Blogg

2021

Hanne Stedje, journalist i Sogn Avis, intervjua nokon av gjestene på SIMPLY THE BEST - THE TINA TURNER STORY

Venninnegjengen fekk eit minne for livet; -Heilt rått!

Eva Karin trudde ikkje sine eigne auge då ho såg kven som dukka opp midt under konserten.

 - Eg fekk nesten sjokk, eg kunne ikkje tru det, fortel Eva Karin Sandvik (53).
Ho er opphavleg frå Vadheim, men busett i Bergen. Etter halvanna år med pandemi og restriksjonar gledde ho seg sjølvsagt stort til å oppleva live musikk igjen – i godt og etterlengta selskap.

 

Sjokk-snap i teltet
- Syster mi kom frå Høyanger, venninna mi kom frå Vadheim slik at me kunne treffast her og gå på konsert i lag. Dette har me verkeleg sett fram til, seier Eva Karin.
Rett før Tina Turner og resten av ensemblet gjekk på scena, skulle det bli endå meir gjensynsglede for den sprudlande dama, som reknar seg for storfan av Tina.

 

- Eg opna ein snap frå søskenbarnet mitt Lisbeth, som bur på Sandane og fekk heilt hakeslepp då eg oppdaga at ho var på same konsert som meg. Det var berre heilt fantastisk moro!

Med eit forrykande show som inneheldt absolutt alle dei mest kjende og kjære låtane til Tina gjennom nesten 40 år som artist, fekk den glade gjengen ein storarta laurdagskveld.
Det same gjorde dei 200 andre som var i teltet.

- Minne for livet
- Det var heilt rått! Det var som å sjå Tina i levande live. Og den stemma ho har, eg har nesten ikkje ord, det trefte midt i hjarta, seier ei av dei frammøtte.
Ho fekk seg eit minne for livet denne kvelden. Det same kan seiast om Coco Fletcher, som ho heiter, den vesle dama med den store stemma som framstiller Tina i «Simply the best».

Det er lenge sidan ho har fått stå på scena saman med kollegene sine. Ein del av dei bur i USA, resten stort sett i Tyskland. Pandemien sette også ein stoggar for alle turnèplanar dei hadde i 2020.

- Eg kan nesten ikkje tru at me er saman igjen for første gong på over eitt år – og attpåtil her, på denne heilt fantastiske staden, seier ho.
- Dette er noko me aldri vil gløyma, nokon av oss!

 

Satsar stort
Det er Even Aarethun, dagleg leiar for Lærdal Ferie-og fritidspark sjølvsagt særs glad over å høyra.
- Me er glade for at me også får høve til å gje artistane ei flott oppleving her i Lærdal, det er det me ønskjer for alle våre gjester. Det at artistane er så nøgde og glade for å vera her, gjer oss som jobbar med dette mykje ekstra energi til å stå på vidare, seier han.

 

I 2019 investerte Even Aarethun og Lærdal Ferie-og fritidspark nesten fire millionar kroner i det 750 kvadratmeter store konsertteltet med stor scene og barområde. Tanken var å trekkja tilreisande til bygda også utanom den tradisjonelle turistsesongen og tilby konsertpakker og opplevingar året rundt.

Satsinga fekk ein skikkeleg pangstart då " ABBA" sørga for stor stemning i september under haustmarknaden. Så stor stemning at det ga meirsmak til fleire då «Elvis» og the The Stamps Quartet song jula inn for stappfulle hus i november det året.

Fullt av gjester på plassen og julemarknad på Gamleøyri.
Så vart det bråstopp då pandemien braut ut berre nokre veker seinare.

 

 

Liv og røre

Difor gjorde det sjøvlsagt godt å sjå tilnærma full sal att.
- Ja, det er verkeleg kjekt, det styrkar meg i trua på at verda vil bli normal att, seier Årethun etter Tina Turner-konserten. Han kan gleda seg over at over halvparten av dei ivrige publikummarane er tilreisande og at det er liv og røre over heile campingplassen.

