Hagbarts fortryllende show, søndag 24. mai kl. 15

 

På lillescenen i barteltet til Lærdal Showtheater

 

HAGBARTS FORTRYLLENDE SHOW er ein dynamisk førestilling, som per idag kan visast fram i opptil 5 varianter. Her handlar det om klovnen Hagbart Frisk, som reiser rundt med ein sekk på ryggen, og ein gitar på magen, for å vise fram alt mamma har lært han om trylling. Sekken har mamma pakka full av tryllesaker, og frå gitaren tryller Hagbart sjølv fram fine melodiar. Men tryllingen, som var så lett når mamma viste det, er visst ikkje så lett likevel. Tryllestavar faller frå kvarandre, kort forsvinner, og ingenting går heilt som det skal. Men når Hagbart får hjelp frå barna skjer det magiske ting. Med sin klønete humor sjarmerar Hagbart sitt publikum i senk, og både barn og vaksne blir engasjert og underhaldne av Hagbarts sprell og krumspring.

Den vaksne delen av publikum vil sannsynlegvis kjenne igjen melodiane Hagbart spelar. Det er meir eller mindre ikoniske rockelåtar som har fått ny tekst. "The times they are a-changin'" er blitt til "Snart er det de som bestemmer", "Give peace a chance" heiter i Hagbarts versjon "Gi pizza'n en sjans", "Folsom prison blues" er blitt "Husarrest blues", og så vidare.

Hagbart har gjort meir enn 300 show, og har difor solid erfaring. Ved sidan av opptreden på bibliotek, ved laurdagsteatre, i barnehagar osv, har Hagbart underhalde ved Porsgrunn internasjonale teaterfestival, Barnas Dag i Lyngdal, Drangedalsdagene, Bø Sommarland og Den lille dyrehage i Gjerstad, for å nemne nokon. 

  • Barteltet.jpg
  • Steinar_gitar.jpg
  • hagbart-2.jpg
  • hagbart-b.jpg
  • hagbart-og-gudrun-2.jpg
  • hagbart-og-gudrun.jpg

 

5 gode grunnar for opphald hjå Lærdal Ferie- og Fritidspark

  • Naturopplevingar direkte ved den storslåtte Sognefjorden.
  • Utallige kultur- og fritidsmulegheiter, bl.a. i vårt nye Lærdal Showtheater. 
  • Kort veg til alle sjåverdigheiter og aktivitetar i regionen.
  • Overnatting i alle prisklasser - camping, økonomirom, leiligheiter og hytter.
  • God infrastruktur med restaurant, utleige av sportsutstyr og eigen aktivitetspark Motorikpark™ Lærdal.

Nyheiter, tilbod og sosiale media

Nyheiter

Billettslepp

SHAKE, RATTLE

& ROBBIE

 > Nyheiter...

Ledige jobbar

Me søkjer servitørar, reinhaldar, resepsjonist.

 

> Ledige jobbar...

Wanderferien in Lærdal

Social Media & Vêret

Besøk og følg oss også på våre ulike sosiale media kanalar og følg med på ferievêret!

> Koble deg til!

Wanderferien in Lærdal

Vår Youtube kanal

Få dine fyrste inntrykk av Lærdal Ferie- og Fritidspark og Lærdal med Sognefjorden her!

> Vår Youtube kanal

Winter am Sognefjord

Vinter ved Sognefjorden

Også om vinteren er Lærdal og Sognefjordregionen attraktiv! Opplev vinteraktivitetar eller stillheita!

> Les meir!

Wanderferien in Lærdal

Vandreferie i Lærdal

Vandreeldoradoet Lærdal - Gled deg til ugløymelege feriedagar i naturskjønne omgjevnader ved Sognefjorden!

>Les meir!

Radurlaub in Norwegen

Sykkelferie i Norge

Tur-, racer- og terrengsykling i Lærdal ved Sognefjorden i Norge! Her byr vi på flott natur og varierte turer!

>Les meir!