Book Online
Multimedia
slide1.jpg
slide3.jpg
slide4.jpg
slide5.jpg
slide6.jpg
slide7.jpg

Storehaugen Opp utsiktLærdal Ferie- og Fritidspark har ei ideell lokalisering for aktiv ferie, målretta treningsleirar og konkurransar. Med ein dal som er flat i bunnen og vegar som fører opp til høgfjellet er det muligheiter for både fartsleik og klatretrening på t.d. sykkel, ski og løping. Her vert t.d. arrangert motbakkeløp på ein av dei flottaste turvegar vi har i regionen; Storehaugen Opp. Her er turvegar i alle kategoriar, fleire med utgangspunkt frå ferieparken, både flate, middels og bratte turar.  


Med fjorden rett utanfor hyttedøra eller campingvogna, byr det opp til både fisketur eller rett og slett berre nyte stillheita på fjorden.

 

Her er stor idrettshall kun 1 km frå ferieparken, i tillegg til store idrettshallar både i Aurland og Årdal som byr på samkøyring av arrangement som t.d. Veterancup.

 

P1011244Vi har vore vertskap for både treningsleirar og arrangement innan bl.a. sykling, løp, triathlon, fotball og handball. Har du eit arrangement eller treningsleir du ynskjer å gjennomføre, ta gjerne kontakt. Vi er gjerne med på både tilrettelegging og som sponsor. Tlf 57 66 66 95, info@laerdalferiepark.com

 

 

 

icon-facebookicon-googleicon-you-tubeicon-instagram

Webdesign and -programming tourismustraining.at - Austria