- Det var det som var målet; det å få folk til å komma langvegs frå for å oppleva dette saman med lokalbefolkninga i Lærdal. Me håpar me kan tilby meir av denne typen opplevingar framover. Det er viktig for oss å kunne utvida sesongen, mellom anna med tanke på å oppretthalda arbeidsplassane våre heile året gjennom. Me har verkeleg eit spennande samarbeid med Stars in Concert, som kan by på store, kjende namn framover.

Det gledar også Vidar Pedersen (53) frå Gausdal, som heilt tilfeldig kom rekande på ei fjøl, som han seier, for halvanna år sidan.

 

- Ein kjempebonus

- Eg kom over Tyin ned til Sogn og leitte etter ein plass å overnatta, det var fullt over alt, men her på Lærdal ferie- og fritidspark hadde dei ledig plass. Ei natt vart fort til fire døgn, kan du seia.

Såpass godt til rette fann Vidar seg at han har vore attende fleire gonger sidan i fjor sommar.
- Det er så roleg og fin atmosfære her sånn elles, mykje trivelege folk over alt. Eg er blitt godt kjend med både lærdøler og andre stamgjester her på campingen, her er det veldig kjekt å vera, seier han, som var tidleg ute med å skaffa seg billettar til «Tina – Simply the best».

 

- Fantastisk god stemning i teltet! Du er nøydd til å trivast når alle rundt deg gjer det, i alle fall slik det var på denne konserten. Det at ein også får med slike opplevingar på kjøpet, det er ein stor bonus - eg anbefaler verkeleg alle å komma hit!

 

Simply the best Eva 2 Hanne bileter

 

Eva Karin Sandvik kom frå Bergen, resten av gjengen kom frå Høyanger, Vadheim og Sandane – dei valde Lærdal ferie- og fritidspark som møtestad og fekk ein uforgløymeleg kveld med «Tina – Simply the best».

 - Det var berre heilt rått! Eit fantastisk show med fantastisk stemning. Det er verkeleg deilig å få lov til å oppleva slikt igjen, seier Eva Karin, som har vore stor fan av Tina Turner i mange år.

 

Simply the best 3Hanne bileter

 

Godt 200 publikummarar var på konserten den laurdagskvelden. Teltet har langt større kapasitet, men restriksjonar gjorde sitt til at det ikkje var mogleg å få inn fleire denne gongen. No håpar initiativtakar Even Aarethun at koronasituasjonen så smått lysnar.

 

 

Simply the best 4Hanne bileter

 

 - Det var som å sjå Tina Turner i levande live, var konklusjonen til fleire i publikum Coco Fletcher har framstilt den folkekjære artisten sidan ho var lita jente.

 

 

 

 

 

Hanne sitt møte med Coco Fletcher

I forbindelse med showet "SIMPLY THE BEST - THE TINA TURNER STORY", hadde me besøk av journalist Hanne Stedje.

Ho deltok som publikum under showet og intervjua Coco Fletcher etterpå.

Detta er hennar tekst:

 

"Tina" tok Lærdal med storm:

- Det var berre heilt magisk

 Ho har stått på all verdas scener framfor hundretusenvis av menneskjer. Men i vetle Lærdal fekk Coco Fletcher seg ei skikkeleg aha-oppleving.

- Energien i salen var så stor og overveldande, akkurat som naturen rundt oss. Eg er bergteken av å få lov til å vera her desse dagane og kjenner meg utruleg heldig, seier den vetle dama med den store stemma.

 

Heilt spesiell konsert

Ho er opphaveleg frå Huntsville, Alabama, men bur til dagleg i Berlin. I løpet av dei tre dagane ho og resten av Stars In Concert-kollegane var i Sogn, fekk ho oppleva både naturen og publikum på ein heilt ny måte.
- Ein ting er at me har fått tid til å oppleva denna vakre staden, ein annan ting er det å berre vera ute og vera så nær naturen og pusta inn denne herleg friske lufta.

