All you need is love - The Beatles musical

04.-06. AUGUST 2022

 

Billettar får du kjøpt HER! Eller i resepsjonen.

Her ein liten smakebit, sjå videotraileren her! Meir info om dei dyktige renommerte artistane kan du lese nedanfor!

bilde beatles trailer    

 All You Need Is Love! - The Beatles Musical

 

Fornamna John, Paul, Ringo og George åleine er nok til at me veit kven det er snakk om, nemleg Beatles! 50 år har gått sidan desse legendane spelte saman, og songane deira er for lengst vorte klassikarar.
Beatles-musikalen "All you need is love!" fortel historia, alt frå deira musikalske start, til deira siste konsert på taket på eit forretningsbygg i London.

I produsent Bernhard Kurz sitt show, er det ikkje originalane som dukkar opp, men den perfekt koordinerte kvartetten «Twist & Shout» med Howard Arthur, Alan LeBoef, John Brosnan og Carmine Grippo. Kledd i like drakter og med den lett gjenkjennande hårfrisyren gjev Beatles-skodespelarane eit visuelt inntrykk av at det er John, Paul, George og Ringo som faktisk står på scena. Artistene syng live og kjensla av at det er rette Beatles oppstår med ein gong karakterane entrar scena.
I to akter kan me gjenoppleva nokon av dei viktigaste stundene til ei av dei mest kjende gruppene i verda.

Alt i alt spelast meir enn 30 songar, bl.a. «I want to hold your hand», «Love me do», «Help», «Yesterday», «Come together» og «Hey Jude» , alle klassikarar og store hits. Originale opptak av bandet rullar på storskjerm på begge sider av scena, og i tillegg vert karriera deira gjenfortald i små episoder.

I starten ser me korleis Beatles erobra sitt publikum, og det som vart starten på ein makalus karriere.
Etterkvart tok Brian Epstein over ledelsen av bandet og dei får sitt store gjennombrot.
Til slutt kjem dei seg inn på dei amerikanske hitlistene og landar som nummer 1 med «I want to hold your hand.»
Me får vidare sjå når Beatlemania bryter ut og når deira amerikanske turné utløyser ei bølgja av entusiasme. Opptredenar på The Ed Sullivan Show fører til rekordar. Men Beatles står ikkje stille, musikken deira endrar seg stadig. I 1967 vart albumet "Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club» til. Det vart ei plata som forma pop- og rockemusikk til noko utan like. Suksesshistoria slutter i 1969: Beatles spelar saman ei siste gong, live på taket av eit kontorbygg i London. Kort tid seinare vil oppløysinga av Beatles bli annonsert.

Med sin hyllest til The Beatles ynskjer produsent Bernhard Kurz å gje sitt publikum «ein musikalsk biografi om tidenes største band».
Meir enn 50 år etter at bandet braut opp, 40 år etter John Lennons tragiske død og fire år etter tapet av George Harrison, kan me framleis kjenna gløden. Og med dette showet ynskjer me de skal få gjenoppleva noko av atmosfæra som Beatles fengsla massene med på den tida.
«All you need is love!» har allereie gleda publikum på gjesteopptredenar i Australia, New Zealand, USA, Kina, Sveits og i Hamburg, WeststadtHalle Essen, på Seebühne am Chiemsee og i Estrel Berlin, Europas største hotell-, kongress- og underholdningssenter. Og no Noreg og Lærdal!      

 

 

 

  beatlesmusical 13                     estrel beatles03

 


Twist and Shout “Originalbandet fra Las Vegas”:


Når Beatles-revivalbandet “Twist & Shout” entrar scena, blir publikum teke med på ei reisa tilbake til 1960 talet – til ei tid då musikken tok ei ny vending, til det fyrste massehysteriet av kvinnelege fans og tida for det antiautoritære opprøret.
Når Alan LeBoeuf som Paul McCartney, Howard Arthur som John Lennon, Carmine Grippo som Ringo Starr og John Brosnan som George Harrison synger klassikarar som ”Yesterday”, ”Hey Jude”, ”Help” og ”Love me do”, får ein kjensla av at det faktisk er originalane som står på scena.

 

 

 

Alan LeBoeuf som Paul McCartney

 

Paul


Alan er opprinneleg fra New Jersey, der han gjekk på Rutgers University før han fekk ei karriera i Show Business. LeBoeuf er songar, skodespelar, låtskrivar og bassist. Hass fyrste store suksess var rolla i Broadway-showet ”Beatlemania” der han opptredte som Paul McCartney. Etter to år på Broadway flytta han til Nashville, der han danna bandet ”Baillie and the Boys” med sine dåvèrande kollegaer Michael Bonagura og Kathie Ballie. Bandet fekk ein platekontrakt og hadde umiddelbart 7 topp ti hits på countrylistene. Etter to vellykka album forlot han bandet for å turnera med showa ”Legends in Concert” og ”Beatlemania”. Han var òg ofta til stades på tv- skjermen, til dømes i ”the Nashville Network” og forskjellige nasjonale reklamfilmar. Alan vert omtalt som låtskrivar og har vore bakgrunnssongar for forskjellige band som ”The Ramones”. Han har vore studiomusikar for mange produksjonar og stått på scena som Paul McCartney i ulike produksjonar inkludert ”Classical Mystery Tour” og ”All you need is love!”. Seinare flytta han tilbake til New Jersey, der han slo seg ned med familien sin, sjølv om ha framleis er å finna på turnè.

 

 

Howard Arthur som John Lennon

 

Lennon


Arthur er høgt respektert i musikkverda, spesielt for sitt talent på gitar og piano, men òg for sine utmerka song og låtskrivingsevner. Gjennom åra har Howard jobba med forskjellige storheiter innan jazz, som Joe Sample og David Sanborn. Han har 2 soloalbum bak seg, spelt konsertar og hatt gjesteopptredenar med blandt andre: Glenn Frey, John Oates og Buddy Miles. Samt har han turnert i pit-band med Broadway-show som Showboat og Oklahoma.

