Artistinfo Stars In Concert Tributeshow
The ABBA story - Thank you for the music
Agnetha - framførd av Rachel Hiew
Britiske Rachel Hiew fullførte si song og danse utdanning på «Arts Educational School» (kunstutdanningsskulen) i London, med eit Lloyd-Webber stipend. I 1990 blei ho tildelt «Best all-around student» prisen.
Gjennom sine arrangement/engasjement over heile Europa fekk ho vist sitt allsidige talent som både songar og dansar. I England har ho spelt blant anna i «Cinderella», «Aladdin», «Orpheus in the underworld» (English National Opera) og «Joy to the world» (Royal Albert Hall); I Aussterrike har ho spelt i «Shakespear & Rock`n Roll» (ein produksjon av Bernhard Kurz). I Tyskland har ho spelt blant anna i «The Musical Night S:E:T German Tour», «Grease», «Starlight Express», «Westside Story», «My Fair Lady», «Cabaret», og «Evita».
Hiew har og spelt i ei rekkje gjesteroller, som til dømes i «Phantom der Oper». I 1993 spelte Rachel Hiew i den engelske «Eastenders» i eit år, i tillegg hadde ho og andre rollar utanom. Som solo songar har ho arbeidd med cruiseskip av M.S Europa. På scena i Berlin er ho kjent som vokalist i soul bandet «power unit» og vokalist i disko bandet «DiskoInferno». Hiew spelar også rolla som «Cher», «Jennifer Lopez» og «Amy Winehouse» » på «Stars in Consert i Estrel Berlin.
Annifrid - framførd av Dominique Lacasa
Domnique Lacasa vart fødd i Berlin som dotter av spansk-tyske foreldre (musikarar). Som barn tok ho piano, gitar og ballettundervisning og fekk sin fyrste studio- og sceneerfaring i ein alder av åtte år.
Etter endt utdanning byrja ho songstudiane ved Musikkhøgskulen "Hanns Eisler" i Berlin, der ho vart uteksaminert med diplom i jazzsang. Dette vart følgd opp av mange engasjementer som songar, skodespelar og programleiar i film, TV og på scena. Dominique Lacasa turnerte som hovudperson i den musikalske produksjonen "Abbafever" gjennom Tyskland og Europa og var solist i Friedrichstadtpalast-Revue "Rhythm Berlin". Med sine eigne komposisjonar turnerer ho jamnleg med bandet sitt.
Sidan 2016 har Dominique Lacasa vore ein del av ABBA-musikalensemblet "Thank you for the music", og ho er absurd autentisk i rolla som Anni-Frid.
Benny - framførd av Jarek Jeziorowski
Jarek Jeziorowski fullførde si musikalske utdanning ved Karol Szymanowski Music Academy i Jazz, Pop, Rock Saxophone i Katowice, Polen. Sidan midten av 90-tallet har han vore allsidig i musikk- og underholdningsindustrien, og har vore fast medlem av orkesteret i Wintergarten Varieté Berlin, Savoy Dance Orchestra og Berlin Pops Orchestra samt musikalsk leiar for Witzigmann Palazzo i Hamburg og Frankfurt am Main og Schuhbeck Teatro München.
Han har vore musikar i ei rekkje kjende TV-produksjonar, show og musikalar, inkludert ulike Wintergarten Variety-show, samt i musikalen "Je-sus Christ Superstar", "Dirty Dancing" og "Behind the Horizon". Jarek Jeziorowski har jobba med storheiter som Paul Kuhn, Hugo Strasser, Joy Fleming, Bonnie Tyler og Barbara Schöneberger. Den musikalske allrounderen som han er, meistrar han ei rekkje instrumenter, og er regelmessig på turné som musikar på turnear og show til produksjonane av "Stars in Concert".
Sidan 2018 har han tatt på seg Benny sin rolle i ABBA-musikalen "Thank you for the music", og saman med "Agnetha", "Anni-Frid" og "Björn" set dei publikum attende i 70-talets glamorøse tid.
Björn - framførd av Jules Dodd
Britisk musikar som har spela blant anna med artistar som countryrockbandet Eagles, sangaren / låtskrivaren John Mayer, country-superstjerna Shania Twain og popikonet Kylie Minogue. Som stor ABBA-fan i ungdomen følgde han ABBA suksessen med stor interesse, og desto meir gler han seg no til å framføre det musikalske verket til sine idol gjennom medlem i the ABBA Story „Thank you for the music“ ensemblet. Framfor alt set gitaristen og låtskrivaren pris på tidlausheita til ABBAs musikk, for sjølv i dag er songane til dei fire svenskane høgaktuelle.