Dette var verkeleg noko me trengde, alle saman, seier ho.

 

Då verda stoppa opp som følgjer av pandemien, vart alle konsertar avlyst og ensemblet spreidd for alle vindar.

I teltet på Grandane i Lærdal var dei samla att for første gong på over eitt år.

 

 Enorm energi

- Eg var verkeleg nervøs rett før me gjekk på, men eg merka det straks eg kom ut på scena. Alle var berre så gira på at dette skulle bli ein skikkeleg bra konsert. 

Publikum gav oss ein heilt enorm energi, fortel Coco Fletcher.

Ho har framstilt Tina Turner heilt sidan ho var lita jente og veit såleis godt kor folkekjær den ikoniske artisten er.
- Det som er så fantastisk er at publikum er så utruleg mangfaldig, aldersspennet er så stort, det er gjerne både to og tre generasjonar til stades under konsertane. Det å stå der på scena og sjå korleis så mange ulike menneskjer har akkurat denne musikken til felles og det å få lov til å formidla den på ein slik måte, det er berre heilt magisk.

 

Større enn nokon gong

No er Coco og endå fleire av kollegane frå Stars in Concert straks klare for nye dagar i Lærdal. Med eit mangfald av artistar større enn me nokon gong har sett, er det garantert duka for mange nye magiske opplevingar. Me håpar å sjå deg der! Velkomen til konsert – og velkomen til ei stemingsfull helg der du kan oppleva skikkeleg julestemning på vakre Lærdalsøyri.

 

Tina 1 frå hanne

– Det gjorde oss alle så godt, seier Coco Fletcher. Det var fyrste gong på nøyaktig eitt år at ho stod på scena saman med kollegane igjen. Det gløymer ho aldri Lærdal for. 

 

Tina 2 frå Hanne

– Me er veldig takksame for at me har fått lov til å koma hit og oppleva dette praktfulle landskapet og ikkje minst, få pusta inn denne herlege friske lufta. Eg kjende at eg verkeleg trengde dette, seier Coco Fletcher, her saman med Even Aarethun.

 

Tina 3 frå Hanne

 

Vasti Jackson og Coco Fletcher som Ike & Tina – dei gav publikum i konsertteltet ein uforgløymeleg kveld.

 

Tina 4 frå Hanne

 

Coco er klar for Lærdal igjen! Ho gløymer aldri første gongen ho kom til Noreg og Lærdal.

 

 

 

 

 

 

Ut på tur, aldri sur!

Litt lei av å høyra om coronaditt og coronadatt?

Restriksjonar, nedstengingar, heimaskule, heimakontor, bruk munnbind, vask hender.....ja, no kan me nok reglane i blinde snart.

Media vil gje oss siste oppdatering og anbefaling, og det kjem frå alle kantar. Heldigvis for det, kan ein vel seie, då bør dei fleste få det med seg.

Men uansett kor mykje me høyrer om det, så kan me velgja å ta ein pause. Ein liten pause frå verda slik den er akkurat no..

Og kva er vel betre enn ein tur ut i naturen, utan dei store anstrengelsane, berre nytta den slik den er nær deg.

Med så mykje teknologi, støy, stress og ikkje minst forventningen om å vera tilgjengeleg 24/7, så gjer det godt å få det litt på avstand, av og til. Litt stillheit.

Berre lydane frå naturen som trenger gjennom, fuglekvitter, bekkesus, eller kram snø under føtene. Kan du forestilla deg det?

 

Frå ferieparken har me utsyn både mot Hognåsen og Mjølkeflaten.

Begge fine turar som lèt seg gjennomføra heile året. Men me anbefalar å bruka broddar på denna tida.

Mjølkeflaten er ein lett og fin tur. Dagleg i bruk av både lokale og besøkjande.

Ein gjengangar for barnehagen og skuleungane, og ein favoritt for dei som ikkje har heile dagen til rådigheit. Det er skjeldan ein ikkje treff folk på denna ruta.

