Reservar en línea
Multimedia
slide1.jpg
slide3.jpg
slide4.jpg
slide5.jpg
slide6.jpg
slide7.jpg

Ofertas de empleo

Ledige sesongstillingar

IMG 9999Søkjer du utfordrande arbeidsoppgåver i eit internasjonalt miljø? Då har vi arbeid til deg!
Lærdal Ferie- og Fritidspark er eit ferieanlegg med ca 45.000 gjester årleg, av dei ca 75% utanlandske. Ferieparken ligg svært sentralt til, 310 km frå Oslo og 205 km frå Bergen med direkte ekspressbussforbindelsar fleire gonger dagleg.


Får du arbeid her, er du heldig å oppleve eit av verdas vakraste reisemål, med alle mulegheiter for naturopplevingar til fots, på sykkel, i båt eller i bil. Ferieparken ligg heilt i fjordkanten innerst i verdas lengste fjord, Sognefjorden.

 

For sommarsesongen 2013 har vi ledig:

  • Reinhaldarar
  • Resepsjonistar

51 

Krav til stillingane:

  • Relevant erfaring
  • Språk: skandinavisk og/eller engelsk

 

Stillingar: deltid / heil / sesong (varierande frå 1.5 til 1.9.)
Lønn etter avtale / tariff
Tilsetjing: varierande perioder 1. mai til 1. sept.
Søknadsfrist: 15. februar 2013, til e-post: job@aarethun.no 
For meir informasjon, ta kontakt, tlf. 57 66 66 95, job@aarethun.no

icon-facebookicon-googleicon-you-tubeicon-instagram

Webdesign and -programming tourismustraining.at - Austria