Motorikpark™ Lærdal - nordens fyrste!

Motorikkparken er vinterstengd.
Åpen frå medio mars 2026.
Stolt presenterer vi nordens fyrste Motorikpark™ Lærdal direkte ved Sognefjorden. Leik og trening for små barn (2-10 år) og store barn (10-100 år)! Her ligg det til rette for morosam leik og trening i flotte naturomjevnader i fjordkanten av Lærdalsfjorden. Motorikkparken ligg vis à vis Lærdal Ferie- og Fritidspark med adresse Grandavegen 9, 6887 Lærdal.
Motorikkparken byr på trening og bevegelse for alle generasjonar og nivå. Alt i frå barnehage til pleie- og rehabpasientar og toppidrettsutøvarar. Du bestemmer sjølsagt i kva tempo og kva apparatar du ønskjer å bruke sjølv.
I motorikkparken kan ein klatre, balansere, køyre tråbil, trene styrke i eigen styrkepaviljong for å nemne nokre mulegheiter. Om du ønskjer rettleiing i bruk av apparatane, treningsveiledning aleine, saman med ein ven eller gruppe, tilbyr vi også timer med personleg trenar. For å lesa meir om motorikkparken, kan de sjå: www.motorikkpark-laerdal.no
| Motorikpark™ (inkl. tråbilar) | Dagsbillett | 
|---|---|
| Per person (Vaksne / barn frå 4 år) | NOK 85,- | 
| Familiebillett (2 vaksne + inntil 3 barn) | NOK 250,- | 


 
									 
									 
									 
									 
									