Book Online
Multimedia
slide1.jpg
slide3.jpg
slide4.jpg
slide5.jpg
slide6.jpg
slide7.jpg

SKØYTER

4Lærdal har sterke skøytetradisjonar. P.g.a. varierande vertilhøve vert det ikkje regelmessig laga arrangement, men så fort kulden kjem er skøytegruppa i idrettslaget i gang med islegging. Skøytebana i Lærdal er ei fullverdig 400-meters bane i tillegg til ei indre bane for barn.

 

Det har i fleire år vore arbeidd med kunstisanlegg i Lærdal, men har stranda pga. dårleg kommuneøkonomi. Har du lyst å gje di støtte med klingande mynt, ta kontakt her!
Det elles gode klimaet i Lærdal ville gjort eit kunstisanlegg i Lærdal svært attraktivt med god skøyteis frå midten av oktober til midten av april.

 

Lærdal har med sine flate asfalterte nesten bilfri vegar ypparlege forhold for trening på rulleskøyter og sykling. I tillegg til dei høge fjella med bratte fjellsider gjev det perfekt barmarkstrening for skøyteløp.

 

Har du eit arrangement eller treningsleir du ynskjer å gjennomføre, ta gjerne kontakt. Vi er gjerne med på både tilrettelegging og som sponsor.

icon-facebookicon-googleicon-you-tubeicon-instagram

Webdesign and -programming tourismustraining.at - Austria