Nyheiter hjå oss og elles i Lærdal
Ei oppdatering frå oss omkring drift og tilbod i desse Covid-19 tidene:
Overnatting/Camping:
Vi ber dykk halde dykk orientert om dei løpande reiseråda og endringar frå myndigheitene
https://www.regjeringen.no/no/tema/utenrikssaker/reiseinformasjon/korona_info/id2691821/
Vi har per no ope alle våre overnattingsfasilitetar for reisande forutsett at dei gjeldande reiseråda vert fylgde.
Stars in Concert:
- Alle show for 2020 vart utsett, men no er det løyve å planlegga konsertar og andre arrangement frå juli og utover.
I den forbindelse har me den store gleda av å ynskja dykk velkomne til SIMPLY THE BEST - THE TINA TURNER STORY! 9.-11. september 2021!
- Alle kjøpte billettar frå fjorårets show, er gyldige. Om du har billettar til ein av dei andre utsette showa, kan du fint byta dei inn i SIMPLY THE BEST - THE TINA TURNER STORY.