THANK YOU FOR THE MUSIC - THE ABBA STORY
26. SEPTEMBER 2026
Klar for ei reisa tilbake til 70-talet si glitrande verd?
"Thank You for the Music - The ABBA Story", kjem til Lærdal i nytt oppsett. Showet der klassikarane me kjenner, som "Waterloo", "Mamma Mia", "Dancing Queen" og "Take a Chance On Me" møter ABBA sine nye tilskot på låtlista, som "Don`t Shut Me Down" og "I Still Have Faith in You".
I løpet av to fengande timar, gjenopplev me historia til det ikoniske bandet. Frå deira fyrste steg inn i rampelyset, vidare gjennom triumferande suksessar, og nokon emosjonelle nedturar.
Som Agnetha og Anni-Frid, kjem Rachel Hiew og Corinne Townsend, og som Benny og Bjørn, kjem Jarek Jeziorowski og Jules Dodd. Saman med deira autentisitet og talent, vekker dei ABBA-magien til liv på scena ✨
Showprodusent Bernhard Kurz, blei tildelt prisen "Beste produsent" for "Thank You for the Music - The ABBA Story", under Real Awards-seremonien i Las Vegas i 2020. Showet har vore framførd tusentals gonger, med stor suksess på Estrel Berlin, samt ei rekkje scener i inn- og utland, som Italia, Austerrike, England, Spania, Hellas, USA og Kuwait. I Noreg har dei tidlegare kun stått på scena i vårt Lærdal Showtheater.
Bli med og opplev denna heilt spesielle hyllesten til ABBA og musikken deira.
⭐⭐⭐
Ver obs på at det vert kun eitt oppsett av detta showet, og at det er under haustmarknaden i Lærdal. Me anbefalar difor at du er tidleg ute med bestillinga di 😉
Book billettar nedanfor!
Treng du overnatting og mat, send oss ein mail til: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Priseksempel showpakke for 2 personar inkl. overnatting i din eigen bubil eller campingvogn fredag til søndag inkl. show laurdag frå kr. 1.950,-

