Velkommen til Lærdal Ferie- og Fritidspark ved Sognefjorden, Norge!
Ferie, sport og rekreasjon i eit av verdas vakraste landskap!
- Sognefjordens mest komplette campingplass/ferieanlegg, motteke fleire utmerkingar!
- Stort utval i aktivitetar for barn og vaksne, godt serveringstilbod gjennom Green Norway
- Unik og sentral beliggenheit direkte ved Sognefjorden
- Kort veg til alle attraksjonar og aktivitetar i heile Sognefjordregionen og fjellområda Jotunheimen og skidestinasjonar som Hemsedal og Fillefjell
Lærdal Ferie- og Fritidspark tilbyr komplette opplevingar. Enten det er på ferie-, fritid- eller firmareise. Vi har overnatting på alle nivå, frå camping til høg standard hytter og leiligheiter, stort aktivitetsutval og godt mattilbod. I tillegg til individuelle opphald har vi kapasitet til små og store gruppearrangement både på camping, i husromma og på aktivitetar som sykkelutleige og trøbilar etc. Vår overnattingskapasitet er opptil 250 sengeplassar og 100 campingtomter.
Lærdal og området rundt oss er godt tilrettelagt for aktiv ferie som vandring, sykling, klatring, breturar, fisking og anna båtliv. Har du ikkje med utstyr til aktive opplevingar sjølv, får du leigd både syklar, trøbilar, båtar etc. på Lærdal Ferie- og Fritidspark gjennom Lærdal Sport og Rekreasjon. Elles tilbyr vi ei rekkje guida turar.
Vi har topp kulissar for maling, teikning, fotografering, faunainteresser eller berre nyte roen! Du finn eit stort antall natur- og kulturattraksjonar både i Lærdal og i området som t.d. Sognefjorden, Jostedalsbreen, Vettisfossen, Gamle Lærdalsøyri, Flåmsbana, Borgund Stavkyrkje, historiske vegar som Kongevegen over Fillefjell og "Snøvegen" over Aurlandsfjellet.
Velkomen til Lærdal og
Lærdal Ferie- og Fritidspark
- familien Aarethun -
