Her kan du lese meir om Stars In Concert sine tribute artistar.
Shondell Mims som Aretha Franklin
Det er den kraftige stemma som elektrifiserar publikum når Shondell Mims opptrer som "The Queen of Soul" Aretha Franklin. Som barn var ho med i gospelkor. Etter å ha studert skodespel og song i Los Angeles, deltok ho i filmproduksjonar som Whoopie Goldbergs "Sister Act ll" og Arnold Schwarzeneggers "Demolition Man" og song for TV-reklamer. Stemma hennar kan høyras på mange produksjonar, som hiten "Beachball" av Nalin & Kane, som storma inn på topp 10 på dei europeiske hitlistane på slutten av 90- talet. Vokalt meistrar amerikanaren eit breidt spekter av musikksjangre - alt i frå R&B og pop til soul, gospel, jazz og klassisk. Shondell byrja sin hyllest til den prisbelønte Aretha Franklin i 2012 i Berlin, på Stars In Concert, og har teke verda med storm.
Melissa Totten som Madonna
Melissa Totten kom på ideen om å framstå profesjonelt som "Madonna" i Chicago i 1988: Ho var på bussen til Chicago College, der ho studerte til tekstforfatter, då ein passasjer kommenterte Totten sin forbløffande likheit med "The Queen of Pop "og spørde ho der og då om ho ville opptre på eit firmaarrangement. Det var då ho innsåg at ho også kunne gjera ein karriere som dobbeltgjengar. I mellomtiden har den innfødte amerikanaran dukka opp som Madonna i ei lang rekkje produksjonar over heile verda i mer enn 20 år. Inkludert seks år i showet "Legends in Concert" i Las Vegas, og sidan 1997 har ho vore fast medlem av ensemblet på "Stars in Concert" i Berlin. Hennas visuelle og vokale perfeksjon som Madonna er fascinerande. Den dyktige og vèl gjennomførte framføringa hennar, gjer at ho lett kan forvekslast med den rette stjerna! Der ho om att og om att glir inn i Madonnas stadige skiftande personlegheitar i endring av antrekk, frisyre og utsjånad.
Totten fekk sitt store gjennombrot i rampelyset under eit cruise i 1990, der ho var ein del av den berømte rollebesetningen til Al Anthony's "Salute to the Superstars" i seks månadar.
Matt Byrne som Robbie Williams
Matt Byrne er ein av dei beste Robbie Williams skodespelarane i verda: Det er ingen som imiterer den populære og berømte songaren så godt som Matt Byrne. Han vart født i Storbritannia og fascinerte allereie i 2003 det entusiastiske publikummet med sin underhaldande og morosamme opptreden under eit fleire månadar langt engasjement på middelhavsøya Ibiza. Med sine bevegelsar, utruleg songstemme og talrike tatoveringar er han nesten meir perfekt enn originalen. Sidan 2011 har Byrne levert uforgløymelege showopptrednar på "Stars In Concert" med sangar som "Feels", "Angels" og den legendariske "Let Me Entertain You".
Koffi Missah - Michael Jackson
Koffi Missah vart født i London. Han har turnerte i heile Europa, sunget på ei rekkje reklamefilmar, inkludert Coca Cola, jobba med Billy Ocean og hatt hovudrollen som Rusty i Starlight Express (London). Det var her han også møtte Michael Jackson. Seinere spelte han rollen som Electra i det same showet då det gjekk i Bochum. Deretter fortsatte han med å spele i rolller som Ritchie Valens i Buddy Holly, Victor i Smokey Joes Cafe (London) og Rum Tum Tugger i Cats (London/ Hamburg). Nyleg spelte Koffi hovudrollen i YMA, hitshowet som gjekk på Friedrichstadt Palast i Berlin. Han har også opptredt i "Show Me" og "Simply the Best - Tina Turner Story".
