Ledige jobbar
Lærdal Ferie- og Fritidspark er ei turist- og sportsverksemd innerst i Indre Sogn med ein unik beliggenheit rett ved Sognefjorden, open heile året. Vi er ein av dei største turistverksemdene i fylket med årleg besøkstal på ca. 50.000, solid drift (25 år i 2018) og har i tillegg eit stort utval av aktivitetar, med bl.a. Skandinavias fyrste Motorikpark™, og salsprodukt innan sportsartiklar, deriblant distribusjon av BERG trampoliner og tråbilar i Norge. Vi er i stadig vekst og søkjer forsterking av leiar- og salsteamet. I tillegg søkjer vi sesongarbeidarar innan reinhald, servering og resepsjonsarbeid, sjå nedanfor.
Vi søkjer Event-leiar for
- utvikling og gjennomføring av nye og eksisterande aktivitetar/arrangement innan SPORT, NATUR, KULTUR, MAT,
- del av leiar-, resepsjons- og salsteamet,
- oppstart medio mars/april (vi er fleksible for den rette søkjar),
- 100% stilling (fleksibel 75-100%), løn etter avtale/kvalifikasjonar
Du kan sikre deg ein artig jobb i eit internasjonalt miljø om du;
- er utadvent, fleksibel, kreativ og har gjennomføringsevne,
- har god skriftleg og muntleg norsk- og engelsk framstillingsevne,
- har relevant utdanning og/eller kvalifisert erfaring frå liknande arbeid,
- har tilstrekkelege datakunnskapar (office)
Du sender søknad med CV på ein av dei mest skapande jobbane i Sogn til:
Aarethun AS, P.b. 7, 6886 Lærdal
eller på mail: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Innan 15.01.2019.
For spørsmål om stillinga: Tlf. 900 12 952. Even Aarethun
For sommarsesongen 2019 har vi ledige sesongstillingar som:
- Resepsjonsmedarbeidar (1 ledig)
- Servitør- og resepsjonsmedarbeidar (1 ledig)
Krav til stillingane: Relevant erfaring. Språk: norsk og engelsk, fleire språk er eit fortrinn
- Reinhaldarar (2 ledige)
Krav til stillingane: Relevant erfaring. Språk: engelsk, fleire språk er eit fortrinn
Lønn etter avtale / tariff
Tilsetjing: frå ca 1. mai til medio september
Søknadsfrist: 15.01.2019, e-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
For meir informasjon, ta kontakt, tlf. 900 12 952, Even Aarethun