Frå brua ved Fodnestunnelen tek turen ca 30 minuttar opp til dagsturhytta som ligg på Mjølkeflaten. Der er det fint å ta ein rast om ein ynskjer det.

Du kan gå nedatt same ruta, eller følgja stien vidare mot Stødno, gå via sjukehusbrui og attende mot Øyri langs elvebredden.

Hognåsen byr på litt høgare puls i litt brattare terreng. Men betalar seg med utsikten og roen.

Ei spesiell historie for dei som ikkje veit det, så holdt Max Manus seg i skjul på Hognåsen under krigen.

Turen kan forsetta mot Storehaugen, og enda i Sviggum, eller du kan returnera til der du starta.

Ta med godt humør og hugs å strekkja ut!

 

Er du i manko på turutstyr, så fortvil ei. I vår sportsbutikk, som ligg attmed resepsjonen, finn du det meste av det du treng for ein aktiv dag ute.

Lette turkle, sko med godt grep, ryggsekkar, tasker, drikkeflasker og fitnessklokker for å nemna noko.

Elles har me fiskeutstyr, sykkeldelar, fotballar, badminton og diverse tilbehøyr.

Noko for ein kvar aktivitet.

 

Visste du forresten at berre 30 minuttar i frisk luft har ein helsebringande effekt? 

God tur!

 

 

                                        Hedler1                           nature laerdal sognefjord0

 

 

                                     Hedlerkart                        Hognaasenkart

 

 

 

 

 

Lærdal i Kong Vinters landskap!

Snøen har lagt seg, og ufatteleg nok har snødekke holdt seg fleire dagar enn kva som er normalt for Lærdal. Gradestokken viser 4 blå, det er vindstille og dagen har så vidt byrja.

Lette snøfnugg dansar stemningsfult og freistar til å ta turen ut. Skal ein spenne på seg ski, gå på skøyter, aka på akebrett eller berre ta ein spasertur langs elva, ska`tru?

    Uansett kva valet fell på, så gjer det godt å koma seg ut. Kjenna kulden bita litt i andletet, så den etterlet seg friske, raude kjakar.

Ta eit djupt åndedrag og kjenna kor priveligerte me er.

 

Heldiggrisane lærdølene har hatt is på skøytebana i ei veka no!

Frivillige har stått på og gjort ein kjempejobb med å leggja is på bana. Vel, dei legg ikkje isen, den kjem av seg sjølv så lenge kuldegradene er der.

Men jobben med å spreia vatn må gjerast, og bana må preparerast.

Og når det må fyllast drivstoff på tanken, så kan ikkje vatningsbilen køyra ned på Esso og fylla der, som er det mest naturlege å gjera.

Vent, hæ? Kvifor ikkje det?

Jo, for då vert dekka skitne, og det legg seg deretter att på isen. Det går ikkje.

Dei frivillige fyller altså på reservetankar, som dei deretter fyller på bilen etterkvart. Det seier seg sjølv at det vert nokon turar når ein slik vatningsbil skal fyllast..

Tungvindt tenkjer du kanskje, men desse timane med uløna arbeid gjer dei for at me som vitjar skøytebana skal kunna boltra oss på isen.

Så til dei frivillige i skøytegruppa i Lærdal,- Tusen takk!!

De legg ikkje berre is på bana og skrur på lyset når mørket senkar seg, de gjev små og store moglegheita til å utfordra seg sjølv.

Meistra noko ein kanskje ikkje har prøvd før, eller kjenner seg usikker på. De gjev oss ei oppleving, ein meistringsfølelse, ei gleda og eit smil om munnen.

I ei tid der alt av fritidsaktivitetar er stengt, er det godt å ha anna å ty til enn TV og dataspel.

 

Det har vore mykje folk på skøytebana dei siste dagane. Latteren sit laust i lufta, og som ei mor sa i går,-

"det er så godt å vera her for folk er så glade, ein blir likso glad av å vera her." Det var så godt sagt!