Coco (Dorothea) Fletcher som Tina Turner
Då Coco vaks opp i Alabama / USA med songane til dei store jazz- og blues -songarane, bestemde ho seg tidleg for å vie seg heilt til musikk. Etter mange klubboppvisningar feira ho sine fyrste suksessar i Las Vegas: der dukka ho opp med soul-storheiter som The Platters, Bobby Womack og Millie Jackson og sang i showa "Legends in Concert" og "American Superstars". So starta Europaeventyret. Sidan 1997 har ho vore ein del av rollebesetninga i det internasjonalt berømde dobbeltgjengarshowet "Stars in Concert" på Estrel Hotel Berlin.
Eit av høgdepunkta i karriera var ein duett med Jermaine Jackson (Jackson Five). I 1999 fekk ho hovedrolla i "Elements" og i "Jingle Bells" på Friedrichstadtpalast i Berlin. Vi garanterer eit forrykande profft show med Coco i spissen!
Boney M
David Junior Serame
David Junior Serame vart født i London, og fekk i tidleg alder interesse for musikk, ettersom far hass hadde stor suksess i England med musikalane "Show Boat" og "Porgy and Bess". Og det var frå far den store draumen om å stå på scena, vart vidareførd til son. Etter at familien slo seg ned i Hamburg, Tyskland, vart David medlem av African Heritage Gospel Choir og turnerte rundt i Europa med dei i mange år. I løpet av desse åra blei vokaltreninga og hass musikalske repertoar ytterligare foredla av blues-, soul-, jazz- og gospelsangerinna Audrey Motaung. Frå 2000 etablerte David seg i heile Tyskland som bakgrunnssongar og dansar for ulike tyske og internasjonale pop- og soul artistar. David vart seinare medlem av gruppa "The Jet Set", som i 2007 representerte Polen i Eurovision Song Contest. I åra etterpå oppnådde bandet gullstatus med fleire singlar. Etter han kom tilbake til Tyskland i 2009, har han jobba som songar og entertainer for ei rekkje galla- og partyband i Tyskland og internasjonalt, deriblandt Chris Genteman Group, Inter-Jam, Smashdabup, JJFetzerandfriends, Jam Tonic og mange fleire.
Sharlie Pryce
Sharlie er født i London, og har studert dans, song og skodespel i Göteborg og London. Hennar største og mest kjende engasjementer inkluderar "Cats" på Hamburg Operettenhaus og "Porgy & Bess" på Theatre des Westens Berlin. I fleire år har ho våre medlem av ensemblet "Stars In Concert", der ho i tillegg til arbeidet som bakgrunssangar i "Elvis - Das Musical" også har jobba som som songar i "Stars In Concert" produksjonen "Ein hyllest til Boney M". Sharlie er også aktiv forfattar og skreiv romanen "Salome" saman med Jade Valor. Ho jobber for tida med sin første bok i serien "Shudan Rising".
Shondell Mims
Den kraftige stemma elektrifiserar publikum når Shondell Mims opptret på scena. Som barn var ho også med i gospelkor. Etter å ha studert skodespel og sang i Los Angeles, deltok ho i filmproduksjonar som Whoopie Goldbergs "Sister Act ll" og Arnold Schwarzeneggers "Demolition Man" og sang sangar for TV-reklamar. Stemma hennar kan høyras på mange produksjonar som blant anna hitten "Beachball" av Nalin & Kane, som storma inn på topp 10 på dei europeiske hitlistane på slutten av 90-talet. Vokalt meistrar ho eit breidt spekter av musikksjangre - Alt i frå R&B og pop til soul, gospel og jazz til klassisk - eit talent som ho har vert i stand til å demonstrera i ei rekkje engasjementer og opptredenar over heile verda. Shondell byrja sitt arbeid på Stars In Concert, Berlin i 2012.
Coco Dorothea Fletcher
Då Coco vaks opp i Alabama/ USA med songane til dei store jazz- blues- songarane, bestemde ho seg tidleg for å vie seg heilt til musikk. Etter mange klubboppvisningar feira ho sine fyrste suksessar i Las Vegas: der dukka ho opp med soul-storheiter som The Platters, Bobby Womack og Millie Jackson og sang i showa "Legends In Concert" og "American Superstars". So starta Europaeventyret. Sidan 1997 har ho vore ein del av rollebesetninga i det internasjonale berømde dobbeltgjengarshowet "Stars In Concert" på Estrel Hotel i Berlin. Eit av høgdepunkta i karriera var ein duett med Jermaine Jackson (Jackson Five). I 1999 fekk ho hovedrolla i "Elements" og i "Jingle Bells" på Friedrichstadtpalast i Berlin.