Sommaraktivitetar

Om sommaren er Lærdal den perfekte staden for ein aktiv ferie. Eit unikt landskap innerst i Sognefjorden byr på aktivitetar og opplevingar i ypperste klasse. Her finn du oversikt over fotturar, sykkelturar, samt idrettar og idrettsanlegg i nærleiken. Sjå oversikt over kva aktivitetar som er tilgjengeleg i sommarhalvåret via knappen nedanfor. 

 

Fotturar rundt Lærdal sentrum

 

Sentrum-Hedler-Mjølkeflaten-Stødno-Øyabrui-Sentrum

Start i sentrum, gå over brua mot Fodnes (riksveg 5) og ta til venstre.

Føl stien langs vatnet til du kjem til skiltet retning Mjølkeflaten og dagsturhytta.

Frå Mjølkeflaten går du vidare mot Stødno,

deretter på den asfalterte gardsvegen til Øyabrui/sjukehusbrui, og vidare langs elva mot sentrum.

Rundturen tek omlag 2 timar.

 

Sviggum-Storehaugen-Hogneåsen-Habben

Start frå Sviggum (krysset frå E16, mot sjukehuset), her er det godt merka sti heilt opp til Storehaugen, 908 m.o.h.

Du kan returnera same veg, eller du kan gå på sti i omlag same høgd vestover, til du kjem til stølen Hognåsen.

Herifrå går det god sti heilt ned att til bilvegen.

Du kjem ned ikkje langt frå Lærdal Hotell, ein spasertur frå Lærdal ferie-og fritidspark og sentrum.

 

Sjukehusvegen-Oftedalen

Start ved Oftabrua, ca 300 m aust for sjukehuset, 2 km frå sentrum.

Gå på venstre sida av elva oppover til stølsbrui, over denna til informasjonstavla der stølsvegen byrjar.

Stien har turrettleiing og stadnamnskilt.

Oftedalen ligg ca 780 m.o.h. og turen tek omlag 2-3 timar frå Ofta.

Det er mange fine punkt oppover her, der du kan nyta fantastisk naturlandskap og utsikt over dal og fjord.

 

5 gode grunnar for opphald hjå Lærdal Ferie- og Fritidspark

  • Naturopplevingar direkte ved den storslåtte Sognefjorden.
  • Utallige kultur- og fritidsmulegheiter, bl.a. i vårt nye Lærdal Showtheater. 
  • Kort veg til alle sjåverdigheiter og aktivitetar i regionen.
  • Overnatting i alle prisklasser - camping, økonomirom, leiligheiter og hytter.
  • God infrastruktur med restaurant, utleige av sportsutstyr og eigen aktivitetspark Motorikpark™ Lærdal.

Nyheiter, tilbod og sosiale media

Nyheiter

Elvis - The Musical

og Lyse dagar

25.-27. april

 

> Nyheiter...

Ledige jobbar

Me søkjer servitørar, reinhaldar, resepsjonist.

 

> Ledige jobbar...

Wanderferien in Lærdal

Social Media & Vêret

Besøk og følg oss også på våre ulike sosiale media kanalar og følg med på ferievêret!

> Koble deg til!

Wanderferien in Lærdal

Vår Youtube kanal

Få dine fyrste inntrykk av Lærdal Ferie- og Fritidspark og Lærdal med Sognefjorden her!

> Vår Youtube kanal

Winter am Sognefjord

Vinter ved Sognefjorden

Også om vinteren er Lærdal og Sognefjordregionen attraktiv! Opplev vinteraktivitetar eller stillheita!

> Les meir!

Wanderferien in Lærdal

Vandreferie i Lærdal

Vandreeldoradoet Lærdal - Gled deg til ugløymelege feriedagar i naturskjønne omgjevnader ved Sognefjorden!

>Les meir!

Radurlaub in Norwegen

Sykkelferie i Norge

Tur-, racer- og terrengsykling i Lærdal ved Sognefjorden i Norge! Her byr vi på flott natur og varierte turer!

>Les meir!

BOOK VÅRE SHOW