Skøyteløp
Lærdal har lange tradisjonar med skøyteløp og har eigen 400-meter-lengdeløpsbane og ei indrebane for barn, som er open frå midten av november til medio mars, alt avhengig av vêrforholda.
Lærdal har ikkje berre skøytebane om vinteren, men og perfekte forhold for rulleskøytetrening om sommaren på asfalterte nærast bilfrie vegar utanom hovudvegåra E-16. Vegnettet er likeeins godt eigna for rulleski. Isaman med flotte forhold for sykling og ikkje minst bratte fjellturar, er Lærdal svært godt eigna for sommar treningsleir for både skøyter og ski.
Ynskjer du å delta på eit av våre Events eller treningsleir, eller du ynskjer å arrangere treningsleir hjå oss, ta kontakt og vi legg til rette saman med deg! Hugs og at vi har nordens fyrste Motorikpark™, ypparleg for kick-off samlingar og arena for basistrening utandørs.