Lærdal Ferie- og Fritidspark - Ferie og aktive opplevingar ved Sognefjorden
Velkommen til Lærdal Ferie- og Fritidspark, ei perle innerst i Sognefjorden - med natur og omgivelsar i ypperste klasse. Her har vi eit breidt tilbod innan overnatting, aktivitetar og service.
I tillegg kan du oppleva fyrsteklasses artistar og show i det store showteltet vårt; Lærdal Showteater. For 2023 ser me fram til å ta imot dobbeltgjengarane til t.d. Jahn Teigen, ABBA, Madonna, Tina Turner, Marilyn Monroe, Elvis m.fl. For å lesa meir om kva som kjem, følg linken HER! Du kan allereide no booke fleire av arrangementa for 2023, følg lenkene under!
Book billettar til dei neste arrangementa:
I videoen under får du ditt fyrste inntrykk av din neste Norgesferie, i vår nyaste film om anlegget vårt og aktivitetane rundt og i Lærdal! Ellers finn du alt du treng av informasjon rundt våre tilbod i hovudmenyen lenger ned.
Vi tilbyr storslåtte Norge-opplevingar i Lærdal ved Sognefjorden!
Lærdal Ferie- og Fritidspark byr på overnatting i alle prisklassar for individuelt reisande, familiar og store og små gruper. Vi tilbyr camping og motellrom til gunstige prisar, samt leiligeheiter og hytter i høg standard! Du finn meir informasjon om våre overnattingstilbod i toppmenyen eller ved å trykke på bilde-menyen lenger nede på denne sida.
Hjå oss får du moglegheiten til eit variert aktivitetstilbod i ferien, på fritida eller i forbindelse med firmareise. Vi kan tilby fasilitetar som restaurant, møterom, Motorikpark™ og eit stort utval av sportsutstyr til leige (bl.a. alle type syklar, tråbilar, båtar etc.).
Ikkje minst - året rundt - byr den flotte naturen i Sognefjordregionen på opplevelsar og omgivnader som seint blir gløymd. Her finn du fantastiske kulissar for å male, teikne, fotografere, sjå på dyre- og fuglelivet, slappe av og finne roen, vandre, sykle, klatre, fiske og ro båt, om vinteren som om sommaren! Alle årstidene er spektakulære på sin måte, og vi tilbyr aktivitetspakker skreddarsydd for alle årstider. Sjå meir om dette under aktivitetar i menyen!
Besøk oss og på Instagram og Facebook, og følg med på det flotte vêret i Lærdal!
Vi ser fram til å sjå deg hjå oss - Familien Aarethun