Den gamle trehusbusetninga Gamle Lærdalsøyri

„161 smaa hus tæt sammen....“ – slik beskreiv Biskop Pontoppidan den gamle trehusbusetninga Lærdalsøyri på ei reise gjennom Lærdal i 1749. Til omkring 1860 opplevde handel og trafikk ei blomstringstid på Lærdalsøyri og var eit knutepunkt mellom aust- og vest Norge.

 

”161 smaa hus tæt til sammen....” slik såg biskop Pontoppidan Lærdalsøyri på ei reise gjennom Lærdal i 1749.
Mykje av bebyggelsen står som den sto den gongen. Husa har halde seg godt, og det kan vel koma seg av det turre klimaet me har her, som har den minste årsnedbøren på Vestlandet. Området omfattar eit bygningsmiljø med 170 verna bygningar. Du kan vandra inn i historien i dei smale gatene, og drøyma deg vekk om korleis livet var for strandsitjarane på Lærdalsøyri, fleire hundre år tilbake i tid.
Den gamle jektehamna, som har fått namnet Løytnantsbryggja, har attståande 7 av dei 9 orginale bygningane som sto oppført der. Det er verkeleg eit syn for auga når bilete speglar seg i vatnet. Bryggja er oppattkalla etter Løytnant Hans Lem, som utmerka seg under svenskekrigen 1807-09. Han var busett på Årdalstangen, men når det var eksis på Lærdalsøyri om sommaren, måtte han vera med.

Då budde han på løytnantsloftet, overetasjen i eit av nausta.

 

Ei soga fortel detta om lærdølene i Lærdalske lette infanteri-kompagni, som var i følgje med løytnanten i svenskekrigen; Då dei kom til svenskegrensa, og partane skulle gå til angrep på kvarandre, vart lærdølene svært ivrige. Dei ropa og gaula til kvarandre på sognamål, for å kommunisera og hjelpa kvarandre som best var. Svenskane hadde aldri høyrt slikt mål før, og vart redde for lærdølene. Dei trudde rett og slett dei var galne, og av skumlaste sort. Svenskane snudde på hèlen, og rømde attende til Sverige.


Men lærdølene har ikkje berre ei livsreddande dialekt å by på. Gamlegata held fortsatt susen i det historiske området. Dei gamle krambuene ligg som perler på ei snor, og har sal av variert utval. Økologisk og lokalt i gamle Lindstrømbui, som no går under namnet Smak av Sogn. Det finst diverse pynt, souvenirar og bruksting, samt noko for dei minste. Eller du kan nyta ein kopp kaffi, i litt andre omgjevnadar enn vanleg. Du kan gå på galleri, eller sjå kommunikasjonsutviklingen i post- og telemuseet.
Her er historiar bak kvart hushjørna, segner under kvar stein, og eventyr i kvar fjellside. Med andre ord,-vel verdt å få med seg.

 

Idag har Gamle Lærdalsøyri bevaringsstatus og du finn det trivelege bygningsmiljøet berre

400 meter frå ferieparken. 

 

 

 

 Bedehuset1.jpgLFFkartsentrum.jpgLaerdalAltstadt2.jpg

 

5 gode grunnar for opphald hjå Lærdal Ferie- og Fritidspark

  • Naturopplevingar direkte ved den storslåtte Sognefjorden.
  • Utallige kultur- og fritidsmulegheiter, bl.a. i vårt nye Lærdal Showtheater. 
  • Kort veg til alle sjåverdigheiter og aktivitetar i regionen.
  • Overnatting i alle prisklasser - camping, økonomirom, leiligheiter og hytter.
  • God infrastruktur med restaurant, utleige av sportsutstyr og eigen aktivitetspark Motorikpark™ Lærdal.

Nyheiter, tilbod og sosiale media

Nyheiter

Elvis - The Musical

og Lyse dagar

25.-27. april

 

> Nyheiter...

Ledige jobbar

Me søkjer servitørar, reinhaldar, resepsjonist.

 

> Ledige jobbar...

Wanderferien in Lærdal

Social Media & Vêret

Besøk og følg oss også på våre ulike sosiale media kanalar og følg med på ferievêret!

> Koble deg til!

Wanderferien in Lærdal

Vår Youtube kanal

Få dine fyrste inntrykk av Lærdal Ferie- og Fritidspark og Lærdal med Sognefjorden her!

> Vår Youtube kanal

Winter am Sognefjord

Vinter ved Sognefjorden

Også om vinteren er Lærdal og Sognefjordregionen attraktiv! Opplev vinteraktivitetar eller stillheita!

> Les meir!

Wanderferien in Lærdal

Vandreferie i Lærdal

Vandreeldoradoet Lærdal - Gled deg til ugløymelege feriedagar i naturskjønne omgjevnader ved Sognefjorden!

>Les meir!

Radurlaub in Norwegen

Sykkelferie i Norge

Tur-, racer- og terrengsykling i Lærdal ved Sognefjorden i Norge! Her byr vi på flott natur og varierte turer!

>Les meir!

BOOK VÅRE SHOW