 

John Brosnan som George Harrison

 

G Harrison


Brosnans største forbilde innan musikk er George Harrison. Då er det ikkje rart at John Brosnan glir rett inn i rolla som gitarist på ”All you need is Love!”. Brosnan er født i Irland, men bur og jobbar i London. Brosnan spelar òg i andre band som ”The Corporation” og har allereie kome seg inn på top 100 på dei amerikanske hitlistene. Og tykkjer du likheita treff med ein annan Brosnan, så har du heilt rett. John er nemleg i slekt med James Bond skodespelaren Pierce Brosnan.

 

 

Carmine Francis Grippo som Ringo Starr

 

Ringo

 


Carmine Francis Grippo er født i New Haven, (Connecticut), og bur i dag både i hjembyen og i Los Angeles. Grippo er både skodespelar og musikar, og har ofte dukka opp på tv-skjermen gjennom ulike seriar og filmar som ”Tom Arnold Show”, ”Evening Shade”, ”Waynes World ll” og ”The last man standing”. Carming spelte fyrste gong som Beatles trommeslagar Ringo Starr då han blei rollebesett på NBCs tv serie Dark Skies med bandet The Moptops. Sidan den gong har Carmine turnert verda rundt med forskjellige Beatles produksjonar, deriblandt Japan, Italia, Frankrike, Tyskland, Storbritannia, Kina, Australia, Ukraina, New Zealand og over heile USA. Hass tv-opptredenar inkluderar The Evening Shade, Cheers, The Jackie Thomas Show, Dark Skies, Beverly Hills 90210, E Chanel, Good Day L.A, Good Morning America og The Tonight Show. Carmine har framførd og skrevet songar med artistar som Gene Simmions (Kiss), Mickey Dolenz (Monkees), Brain Johnson (AC/DC), Brian Howe (Bad Company), Neil Innis (The Rutles/ Monthy Python) og Greg Philingaines.

 

 

 

Nicolai Tegeler som Roadie

 

Roadie Nicolai


Nicolai Tegeler er født i Berlin, og fullførde i 2003 skodespelarstudiane ved Fritz Kirchhoff dramaskule. I tillegg til roller på scena som Maxim Gorki Theatre i Berlin, Theater Magdeburg, Kabaretteatret ”Die Stachelschweine” og Hansa Theatre i Berlin, deltok han i mange film og tv-produksjonar som ”Der Tunnel”, ”Alarm fur Cobra 11”, Praxis Bulowbogen og filmen ”Drei Stern Rot”.
I dag jobber Nicolai Tegeler hovudsakeleg som frilansskodespelar og har gjort mange gjesteopptredenar på BKA Theatre i Berlin. Nicolai Tegler produserar eigne kortfilmar og nettseriar, skriver manus og har eige produksjonsselskap. I ”All You Need Is Love” har han rolla som roadie og guidar publikum gjennom livet til Fab Four.

 

 

Kenneth Iain Duncan som Tony Sheridan & Brian Epstein

 

Tony Sheridan Bri Epstein


Iain Duncan er født i Berlin som son av skotske immigrantar. Han oppdaga tidleg lidenskapen for musikk og scenakunst i ein alder av 4 år, då han fekk sine fyrste pianotimar. Etter kvart blei gitaren hass hovudinstrument og etter vidaregåande spelte han med forskjellige rocke og popband over heile Europa og Japan. Han dukka blant anna opp på festivaler som ”Rock am Ring” og ”Rock im Park”. I tillegg til arbeidet som låtskrivar og studiomusikar er Iain Duncan no instrumentalist og skodespelar i Beatles musikalen ”All you need is love”

 

5 gode grunnar for opphald hjå Lærdal Ferie- og Fritidspark

  • Naturopplevingar direkte ved den storslåtte Sognefjorden.
  • Utallige kultur- og fritidsmulegheiter, bl.a. i vårt nye Lærdal Showtheater. 
  • Kort veg til alle sjåverdigheiter og aktivitetar i regionen.
  • Overnatting i alle prisklasser - camping, økonomirom, leiligheiter og hytter.
  • God infrastruktur med restaurant, utleige av sportsutstyr og eigen aktivitetspark Motorikpark™ Lærdal.

Nyheiter, tilbod og sosiale media

Nyheiter

Elvis - The Musical

og Lyse dagar

25.-27. april

 

> Nyheiter...

Ledige jobbar

Me søkjer servitørar, reinhaldar, resepsjonist.

 

> Ledige jobbar...

Wanderferien in Lærdal

Social Media & Vêret

Besøk og følg oss også på våre ulike sosiale media kanalar og følg med på ferievêret!

> Koble deg til!

Wanderferien in Lærdal

Vår Youtube kanal

Få dine fyrste inntrykk av Lærdal Ferie- og Fritidspark og Lærdal med Sognefjorden her!

> Vår Youtube kanal

Winter am Sognefjord

Vinter ved Sognefjorden

Også om vinteren er Lærdal og Sognefjordregionen attraktiv! Opplev vinteraktivitetar eller stillheita!

> Les meir!

Wanderferien in Lærdal

Vandreferie i Lærdal

Vandreeldoradoet Lærdal - Gled deg til ugløymelege feriedagar i naturskjønne omgjevnader ved Sognefjorden!

>Les meir!

Radurlaub in Norwegen

Sykkelferie i Norge

Tur-, racer- og terrengsykling i Lærdal ved Sognefjorden i Norge! Her byr vi på flott natur og varierte turer!

>Les meir!

BOOK VÅRE SHOW