Book Online
Multimedia
slide1.jpg
slide3.jpg
slide4.jpg
slide5.jpg
slide6.jpg
slide7.jpg

SPORT OG AKTIV FERIE

Storehaugen Opp utsiktLærdal Ferie- og Fritidspark er ein ideell lokasjon for ein aktiv ferie, treningsleirar og konkurransar. Sidan dalen er flat i botnen, og har vegar som leiar opp i fjella, gir det moglegheiter for både fartsleik og klatretrening for både sykling, ski og løping. Her blir det også arrangert motbakkeløp, på ein av dei finaste turvegane me har i området, "Storehaugen Opp".

 

Lærdal og området rundt tilbyr eit eldorado av turmoglegheiter, og mange av desse kan ein nå med ein gåtur frå ferieparken. Med fjorden rett utanfor hyttedøra eller campingvogna, har ein også moglegheiten til fisking, eller rett og slett berre nytte stillheita ved fjorden.

 

Det ligg ein idrettshall berre 1 km frå fritidsparken, som i tillegg til idrettshallane i Aurland og Årdal, er arena for arrangement som t.d. Veterancupen.

 

 

 

P1011244Me har vore vertar for både treningsleirar og arrangement i samband med sykling, løping, triathlon, fotball og handball. Me tilbyr gjerne hjelp med organisering, og bidreg som sponsor, om du ynskjer å gjennomføre ein treningsleir eller eit anna arrangement. Tlf: 57 66 66 95, info@laerdalferiepark.com

 

 

 

   

VANDRING OG TOPPTURAR

Storehaugen gruppebildeLærdal og regionen rundt tilbyr naturskjønne turvegar med fleire ulike vanskelegheitsgrader. Fleire av turvegane, både flate, middels og bratte, ligg berre ein gåtur frå ferieparken.

 

Du kan laste ned oversiktskart og beskrivelsar for turvegar i nærleiken av Lærdal Ferie- og Fritidspark her:  

 

 

Les mer ...

   

FISKE og BÅTLIV

IMG 5578Med fjorden rett utanfor hyttedøra eller campingvogna, byr det opp til både fisketur eller rett og slett berre nyte stillheita på fjorden.

 

Vi leiger ut båtar, med og utan motor.

Les mer ...

   

SYKLING

Aurlandsfjellet på sykkelI Lærdal får du flotte sykkelopplevingar, anten på racer/landevegssykkel, tursykkel eller terrengsykkel, for både den lette søndagsturen eller for den profesjonelle. Dalføret er svært eigna til lette turar for alle nivå og aldersgrupper.


Vi har nesten bilfrie sidevegar oppover dalen (parallellvegar til E-16) og ein flott nesten bilfri veg langs fjorden til det gamle ferjeleie Revsnes.

 

Nedanfor kan du laste ned oversiktskart og beskrivelsar.
På nettsida vår www.laerdalsport.com finn du kart, beskrivelsar og høgdeprofilar på nokre av rutene.
DSC02186På ferieparken kan du og leige alle type syklar om du ikkje har med sjølv. Vi har barnesyklar, terreng-, cross-, hybrid-, racer- (både aluminium og carbon) og triathlonsyklar. Last ned prisliste på leige lff priser 2014.pdf, meir beskrivelsar finn du og på nettsida til vår eigen avdeling Lærdal Sport og Rekreasjon

 

 

I tillegg til alle type syklar finn du her eit stort utval av trøbilar, også eigna for vaksne. Norway 2Her kan du arrangere rallyløp for firma / organisasjonar, trafikkskule for barn etc. 

 

 

 

 

 

 

 

P6110939Lærdal er kjend for eit aktivt sykkelmiljø i Lærdal Sykkelklubb og har bl.a. arrangert NM i landevegssykling, ungdomsmeisterskap og ikkje minst 26 gonger Norsk Syklefestival, eit internasjonalt sykkelritt for eliteryttarar over 5 dagar. I tillegg har klubben arrangert tursykkelrittet Oslo-Lærdal fleire gonger på 80- og 90-talet, i tillegg rekordforsøksdistansen Lærdal-Oslo. Kjende proffesjonelle ryttarar som George Hincapie, Tor Hushovd, Kurt Asle Arvesen, Glenn Magnusson, Jan Boven har delteke og vunne etappar i Lærdal. I tillegg bl.a. Jorrit Bergsma, ein av dei beste nederlandske skøyteløparane for tida, Olympiameister på 10.000 meter i Sotsji deltok og vann etappar i 2007.