Fysisk aktivitet, frisk luft og sosialt samver, det er vinn-vinn, det!

Dagens tips er utan tvil å kle deg godt, ta med heit drikka i sekken og ta ein tur på skøytebana.

Underverk for kropp og sjel!

 

 

 

eislaufen laerdal sognefjord

 

 

 

 

 

 

 

Godt Nytt År!

Nytt år og nye moglegheitar!

Aldri før har vel eit nytt år vore meir kjærkoment enn i år.

Etterlengta kom vaksina til Noreg i romjula, og forhåpentlegvis er detta starten på slutten for Covid-19!

 Men gleda var kortvarig, då nyheitsbilete formidla tragedien på Gjerdrum.

Det var tydeleg prikken over i`en for 2020.

Våre tankar og medkjensle går til alle dei som er berørt av den forferdelege hendinga.

 

Kanskje det aldri nokon gong har vore viktigare å sjå framover.

Finna lyset i enden av tunnelen, og gripa etter halmstrå. 

 

Regjeringen kom med nye restriksjonar for dei neste 14 dagane.

Ein av dei var å setja vårt sosiale liv på vent.

Unngå å få, og gå på besøk. Begrens deg til kohorten din og utset feiringar og samlingar.

Det skal me greie ei stund til. Heilt til me kjem i mål lyt me ta hensyn til dugnaden som er så utruleg viktig for oss alle.

 

I mellomtiden kan me leggja planar. Planar for framtidige reisemål, konsertar, samankomstar, feriar og alt det me saknar, og kan gleda oss til.

Det trengst ingen vaksine for det, heldigvis.

Me her på ferieparken ser fram til å ta imot dei som legg planane sine til oss. 

Fart og moro i motorikkparken for dei som ynskjer det, eller å tipsa om andre opplevingar i nærområdet til deg som vil det.

Sidan 2020 vart ein nedtur, kva med ein opptur som ein topptur i 2021?

Me har mange anbefalingar, me som har verdas flottaste fjell i naturen vår.

Kom gjerne med ynskjer eller idear, så skal me gjera vårt beste for at du får den beste opplevelsen utav oppholdet ditt hjå oss.

Start planleggingen allereie, så kan me sjå fram til ei tid der det einaste som smittar er latteren.

 

 

2020

God Jul

Med inngong i høgtidsdagane takkar me alle som har besøkt oss i år.

Me håpar de kjem attende neste år, og me håpar å gleda mange med eit triveleg opphald hjå oss.

Ikkje minst ynskjer me dykk velkomne til spektakulære show med dei talentfulle artistane i Stars in Concert.

 

Me ynskjer dykk alle ei fredeleg og god jul.

 

 

Ei fyrste gong for alt.

I dag skriv me 24.november. Akkurat ein månad til julafta, og fem veker att av 2020.

Berre fem veker gjenstår av detta merkelege og totalt uventa året.

I fjor på dessa tider levde heile verda i uvissa om kva me gjekk i møte. Ganske utruleg kva som kan skje i løpet av eit år. Ein pandemi som forandra og råka oss alle på eit vis.

Nokon verre enn andre.

Og skilnaden mellom Jørgen Hattemakar og Kong Salomo vart brått liten. Ei brutal påminning om kor skjørt livet er, og alt det inneheld.

Alt me tek som ein sjølvfølge, er uverkeleg nok ikkje det.

Å samlast til fest, å gå på besøk, å reisa på tur og ikkje minst å gje ein klem. Forhåpentlegvis ligg detta i nær framtid. Me får berre gle oss. 

 

I sommar hadde me mange besøkande, til tross for situasjonen som var over oss. Mest nordmenn som var turistar i eige land. 

Sydensvansane fann seg andre alternativ, og for mange vart det å prøva ut bubil, campingvogn eller telt.
Men ingen sure miner av den grunn! (Kvifor skulle det vera det?) Heller tvert imot.
Smilande mennesker som gledar seg over å prøva noko nytt. Og ikkje minst oppdaga kor flott me har det i eige land.

