I`m a Soulman - A tribute to the Blues Brothers

05.-07. MAI 2022

 

KJØP BILLETTER HER!

bluesbrothers teaser 1240 

 

 

"I'm a Soul Man" Ein hyllest til Blues Brothers

 

Dette musikalske komedieshowet «I'm a Soul Man» A Tribute to the Blues Brothers er basert på kultfilmane «The Blues Brothers» og «Blues Brothers 2000». Det byr på mykje action, mykje humor og framfor alt mykje musikk med alle hitane frå Everybody Needs Somebody To Love, til Soul Man - presentert av den fartsfylte duoen Chris og Geoff Dahl som dei ikoniske karakterane Jake og Elwood.
Svarte dressar, svarte hattar og svarte solbriller,- dei to kanadiske artistane, som også er brødre i det verkelege liv, lignar ikkje berre sine forbilder visuelt ned til minste detalj, men musikalsk sett er dei på ingen måte dårlegare enn ekte musikklegendar. I det to timar lange liveshowet kan brødrene Dahl demonstrera alle sine ferdigheiter som begava songarar og musikarar. Med seg i sine blues-, soul-, R&B- og rock'n'roll-nummer, har dei eit liveband og spenstige dansarar. Showet vert dermed ein konsert på høgaste nivå.
Som i filmen, inneheld showet gjesterollar av legendariske soulmusikarar som «Aretha Franklin». Bluesfans kan også sjå fram til mange fleire kjende scener fra kultfilmane.
Ideen om å bringa sitt eige show på scena med Dahl-brødrene oppsto som eit resultat av publikums positive respons på deira vanlege opptredenar som ein av fem akter på live-showet "Stars in Concert" på Estrel Show-teateret. Dei to artistane, som har stått på internasjonale scener som «Soul Brothers» i mange år, er for lengst blitt publikumsfavorittar.
Som produsent Bernhard Kurz seier:
”Tilskodarane er ville av begeistring over presentasjon deira, så det var tydeleg at dei begge trengde sitt eige show!”

 

Er du ikkje overbevist enno, sjå videoteaser HER:

 

Im a Soul Man A Tribute to The Blues Brothers

 

  

estrel bluesbrothers dahl016 1240 estrel sic bluesbrothers 00 01

 estrel sic bluesbrothers 10 1240  estrel sic bluesbrothers 03 1240

 

 

 Gjesteopptreden: Monika Lewis-Schmidt som Aretha Franklin

 

Monica Lewis-Schmidt kjem frå Ohio/USA og er kjend over heile verda som songar i store musikk- og teaterproduksjonar, inkludert Porgy and Bess, Vanqui, The Life Story of Mahalia Jackson og Westside Story. Monica Lewis-Schmidt har dukka opp som solist i New York og Berlin Philharmonics.  Ho har spelt rolla som Motormouth Maybelle i musikalen Hairspray, turnert med Sara Connor, stått på operascener i Berlin, Wien, Helsinki og Noreg, kor på Mariah Carey sin julespesial -All I want for Christmas is you, og ho var kordame for eit fullsett fotballstadion under opninga av fifa world cup 2006 med ingen ringare enn Shakira og Wyclif Jean! I 2018 begeistra Monica Lewis-Schmidt juryen i «The Voice of Germany» med sin framføring av Aretha Franklins «Respect». Og det er som Aretha Franklin ho skal opptre saman med Blues Brothers.

 

Sjå ein smakebit her henta frå Youtube - "The Voice of Germany" - Offisiell.

 

Monica Lewis Schmidt

 

Monica L S Aretha Franklin     monica schmidt fotobox aretha franklin

 

For dei som ynskjer matservering før show, kan me tilby:

Middag (laks) + dessert og kaffe, kr. 295,-
Middag (svinefilet) + dessert og kaffe, kr. 295,-

 

                                          IMG 20220330 WA0001                     IMG 20220329 WA0000 1                    

 

 

 

Les meir om og sjå videosnuttar om våre andre show i år:

2.- 4. juni: ABBA & Boney M - A Tribute to ABBA & Boney M      
4.-6. august: All You Need Is Love - The Beatles Musical
22.-24. september: It`s All Musical
17.-19. november: Stars In Concert Christmas Special

 

 

 

 

5 gode grunnar for opphald hjå Lærdal Ferie- og Fritidspark

  • Naturopplevingar direkte ved den storslåtte Sognefjorden.
  • Utallige kultur- og fritidsmulegheiter, bl.a. i vårt nye Lærdal Showtheater. 
  • Kort veg til alle sjåverdigheiter og aktivitetar i regionen.
  • Overnatting i alle prisklasser - camping, økonomirom, leiligheiter og hytter.
  • God infrastruktur med restaurant, utleige av sportsutstyr og eigen aktivitetspark Motorikpark™ Lærdal.

Nyheiter, tilbod og sosiale media

Nyheiter

Elvis - The Musical

og Lyse dagar

25.-27. april

 

> Nyheiter...

Ledige jobbar

Me søkjer servitørar, reinhaldar, resepsjonist.

 

> Ledige jobbar...

Wanderferien in Lærdal

Social Media & Vêret

Besøk og følg oss også på våre ulike sosiale media kanalar og følg med på ferievêret!

> Koble deg til!

Wanderferien in Lærdal

Vår Youtube kanal

Få dine fyrste inntrykk av Lærdal Ferie- og Fritidspark og Lærdal med Sognefjorden her!

> Vår Youtube kanal

Winter am Sognefjord

Vinter ved Sognefjorden

Også om vinteren er Lærdal og Sognefjordregionen attraktiv! Opplev vinteraktivitetar eller stillheita!

> Les meir!

Wanderferien in Lærdal

Vandreferie i Lærdal

Vandreeldoradoet Lærdal - Gled deg til ugløymelege feriedagar i naturskjønne omgjevnader ved Sognefjorden!

>Les meir!

Radurlaub in Norwegen

Sykkelferie i Norge

Tur-, racer- og terrengsykling i Lærdal ved Sognefjorden i Norge! Her byr vi på flott natur og varierte turer!

>Les meir!

BOOK VÅRE SHOW