Lokalmat tradisjonar i Lærdal og Sogn
Hjå lokale gardsutsalg og landhandel i Lærdal får du kjøpt lokale matspesialitetar og varer produsert i bygda og i regionen, t.d. geitost, Gamalost, flatbrød, lefsekling, røykelaks, hjortekjøt, moreller, bringebær, jordbær og grønnsaker som poteter, gulrøter, rosenkål etc.
Lokale mattradisjonar i Lærdal og Sogn.
Med fokus på både kortreist og økologisk mat, har Lærdal mykje å by på.
Her er det meste å få kjøpt hjå lokale gardsutsal, landhandel eller i eigen avdeling på butikken.
Frå Lærdal er utvalet av grønsaker, frukt og bær stort og variert. Blandt anna kan me nemna bringebæra ”Lærdals beste”, som vann finalen i Det norske måltid 2018.
Lærdalspotetene nyttar òg godt av det rike jordsmonnet me har her, og er lika populære hjå lokalbefolkningen, som utanbygds og forbifarande.
Det siste tilskotet blandt dei rike fruktstammane, er aprikosen. Det visar seg at den kan dyrkast her, og er forhåpentlegvis komen for å bli.
Spesielt er Lærdalsklingen, og rømmegraut frå Lærdal. Der skilnaden frå andre, er små justeringar i ingrediensane og framgongsmåten.
Og ettersom lefseklingbaking er ein kunst i seg sjølv, er det framleis tilbod om kurs i det.
Ein anna graut som har sitt opphav frå Lærdal, er Frigardsgrauten. Kokt på spelt og havremjølk og toppa med bringebæris, sjølvsagt frå Lærdalsbær.
Andre varer som gamalost, flatbrød,fruktsider, spekemat, sognalam,samt laks i ulike variantar, vert seld i eigne avdelingar på butikken, både på Lærdalsøyri og på Borgund.
Lærdal og Sogn har som så mange andre stadar, lange tradisjonar på matkultur. Og frå nærområdet vårt kan me henta kortreist, lokalprodusert mat. Av nokon kan me nemna dessa;
I stølsysteriet i Underdal vert det laga brun og kvit geitost, samt sognakvitosten. Dei kvite ostane har ulike mogningsgradar, og alle tilberedt på tradisjonelt vis.
Frå nabokommunane Årdal og Flåm, kan me freista med øl frå eigne bryggeri, Tya og Ægir. Tya har pr dags dato, 25 øltypar å velgja mellom. Medan Ægir har 42 typar, deriblant ” Lærdøl” som er tilsett juice frå søte Lærdalsmoreller. Her er garantert noko for einkvar smak.
Balholm frå Balestrand, produserar økologisk juice, cider og fruktvin. I 2018 mottok dei Matprisen, for Årets produsent.
Haugen gardsmat held til i Flåm, og produserar mat tufta på tradisjon, kvalitet og naturen kring oss. Dei leverar kjøt frå lam, villhjort, rein, gris, storfe og kje. I 2018 vann dei NM i spekemat.