansebandmusikken opp på det musikalske Noregskartet, og han vart raskt anerkjend som ein dyktig songar og artist.
Billettar kjøper du her nedanfor!