Ein natur som høyrer eventyr til, perler ein ikkje visste var, og opplevelsar ein ikkje vil vera foruten. Både på og utanfor landevegen.

Når det kjem til alt me har ikring oss, alt me tek for gjett, so er det mange som misunner oss. Turistane betalar dyre summar for å reisa til, og feriera i verdas flottaste land.

Me kan berre gå ut døra.
Kanskje du for fyrste gong har overnatta under duk eller open himmel, på campingplass, på ein fjelltopp eller i eigen hage. Uansett vert det som du gjer det til.

Det er i opplevelsen det ligg. Og i selskapet. Eller mangel på sådan, om ein føretrekk det. Kvar du er spelar vel inga rolle då?

Så at me måtte avlysa eller utsetja eit eller anna, er vel ikkje det så gale? Det kunne vore verre.

 

Alle sit i same båt i år. Forhåpentlegvis med ein meters avstand og god håndhygiene.
At det er ei fyrste gong for alt, det er det ingen tvil om. Og etter ein spesiell sommar, er det nok mange som har prøvt noko for fyrste gong.

Me vonar det var mest gode opplevingar. Og lærerike.

Så kanskje ikkje det er så verst å pakka bilen til Noregsferie, for sidan å koma heim og pakka ut gode minner.   

 

 

                                                                                              laerdal camping 

 

 

 

2019

19.3.19. Frå "Lustlos geht.de"

Lærdal kommune ligger omtrent 300 km nordvest for den norske hovedstaden Oslo. Bussen tok omtrent 5 timer pluss en 30-minutters pause på de nesten 300 km. Først virket det som mye for meg, men ruten med bilen ville ikke være så mye raskere, fordi fartsgrensene på veiene i Norge ikke er over 100 km / t. Allerede på turen var det utrolig vakker utsikt. Gigantiske fjellformasjoner strekker seg over det lille samfunnet Lærdal, som vil være vårt fokuspunkt de neste dag

ene. “Rådhus” busstasjon ligger bare en fem-minutters spasertur fra vår endelige destinasjon, Lærdal ferie- og fritidspark.

En imponerende naturlig kulisse, rett ved Sognefjorden!
Hovedstaden i Norge overrasket oss ikke bare med sine mange grønne områder og den interessante arkitekturen, Oslo overrasket oss også med temperaturer rundt 30 ° C! Nå går det lenger inn i landet, selv om det ikke burde være så varmt der, men også her har det ikke vært en sommer som i år på lenge.
Forresten, en liten anekdote: vi hadde et hotellrom uten air condition! Det siste jeg tenkte på når jeg bestilte hotellet var klimaanlegget! Til gjengjeld, som i mange norske overnattingssteder, var det gulvvarme 😉


En busstur er morsom, en busstur er fin "
Så etter at vi hadde utforsket og undret oss over den store byen Oslo, fortsatte vi i retning Lærdal til Lærdal ferie- og fritidspark. På råd fra en venn bestemte vi oss for å ta en busstur, la oss se hva offentlig transport i Norge kan gjøre. Fra hotellet vårt rett ved Karl Johns Gate var det omtrent 10 minutters gange til bussterminalen, som ligger i umiddelbar nærhet av Oslo sentralstasjon.

Da jeg ankom, var jeg veldig begeistret, alt var super moderne, rent og oversiktelig. Vi hadde bestilt billettene på forhånd på Internett, i underkant av 50 euro per person.

 

Lærdal kommune ligger omtrent 300 km nordvest for den norske hovedstaden Oslo. Bussen tok omtrent 5 timer, pluss en 30-minutters pause på de nesten 300 km. Først virket det som mye for meg, men ruten med bilen ville ikke være så mye raskere, fordi fartsgrensene på veiene i Norge ikke er over 100 km / t. Allerede på turen var det utrolig vakker utsikt. Gigantiske fjellformasjoner strekker seg over det lille samfunnet Lærdal, som vil være vårt fokuspunkt de neste dagene. “Rådhus” busstasjon ligger bare en fem-minutters spasertur fra vår endelige destinasjon, Lærdal ferie- og fritidspark.

