Kommunikasjon- og veghistorie

Gled deg til ein ugløymeleg historisk togtur med den historiske Flåmsbana eller opplev dei spanande historiske vegane i Lærdal, som Kongevegen over Fillefjell, „... den farlegaste veg som finst her til lands“ - sa biskop Pontoppidan etter ei reise gjennom Lærdal i 1749. Lett å finne over E-16, ca 4 km vest (retning Lærdal) frå Borgund Stavkyrkje, eller ca. 20 km frå ferieparken, følg skiltinga med "Historisk rute".

 

 

Kongevegen

Sidan menneskja byrja busetta seg i landet, har Filefjell vore den mest nytta ferdselsåra mellom aust og vest i Sør-Noreg. Frå mellomalderen kjenner me dei mange kongeferdane over Filefjell, og dei gamle sagakongane rei over her. Vegen har vorte lagt om og endra fleire gonger ettersom den var blandt dei mest vanskelege og farligaste rutene i landet. Med start i Oslo, den gong Christiania, held den fram til Hønefoss og Valdres, og over Filefjell. På vestsida av fjellet endar vegen på Lærdalsøyri. Skal ein følgja gamleruta vidare, vert det med båt til Bergen. Det er etablert ein 10 mil lang turveg langs Kongevegen. Den går mellom Vang i Valdres i aust, og Lærdalsøyri i vest. Vegen har bytt namn fyrst frå Bergenske hovudvej, så til Riksveg 60, deretter E 68, og til i dag E 16. Ikkje berre tek denne ruta deg gjennom noko av det vakraset landskapet i Noreg, men med på kjøpet får du ei ubeskriveleg reisa i historien. Kongevegen over Filefjell fekk i 2017 EU sin viktigaste kulturminnepris, Europa Nostra prisen. I tillegg vart Kongevegen nummer to i avrøystinga om den store publikumsprisen, der folk frå heile Europa deltok. I 2015 fekk Kongevegen over Filefjell ”Vegdirektørens pris”, ogso kalla ”Vakre vegars pris”

 

Lærdalstunnelen

Ca 6 km frå Lærdal ferie-og fritidspark, ligg verdas lengste vegtunnel. 24 509 m veg, med 3 separate og opplyste hallar, som skal gje inntrykk av soloppgong og å vera ute i dagslys. Utforminga av tunnelen tek hensyn til den psykiske belastningen det kan vera for førarane å køyra gjennom fjellet, som tek omlag 20 min. Lærdalstunnelen var siste ledd i ein vintersikker forbindelse mellom Oslo-Bergen. Ein tunnel utan om det vanlege, med høg popularitet for biletetaking midt inni fjellet.

 

Flåmsbana

Frå høgfjellsstasjonen Myrdal på Bergensbana, ned til Flåm stasjon, innerst i Aurlandsfjorden. Flåmsbana er ei av verdas brattaste jernbanestrekk på normale spor. Den 20 m lange strekningen har ein høgdeforskjell på heile 866 m, noko som gjev ein stigning på ein meter per 18 m. Denne utrulege togreisa er truleg ei av Noregs viktigaste og mest spektakulære turistattraskjonar, og vart i 2014 kåra til verdas vakraste togreisa av the Lonely Planet. Ein tur med Flåmsbana kan kombinerast med vandring eller sykkeltur langs Rallarvegen.

 

Snøvegen

Over Aurlandsfjellet går populære ”Snøvegen”. Den vart opna i 1967, og starten for vegen slik den er i dag, var ein anleggsveg. Vegen går frå Lærdalsøyri til Aurlandsvangen over fjellet og har eit toppunkt på 1306 meter over havet. Den ettertrakta vegen er vinterstengt, og sommarstid ligg det fortsatt att mykje snø i fjellet, derav namnet. Ein fantastisk køyretur i begeistrande omgjevnadar, som du seint vil gløyma. Og om ynskjeleg kan det gjerast til ein rundtur og ta Lærdalstunnelen tilbake.

 

Nasjonale turistvegar

To vegar i Sogn og Fjordane har status som nasjonal turistveg. Fylkesveg 55 frå Fossbergom i Lom til Gaupne i Luster, utgjer Nasjonal turistveg Sognefjellet. Fylkesveg 258 over Strynefjellet utgjer Nasjonal turistveg i Gamle Strynefjellsvegen.

 

 

Kongevegen-Vindhella.jpgLaerdal-Valley-Vinter.jpgLaerdal-Valley.jpg

 

5 gode grunnar for opphald hjå Lærdal Ferie- og Fritidspark

  • Naturopplevingar direkte ved den storslåtte Sognefjorden.
  • Utallige kultur- og fritidsmulegheiter, bl.a. i vårt nye Lærdal Showtheater. 
  • Kort veg til alle sjåverdigheiter og aktivitetar i regionen.
  • Overnatting i alle prisklasser - camping, økonomirom, leiligheiter og hytter.
  • God infrastruktur med restaurant, utleige av sportsutstyr og eigen aktivitetspark Motorikpark™ Lærdal.

Nyheiter, tilbod og sosiale media

Nyheiter

Elvis - The Musical

og Lyse dagar

25.-27. april

 

> Nyheiter...

Ledige jobbar

Me søkjer servitørar, reinhaldar, resepsjonist.

 

> Ledige jobbar...

Wanderferien in Lærdal

Social Media & Vêret

Besøk og følg oss også på våre ulike sosiale media kanalar og følg med på ferievêret!

> Koble deg til!

Wanderferien in Lærdal

Vår Youtube kanal

Få dine fyrste inntrykk av Lærdal Ferie- og Fritidspark og Lærdal med Sognefjorden her!

> Vår Youtube kanal

Winter am Sognefjord

Vinter ved Sognefjorden

Også om vinteren er Lærdal og Sognefjordregionen attraktiv! Opplev vinteraktivitetar eller stillheita!

> Les meir!

Wanderferien in Lærdal

Vandreferie i Lærdal

Vandreeldoradoet Lærdal - Gled deg til ugløymelege feriedagar i naturskjønne omgjevnader ved Sognefjorden!

>Les meir!

Radurlaub in Norwegen

Sykkelferie i Norge

Tur-, racer- og terrengsykling i Lærdal ved Sognefjorden i Norge! Her byr vi på flott natur og varierte turer!

>Les meir!

BOOK VÅRE SHOW