Allsang på Granden 25.-26. april
Me ynskjer Matt Byrne velkomen tilbake til Lærdal Showtheater!
Matt har tidlegare stått på scena i Lærdal Showtheater som Robbie Williams-tributeartist.
Denna gongen kjem han for å leia allsongen me vil ha i samband med kvalifiseringa til NM i karaoke.
Matt er ein dreven artist som byr på seg sjølv og gjer sitt ytterste for at publikum får ein alle tiders kveld.
Under allsongen vil teksten til melodien visas på storskjermane, slik at du kan syngja med frå bordet ditt.
Det vert eit variert og kjent utval, og noko for alle og einkvar.
GRATIS INNGANG, om du ynskjer ditt favorittbord, kan du bestille lenger nede på sida her.
Program for kveldane:
Kl. 17.-19.30. Muleg å kjøpe seg mat før underhaldninga startar.
Kl. 18.00 Dørene åpnar, bakgrunnsmusikk
Kl. 19.00 Allsang på Granden startar
Kl. 20.00 Karaoke-NM kvalifisering
Etter deltakarane i karaoke-NM sine bidrag fortsetter Allsang på Granden fram til juryen tek si avgjerd om kven som går vidare til regionsfinalen.
Kl. 22.30. Juryen avgjer kven går vidare til regionsfinalen.
Allsang på Granden fortsetter, seinast slutt kl. 23.00/23.30.
Book billettar, mat før show og overnatting i hytter, rom, på camping i same bestilling! Klikk deg inn på ynskt dato nedanfor og sikre deg beste plassering i salen no!