Vindhella - Sverrestigen

Rundturen Vindhella - Sverrestigen er ein av dei mest populære rundturane på Kongevegen over Filefjell. Den går i eit vidtfemjande historisk landskap. Rundturen går Vindhella den eine og Sverrestigen den andre. Du kan starte på begge vegane ved Rimskjold/ Husum i vest, eller ved Borgund stavkyrkje i aust. Eller du kan starte rundturen der Vindhellavegen eigentleg startar 350 meter austafor stavkyrkjesenteret. 

 

Kongevegen-Vindhella.jpgLaerdal-Valley-Vinter.jpgLaerdalValley2.jpg

 

Fakta:

Tidsbruk: 1,5 - 2,5t

Avstand: 4,6 km 

Vanskelegheitsgrad: Middels 

Passar for: Alle

 

Startar du ved stavkyrkja, byrjar du vandringa ved å gå bak den raude nyekyrkja og fyl skiltinga. Parkere kan du då gjere ved Svartegjel like ved. Historia fortel at Kong Sverre i oktober 1177 tok Sverrestigen for å omgå bøndene som stod klare til å lempe stein og tømmerstokkar i hovudet på birkebeinarane som skulle passere. Kong Sverre angreip bøndene i ryggen, og jaga dei på flukt. Vindhellavegen er den 2,7 kilometer lange hest- og kjerrevegen som går på høge murar gjennom Vindhellaskaret. Vegen vart bygd etter nye byggeprinsipp som til dels ikkje var utprøvd i dåtidas Noreg. 

 

Den gamle Kongevegen frå 1790-åra er synleg mellom slyngane og utanfor traseen her. Opphaveleg hadde Kongevegen ei stigning på 1:4. Då dei bygde Bergenske Hovedvej oppå i 1840-åra prøvde dei å bøte på dette, men fekk ei stigning på 1:5. Med andre ord var korkje Kongevegen eller Bergenske Hovudvej særleg store suksessar. På grunn av stigninga som framleis var bratt, fekk Vindhellavegen ei brukstid på 30 år. I 1872 vart den avløyst av ein ny veg langs elva gjennom Nesbergi. Dette var E-16 inntil Borgundtunnelen opna i 2004. Frå Sverrestigen går også Klantestien og Annastien tilbake til Vindhella. Skriv gjerne namnet ditt i turbøkene som ligg i dei ulike postkassene langs ruta. 

 

Og så må du sjølvsagt få med deg Borgund Stavkyrkje, den mest autentiske og best bevarde stavkyrkje i verda. 

 

Tekst henta frå visitkongevegen.no

5 gode grunnar for opphald hjå Lærdal Ferie- og Fritidspark

  • Naturopplevingar direkte ved den storslåtte Sognefjorden.
  • Utallige kultur- og fritidsmulegheiter, bl.a. i vårt nye Lærdal Showtheater. 
  • Kort veg til alle sjåverdigheiter og aktivitetar i regionen.
  • Overnatting i alle prisklasser - camping, økonomirom, leiligheiter og hytter.
  • God infrastruktur med restaurant, utleige av sportsutstyr og eigen aktivitetspark Motorikpark™ Lærdal.

Nyheiter, tilbod og sosiale media

Nyheiter

 

 Karaoke-NM kvalifiseringar i Lærdal Showtheater

 

 > Nyheiter...

Ledige jobbar

Me søkjer servitørar, reinhaldar, resepsjonist.

 

> Ledige jobbar...

Wanderferien in Lærdal

Social Media & Vêret

Besøk og følg oss også på våre ulike sosiale media kanalar og følg med på ferievêret!

> Koble deg til!

Wanderferien in Lærdal

Vår Youtube kanal

Få dine fyrste inntrykk av Lærdal Ferie- og Fritidspark og Lærdal med Sognefjorden her!

> Vår Youtube kanal

Winter am Sognefjord

Vinter ved Sognefjorden

Også om vinteren er Lærdal og Sognefjordregionen attraktiv! Opplev vinteraktivitetar eller stillheita!

> Les meir!

Wanderferien in Lærdal

Vandreferie i Lærdal

Vandreeldoradoet Lærdal - Gled deg til ugløymelege feriedagar i naturskjønne omgjevnader ved Sognefjorden!

>Les meir!

Radurlaub in Norwegen

Sykkelferie i Norge

Tur-, racer- og terrengsykling i Lærdal ved Sognefjorden i Norge! Her byr vi på flott natur og varierte turer!

>Les meir!

We use cookies
To ensure this website is correctly displayed, we use the help of cookies. Some are required for website functionality, while others allow us to collect anonymous user statistics. For more detailed information, please read our privacy policy.
I allow cookies for the following purposes:
Save