 

Ferie- og fritidsparken i Lærdal
Når vi ankommer “Lærdal Ferie og Fritidspark”, er det tidlig på ettermiddagen. Aarethun, som driver campingplassenplassen "Lærdal Ferie- og fritidspark” med sin kone, går rundt på stedet og viser oss alt. En ting blir fort klart: her kan du absolutt unne deg et opphold! Og uansett om du reiser alene, som par, familie eller hundeeier: alle er velkomne hit.

 

I tillegg tilbyr campingplassen, rett ved Sognefjorden, overnatting for alle ferierende. Uansett om det er en av de hundre bobil- eller campingvognplassene, en hytte (2-6 personer), en leilighet eller bare et stykke plen for å slå opp telt: alle vil finne noe her. Det er også en italiensk restaurant på Lærdal ferie-og fritidspark, som tilbyr deilig pasta og (gigantiske) pizza samt en frokostbuffé, som ligger rett ved resepsjonen.

 

19.3.19. Frå "Lustloszugehen.de"

Die Gemeinde Laerdal liegt etwa 300 km nordwestlich der norwegischen Hauptstadt Oslo. Für die knapp 300 km brauchte der Bus ca. 5 Stunden plus 30 Minuten Pause. Erst kam mir das recht viel vor, allerdings wäre die Strecke mit dem Auto auch nicht sehr viel schneller, da die Tempolimits auf den Straßen in Norwegen nicht über 100 km/h liegen. Schon auf der Fahrt boten sich unheimlich schöne Ausblicke. Gigantische Bergformationen säumen die im Tal liegende kleine Gemeinde Laerdal, die für die nächsten Tage unser Dreh- und Angelpunkt sein wird. Die Busstation „Rathus“ ist gerade einmal einen fünf Minuten zu Fuß von unserem Endziel, dem Ferien- und Freizeitpark Laerdal entfernt.

 

Eine eindrucksvolle Naturkulisse direkt am Sognefjord!
Die Hauptstadt Norwegens überraschte uns nicht nur mit ihren vielen Grünflächen, der interessanten Architektur, nein Oslo überraschte uns auch mit Temperaturen um die 30°C! Nun geht es weiter ins Landesinnere, dort soll es zwar nicht ganz so warm sein, aber auch hier gab es einen Sommer wie dieses Jahr schon lange nicht mehr.
Übrigens, kleine Anekdote am Rande: wir hatten ein Hotelzimmer ohne Klimaanlage! Das Letzte an was ich bei der Hotelbuchung gedacht hatte, war die Klimaanlage! Dafür gab es hier, wie in vielen norwegischen Unterkünften eine Fußbodenheizung 😉
Eine Busfahrt die ist lustig, eine Busfahrt die ist schön“
Nachdem wir also die großartige Stadt Oslo erkundet und bestaunt hatten, ging es weiter in Richtung Laerdal zum Ferien- und Freizeitpark Laerdal. Auf Anraten eines Freundes entschieden wir uns für eine Busfahrt, mal schauen was die öffentlichen Verkehrsmittel in Norwegen so können. Von unserem Hotel direkt am Karl Johns Gate war es ein ungefähr 10- minütiger Fußmarsch bis zum Bus Terminal, das in unmittelbarer Nähe des Hauptbahnhofes von Oslo liegt.

Angekommen war ich zunächst einmal echt begeistert, alles super modern, sauber und übersichtlich. Die Tickets hatten wir vorab per Internet gebucht, knapp 50 Euro pro Person.

