Lærdal Ferie- og Fritidspark - 30 år 2023
Campingplassen vart etablert av Lærdal kommune i 1991 og vart leigd ut til eit privat lokalt AS som gav opp drifta på våren 1993. Vår familie vart forespurd og tok over drifta frå mai 1993.
Frå ein einkel campingplass med 3.000 gjester fyrste året vi dreiv, har vi utvikla ferieanlegget Lærdal Ferie- og Fritidspark kvart år med ny bygningsmasse eller nye aktivitetar. Idag har vi mellom 40.000 og 45.000 gjester årleg. Sengekapasiteten er fullt utnytta på 250. I 2014 bygde vi Nordens fyrste Motorikpark™ med masse aktivitetar og apparat for både liten og stor. I 2019 etablerte vi Lærdal Showtheater i eit stort fastståande telt med komplett teknisk utstyr for lyd, lys og video og scene med garderobe. Her kan du arrangera din eigen event, frå konsertar, standup, teater, til bryllaup, bursdagar og konferansar. Vi arrangerer store musikalshow frå produsent Stars In Concert med verdskjende tributeartistar til dei kjende musikklegendene som Tina Turner, Elvis, Blues Brothers, Madonna, Beatles, Marilyn Monroe, Robbie Williams bl.a.