Elvis - Musikalen

 

25.-27. April 2024

 Grahame Patrick som Elvis Presley - kjend som den beste Elvis - med Ed Enoch og sitt Stamps Quartet som spela med ekte Elvis frå 1971 til 1977!

Eit musikalshow av produsent Bernhard Kurz, Stars In Concert

 

estrel sic elvispresley 37

 

Eit show av det heilt spesielle slaget, der me skrur åra attende til Elvis si storheitstid.

Omtala som “den beste Elvis, sidan Elvis”, trer Grahame Patrick inn i rolla på imponerande vis.

Han presenterar Elvis si musikalske karriere, inkludert gospel, blues og rock`n roll.

Med melodiar som «Love Me Tender», «Jailhouse Rock», «Suspicious Minds»og den mektige «How Great Thou Art», kledd i legendariske dressar, skapar Grahame magisk stemning på scena.

Ein forteljar vil dela historiar om dei forskjellige periodane i Elvis sitt liv, og på storskjermane visas originale film- og fotoopptak gjort av Elvis sin tidlegare turnèmanager og konsertfotograf.

Saman med Grahame Patrick kjem legendariske Stamps Quartet med lead vokalist Ed Enoch (82 år), som spela med ekte Elvis frå 1971 til 1977! Saman med dansarar og eit liveband, vert det garantert ei unik showoppleving. Elvis – Musikalen har turnert sidan 2014, og det er med stor gleda å ynskja dei velkomen til oss i anledning sitt 10-års jubileum.

 

Ed Enoch er ei legende i seg sjølv innan musikkindustrien. Med ei fantastisk røyst, og ei fantastisk historie, er han anerkjend verda over.
Han vaks opp i ein liten by øst for Nashville, Tennessee, og har vore lidenskapeleg oppteken av musikk frå han var ein liten gut.
Ed starta sin profesjonelle karriere heilt tilbake i 1969 med Stamps Quartet, og blei seinare manager og leiar i gruppa. Han starta samarbeidet med Elvis i 1971, og turnerte saman med han fram til hans død i 1977.
«Det å jobbe med Elvis var ei fantastisk oppleving, han var i ein eigen klasse. Elvis var ein god venn, og eg kjem aldri til å gløyme Elvis sitt talent, så det er viktig for oss i Stamps Quartet å halde Elvis Presley i live gjennom musikken», seier Ed sjølv.
I tillegg til å vere på turne med Elvis, deltok Ed Enoch også som vokalist i Elvis´ filmar «Aloah From Hawaii» og «Elvis On Tour» som vann Golden Globe i 1972.
Han har også jobba tett med fleire andre artistar som blant anna Alan Jackson, Tammy Wynette, Loretta Lynn, Brenda Lee og mange andre.
Ed Enoch er også medlem i Gospel Music Hall of Fame.

 

Book billettar, mat før show og overnatting i hytter, rom, på camping i same bestilling! Klikk deg inn på ynskt dato nedanfor og sikre deg beste plassering i salen no!

 

 

Sjå ein liten forsmak på Elvis - musikalen her!

   youtube elvis

 20220922 180559 sal med utstyr

Bordkart 2023 web

 

Me introduserar hovudartisten, Grahame Patrick, omtala som "den beste Elvis, sidan Elvis":

Grahame Patrick er født i Dublin. Han blei oppdregen i ein musikalsk heim, med ein far som sjølv var musikar og dermed ein naturleg rollemodell for Grahame. 

Grahames fascinasjon av Elvis kom i tidlege år, og ideen om å opptre som "Kongen av Rock´n Roll" var noko han tidleg bestemde seg for å gjennomføre. 

"Eg ville vidareformidle lidenskapen som eg alltid har hatt for Elvis´musikk til andre, i ei pakke som er både realistisk og som kan få fram følelsane i publikum", seier Grahame Patrick sjølv. 

Som ung flytta han til Toronto, Canada, saman med foreldra. Her starta han for fyrste gong å framføre Elvis-imitasjonar i barar og klubbar tidleg på 90-talet.

Ein kveld blei talentet hans oppdaga av ein produsent, som endte opp med å gi han kontrakt allereie den same kvelden. 

Deretter følgde ein periode på 7 år med eit høgt antal framsyningar i Las Vegas - eldoradoet for showbusiness. 

I 2003 blei Grahame Patrick ein del av Stars in Concert, som held til i Berlin.