 

Die Gemeinde Laerdal liegt etwa 300 km nordwestlich der norwegischen Hauptstadt Oslo. Für die knapp 300 km brauchte der Bus ca. 5 Stunden plus 30 Minuten Pause. Erst kam mir das recht viel vor, allerdings wäre die Strecke mit dem Auto auch nicht sehr viel schneller, da die Tempolimits auf den Straßen in Norwegen nicht über 100 km/h liegen. Schon auf der Fahrt boten sich unheimlich schöne Ausblicke. Gigantische Bergformationen säumen die im Tal liegende kleine Gemeinde Laerdal, die für die nächsten Tage unser Dreh- und Angelpunkt sein wird. Die Busstation „Rathus“ ist gerade einmal einen fünf Minuten zu Fuß von unserem Endziel, dem Ferien- und Freizeitpark Laerdal entfernt.

 

Der Ferien- und Freizeitpark in Lærdal
Als wir am „Laerdal Ferie og Fritidspark“, wie er von Norwegern genannt wird ankommen, ist es früher Nachmittag. Even Aarethun, der mit seiner Frau den Generationen-Campingplatz “Ferien- und Freizeitpark Laerdal” führt, läuft mit uns einmal über das Gelände und zeigt uns alles. Schnell wird eins klar: Hier kann man es definitiv aushalten! Und egal ob als Alleinreisende, Pärchen, Familie oder Hundebesitzer: hier ist jeder willkommen und gerne gesehen.

 

Außerdem bietet der Campingplatz, direkt am Sognefjord gelegen, für jeden Urlauber die passende Übernachtungsmöglichkeit bzw. Unterkunft. Egal ob einen der hundert Wohnmobil- oder Wohnwagenstellplätze, ein eigenes kleines Haus (2-6 Personen), ein Apartment oder auch nur ein Stück Rasen um ein Zelt aufzubauen: hier wird jeder fündig. Auch ein italienisches Restaurant gibt es im Ferien- und Freizeitpark Laerdal, das neben leckerer Pasta & (Riesen) Pizzen auch ein Frühstücksbuffet anbietet, es befindet sich direkt neben der Rezeption.

 

Zum kompletten Blog

 

5 gode grunnar for opphald hjå Lærdal Ferie- og Fritidspark

  • Naturopplevingar direkte ved den storslåtte Sognefjorden.
  • Utallige kultur- og fritidsmulegheiter, bl.a. i vårt nye Lærdal Showtheater. 
  • Kort veg til alle sjåverdigheiter og aktivitetar i regionen.
  • Overnatting i alle prisklasser - camping, økonomirom, leiligheiter og hytter.
  • God infrastruktur med restaurant, utleige av sportsutstyr og eigen aktivitetspark Motorikpark™ Lærdal.

Nyheiter, tilbod og sosiale media

Nyheiter

Elvis - The Musical

og Lyse dagar

25.-27. april

 

> Nyheiter...

Ledige jobbar

Me søkjer servitørar, reinhaldar, resepsjonist.

 

> Ledige jobbar...

Wanderferien in Lærdal

Social Media & Vêret

Besøk og følg oss også på våre ulike sosiale media kanalar og følg med på ferievêret!

> Koble deg til!

Wanderferien in Lærdal

Vår Youtube kanal

Få dine fyrste inntrykk av Lærdal Ferie- og Fritidspark og Lærdal med Sognefjorden her!

> Vår Youtube kanal

Winter am Sognefjord

Vinter ved Sognefjorden

Også om vinteren er Lærdal og Sognefjordregionen attraktiv! Opplev vinteraktivitetar eller stillheita!

> Les meir!

Wanderferien in Lærdal

Vandreferie i Lærdal

Vandreeldoradoet Lærdal - Gled deg til ugløymelege feriedagar i naturskjønne omgjevnader ved Sognefjorden!

>Les meir!

Radurlaub in Norwegen

Sykkelferie i Norge

Tur-, racer- og terrengsykling i Lærdal ved Sognefjorden i Norge! Her byr vi på flott natur og varierte turer!

>Les meir!

BOOK VÅRE SHOW