 

Har du eit arrangement eller treningsleir du ynskjer å gjennomføre, ta gjerne kontakt. Vi er gjerne med på både tilrettelegging og som sponsor.

 

I fjellområda våre, Fillefjell, Hemsedalsfjellet og Aurlandsfjellet, er det flotte fjellvegar (grus- og steinvegar) som eignar seg godt til terrengsykling eller ein cross/hybrid sykkel.

 

Ein av dei flottaste sykkelturane kan du få med å sykle frå golfbana på Rikheim / Mo og vidare opp Råsdalen, heilt til snaufjellet. Turen eignar seg terrengsykkel eller ein robust
cross/hybrid sykkel. Her får du ei stillheit og natur som du knapt finn nokon stad i landet.

 

Last ned oversiktskart sykkelturar i Lærdal Sykkelruter_norsk_2008.pdf
Beskrivelsar av asfaltruter Racing_and_touring_routes_description.pdf
Beskrivelsar av terrengruter Mountainbike_routes_description.pdf

 

Nedanfor finn du fleire døme på sykkelruter med utgangspunkt i Lærdal for rundar i regionen. Vi kan og gje tilbod på servicebil med mekanikar og deler/utstyr undervegs for mindre/større gruppar / firmaturar.

 

Med utgangspunkt i Lærdal kan du og utforske heile Sognefjordregionen på sykkel.
Her er nokre døme på asfaltruter:

  • Lærdal – Aurland over "Snøvegen" / Aurlandsfjellet, ei utfordrandre rute med høgdeskilnad på hele 1.400 meter. Stigning ca 25 km, og ein avsluttande panorama-utforkøyring. Lengde 50 km. Du syklar og tilbake, tek buss eller båt/ferje.
  • Lærdal – Fillefjell – Tyin – Øvre Årdal – Årdalstangen – Fodnes. Høgdeskilnad på 1.100 meter, "platå"stigningar frå Lærdal til starten på Fillefjell (ca 55 km), flatt og litt utfor frå toppen på Fillefjell til Tyinkrysset før det stig att opp til Tyin og flatt på fjellet Tyin-Årdal. Bratt nedkjøring frå Holsbru, ca 10 km til Øvre Årdal. Flatt/småkupert frå Øvre Årdal til Fodnes. Her tek du buss til Lærdal eller vert henta. Ruta kan sjølvsagt syklast motsett veg.
  • Fodnes - Øvre Årdal – Turtagrø – Kaupanger.
  • Kaupanger – Solvorn – Urnes – Skjolden – Gaupne – Kaupanger.
  • Lærdal – Hemsedal – Vaset – Valdres – Fillefjell – Lærdal
  • Lærdal/Aurland – Aurlandsdalen – Hol – Gol – Lærdal

 

Her er nokre døme på terrengruter:

  • Råsdalen
  • Flåmsdalen:
  • Fillefjell
  • Hemsedal
  • Kaupangerskogen
   

JAKT

Lærdal er kjend for stor jaktinteresse og eit mangfaldig jaktterreng. Her kan du jakte på t.d. hjort, rein, elg og småvilt.

Les mer ...

   

KLATRING og ISKLATRING

KLATRING

Isklatring sogndalsdalenLike ved ferieparken, ca 500 meter fottur til Hedler, har vi utvikla eit klatrefelt med 6 ruter for nybyrjar og middels nivå.

Les mer ...

   

KOMBITURAR SYKLING OG VANDRING

Tur til Hausen langs SognefjordenMed utgangspunkt frå ferieparken har du varierte flotte turar på sykkel kombinert med vandring.
Nokre eksempel:
Hausen
Sykling utover langs Lærdalsfjorden nesten ut til gamle Revsnes ferjekai.

Les mer ...

   

TRIATHLON AKTIVITET

P1011244Lærdal Ferie- og Fritidspark er nærast ein eigen triathlonarena. Her kan du symje i kanalen eller i fjorden, løpe både flatt på asfalt eller på grus langs elvebredden eller i middels bratt terreng på ein av turvegane. Sykkelruta langs fjorden er heilt ideell for fartstrening og temposykling, der det nærast er bilfritt.

Les mer ...

   

icon-facebookicon-googleicon-you-tubeicon-instagram

Webdesign and -programming tourismustraining.at - Austria