Han blei frontfiguren i "Elvis - The Musical" som har blitt vist i Europa sidan 2004.

På denne måten har han fått vist fram kor eksepsjonell artist han er, med eit utsjånad og ei stemme som kunne blitt forveksla med "Kongen" sjølv.

I 2015 turnerte musikalen rundt i Tyskland, Østerrike og Sveits - dei besøkte over 60 byar, og hadde over 100.000 besøkjande. 

  

The Stamps Quartet

elvis gospel stamps

 

Stamps Quartet har den lengste historia til ein mannleg kvartett i USA, og hjula er fortsatt i gong. I følge musikkhistorikarar er dei den fremste og mest anerkjende Gospel-kvartetten gjennom tidene. Dei har også oppnådd legendestatus innan Gospel-musikk.Dei har motteke ei stor mengde prisar, blant anna Grammy- og Dove-awards som «Best Gospel Group» og «Best Gospel Albums». Den originale Stamps Quartet turnerte også med Elvis Presley frå 1971 til 1977, og heldt over 1000 konsertar saman med Kongen av Rock´n´Roll.

  

Ed Enoch

 

Ed

 

 

Ein legende innan musikkindustrien. Med ei fantastisk røyst, og ei fantastisk historie, er han anerkjend verda over.
Han vaks opp i ein liten by øst for Nashville, Tennessee, og har vore lidenskapeleg oppteken av musikk frå han var ein liten gut.
Ed starta sin profesjonelle karriere heilt tilbake i 1969 med Stamps Quartet, og blei seinare manager og leiar i gruppa. Han starta samarbeidet med Elvis i 1971, og turnerte saman med han fram til hans død i 1977.
«Det å jobbe med Elvis var ei fantastisk oppleving, han var i ein eigen klasse. Elvis var ein god venn, og eg kjem aldri til å gløyme Elvis sitt talent, så det er viktig for oss i Stamps Quartet å halde Elvis Presley i livet gjennom musikken», seier Ed sjølv.
I tillegg til å være på turne med Elvis, deltok Ed Enoch også som vokalist i Elvis´ filmar «Aloah From Hawaii» og «Elvis On Tour» som vann Golden Globe i 1972.
Han har også jobba tett med fleire andre artistar som blant anna Alan Jackson, Tammy Wynette, Loretta Lynn, Brenda Lee og mange andre.
Ed Enoch er også medlem i Gospel Music Hall of Fame.

 

5 gode grunnar for opphald hjå Lærdal Ferie- og Fritidspark

  • Naturopplevingar direkte ved den storslåtte Sognefjorden.
  • Utallige kultur- og fritidsmulegheiter, bl.a. i vårt nye Lærdal Showtheater. 
  • Kort veg til alle sjåverdigheiter og aktivitetar i regionen.
  • Overnatting i alle prisklasser - camping, økonomirom, leiligheiter og hytter.
  • God infrastruktur med restaurant, utleige av sportsutstyr og eigen aktivitetspark Motorikpark™ Lærdal.

Nyheiter, tilbod og sosiale media

Nyheiter

Elvis - The Musical

og Lyse dagar

25.-27. april

 

> Nyheiter...

Ledige jobbar

Me søkjer servitørar, reinhaldar, resepsjonist.

 

> Ledige jobbar...

Wanderferien in Lærdal

Social Media & Vêret

Besøk og følg oss også på våre ulike sosiale media kanalar og følg med på ferievêret!

> Koble deg til!

Wanderferien in Lærdal

Vår Youtube kanal

Få dine fyrste inntrykk av Lærdal Ferie- og Fritidspark og Lærdal med Sognefjorden her!

> Vår Youtube kanal

Winter am Sognefjord

Vinter ved Sognefjorden

Også om vinteren er Lærdal og Sognefjordregionen attraktiv! Opplev vinteraktivitetar eller stillheita!

> Les meir!

Wanderferien in Lærdal

Vandreferie i Lærdal

Vandreeldoradoet Lærdal - Gled deg til ugløymelege feriedagar i naturskjønne omgjevnader ved Sognefjorden!

>Les meir!

Radurlaub in Norwegen

Sykkelferie i Norge

Tur-, racer- og terrengsykling i Lærdal ved Sognefjorden i Norge! Her byr vi på flott natur og varierte turer!

>Les meir!

BOOK VÅRE SHOW