Sjåverdigheiter i nærheiten
Om du legg ferien til Lærdal, har du svært gode moglegheiter til å utforske andre kultur- og naturattraksjonar i nærområdet. Flåmsbana, Norsk Bremuseum, Dei Heibergske Samlingar & Hansestadt Bergen er alle destinasjonar du kan nå på ein dagsutflukt med bil eller buss.
Breheimsenteret er eit autorisert vitjingsenter for Jostedalsbreen nasjonalpark og Breheimen nasjonalpark. Desse to nasjonalparkane har 9 av dei 30 største breane i Noreg, deriblant Jostedalsbreen som er den største med sine 474 km2.
Utstillinga viser på ein spanande, informativ og interaktiv måte korleis breane og klimaet har endra seg gjennom historia, det breforma landskapet, korleis det er å bu ved breane og korleis utnytte ressursane rundt breane. Utstillinga syner noko av den mest varierte naturen vi har i Noreg, frå dei frodige djupe dalane til karrig høgfjell og isbrear.
Som ein del av utstillinga er det også ein lysbiletefilm i eigen kinosal som tek deg med på ein reise under, på og rundt dei mektige isbreane gjennom dei ulike årstidene.
Norsk Bremuseum og Bokbyen i Fjærland
Føremålet med Norsk Bremuseum er å samle, skape og spreie kunnskap om brear og klima. Stiftinga si verksemd omfattar naturvitskaplege og kulturhistoriske fagfelt. Bremuseet syner samspelet i naturen og mellom natur og menneske - gjennom avansert filmteknikk, interaktive modellar og dine eigne eksperiment med ekte bre-is. Norsk Bremuseum er for det nyfikne mennesket. Hovudutstillinga vart totalrenovert og oppdatert med ny og frisk design vinteren 2016. Ved sidan av utstillinga er våre hovudattraksjonar panoramafilmen om Jostedalsbreen og opplevingsutstillinga 'Klima i endring".
Kva er ein bre? Kva er kalving? Kvifor er isen blå? Kvifor er fjorden grønn? Desse spørsmåla får du svar på og fleire til på Norsk bremuseum!
Den norske bokbyen sel brukte bøker i idylliske Fjærland. Dei har bøker i alle kategoriar!
Sogn og Fjordane Museum - dei Heibergske Samlingar
Det lokalhistoriske museet "Dei Heibergske Samlingar" finn du kun 16 Km pluss ferjeoverfart frå ferieparken, i Kaupanger. Opplev Sogns kulturhistorie med eigne auge.
Ta med familien tilbake i tid for ei lærerik oppleving, eller møt kunstverk til kjende kunstnarar
Musea i Sogn og Fjordane har 13 ulike museum, spreidde over heile fylket. Ved våre museum kan du lære om korleis folk i Sogn og Fjordane har levd og budd, du kan møte kunstverk til kjende kunstnarar frå heile fylket, og lære om norsk reiselivshistorie ved museet vårt i Balestrand og mykje meir. Gjennom året kan du og delta på ulike aktiviteter og arrangement for heile familien. Under finn du informasjon om alle musea våre. Velkomen innom for ei lærerik oppleving!
Bli kjend med dei spennande historiene bak bygginga av den brattaste jernbana i verda, med eit besøk i Flåmsbanemuseet. På museet blir du kjend med dei hardtarbeidande menneska som bygde dette meisterverket, og dei mange tekniske og lovmessige utfordringane dei møtte under bygginga.
Bergen som Europeisk Kulturby og Verdensarvby gjev deg opplevingar og kultur i fremste linje. Som innfallsport til dei norske fjordane gjev Bergensregionen deg den ideelle kombinasjon av natur, kultur og interessante byopplevingar. Uansett årstid. Her finn du alltid mykje å gjere!
Bergen er ein internasjonal by full av historie og tradisjon og med eit stort utval av arrangement kvart år. Ein stor by med ein småbysjarm og atmosfære. Bergen likar besøkjande. Og Bergen er verd eit besøk.
her på førehand dine billettar til museum og attraksjonar og spar ventetid!