Sykkelruter

Lærdal får du flotte sykkelopplevingar, anten på racer/ landevegssykkel, tursykkel eller terrengsykkel, for både den lette søndagsturen og for den profesjonelle. Dalføret er svært eigna til lette turar for alle nivå og aldersgrupper. Vi har nesten bilfrie sidevegar oppover dalen (parallellvegar til E-16) og ein flott nesten bilfri veg langs fjorden til det gamle ferjeleie Revsnes.

 

Aurland-Mountain-ride.jpgLFFChildracebike.jpgLFFRacer.jpg

 

Nedanfor kan du laste ned oversiktskart og beskrivelsar. Me ønskjer deg ein god sykkeltur i Lærdal! 

 

Les mer …

Aurland_Mountain_ride.jpg

Lærdal - "Snøvegen" - Lærdal

Sykkelturen frå Lærdal til Aurland via "snøvegen", Aurlandsvegen, er kanskje den mest spektakulære sykkelruta i Noreg. Frå fjordslette til fjordslette. Det høgaste punktet er på 1400 meter og ruta har ca. 25 km stigning. Opplev snø på sidane av vegen og den beste utsikta over fjorden. 

Les mer …

Laerdal_MoKarte.jpg

Lærdalsdalen lett og flat, opptil 32 km

Frå ferieparken køyrer du gjennom bygda Lærdal og vidare langs den kjente Lærdalselva. På ruta finn du flotte motiv for å fotografera eller berre sjå på naturen. Er du heldig får du også sjå ein av sportsfiskarane med nyfanga laks! Opplev fjord og elv på same tur. Det er få bilar på ruta.

Les mer …

01_nature_laerdal_sognefjord.jpg

Lærdal - Vindedal (langs Sognefjorden) - Lærdal

Frå ferieparken køyrer du direkte langs den naturskjønne Sognefjorden. Denne ruta er ein av dei mest fantastiske sykkelrutane! Her finn du total stillheit, fjorden nær og nesten ingen bilar på vegen. I tillegg ei rute nesten utan stigning! Her kan alle trivast og nyta naturen utan utfordring!

Les mer …

Kongevegen_Vindhella.jpg

Lærdal - Borgund - Lærdal

Sykkelturen frå Lærdal til Borgund byr på mykje historie, langs ruta finn du også 4 parallelle historiske ruter! Sykkelturen eigner seg godt å kombinerast med ein fottur langs kongevegen. Endestasjonen er den velkjente Borgund stavkyrkje, bygd rundt 1180.

Les mer …

mountainlandscape2.jpg

Lærdal - Borgund - Hemsedalsfjellet - Lærdal

Sykkelturen frå Lærdal til Hemsedalsfjellet går gjennom Lærdalsdalen og Borgund, som byr på mykje historie. Sykkelturen eignar seg godt å kombinera ein fottur på den historiske kongevegen.  

Les mer …

Laerdal_Valley_Vinter.jpg

Lærdal - Råsdalen - Lærdal

Sykkelturen frå Lærdal, opp gjennom Råsdalen, er kanskje ein av dei beste "hemmelege" sykkelturane i Europa. Her finn du all din ro. Det er knapt nokon bilar (privat veg) og få turistar! Stien går kun opp til høgfjellet i ca 1500 meters høgde. På toppen av fjellet ligger eit jakt- og fiskeparadis. 

Les mer …

Borgundstavechurch.jpg

Lærdal - Borgund - Fillefjell - Lærdal

Sykkelturen frå Lærdal til Fillefjell tar deg langs den gamle ruta på Kongevegen. Du kan også sykle delar av den autentiske gamle ruta på Kongevegen med tursykkel eller terrengsykkel. Undervegs byr Lærdalsdalen på mykje historie, frå dei historiske vegane og Borgund stavkyrkje. 

Les mer …

5 gode grunnar for opphald hjå Lærdal Ferie- og Fritidspark

  • Naturopplevingar direkte ved den storslåtte Sognefjorden.
  • Utallige kultur- og fritidsmulegheiter, bl.a. i vårt nye Lærdal Showtheater. 
  • Kort veg til alle sjåverdigheiter og aktivitetar i regionen.
  • Overnatting i alle prisklasser - camping, økonomirom, leiligheiter og hytter.
  • God infrastruktur med restaurant, utleige av sportsutstyr og eigen aktivitetspark Motorikpark™ Lærdal.

Nyheiter, tilbod og sosiale media

Nyheiter

 

 Neste arrangement er under planleggjing og me oppdaterar fortløpande.

 

 > Nyheiter...

Ledige jobbar

Me søkjer servitørar, reinhaldar, resepsjonist.

 

> Ledige jobbar...

Wanderferien in Lærdal

Social Media & Vêret

Besøk og følg oss også på våre ulike sosiale media kanalar og følg med på ferievêret!

> Koble deg til!

Wanderferien in Lærdal

Vår Youtube kanal

Få dine fyrste inntrykk av Lærdal Ferie- og Fritidspark og Lærdal med Sognefjorden her!

> Vår Youtube kanal

Winter am Sognefjord

Vinter ved Sognefjorden

Også om vinteren er Lærdal og Sognefjordregionen attraktiv! Opplev vinteraktivitetar eller stillheita!

> Les meir!

Wanderferien in Lærdal

Vandreferie i Lærdal

Vandreeldoradoet Lærdal - Gled deg til ugløymelege feriedagar i naturskjønne omgjevnader ved Sognefjorden!

>Les meir!

Radurlaub in Norwegen

Sykkelferie i Norge

Tur-, racer- og terrengsykling i Lærdal ved Sognefjorden i Norge! Her byr vi på flott natur og varierte turer!

>Les meir!

BOOK VÅRE SHOW