Fotturar

I Lærdal finn du korte og lengre fotturar. Mange med spektakulær utsikt.

 

Vi har delt inn fotturane i området i tre kategoriar

Kategori 1: Korte fotturar som passar for alle.
Kategori 2: Middels tunge fotturar med ulent terreng og bratte parti.
Kategori 3: Harde fjellturar som byr på ulent terreng og mykje stigning.

 

Kategori 1

Mjølkeflaten/Dagsturhytta - 30 min / 95 moh / 0,9 km

Kort og fin familietur til dagsturhytta med flott utsikt over bygda - oppstigning startar like ved oss. Kan også gå vidare og ned til Stødno. Denne ekstra ruta vil ta ca. 30 minutt og du endar opp rundt 2 km vekke frå Lærdal Ferie- og Fritidspark. 

 

Øvre Vangen - 30 min / 175 moh / 0,7 km

Ruta starta omtrent 2 km opp i dalen, like ved sjukehuset. Her har du mange forskjellige turmål, alt ettsom kor langt du vil gå. Fyrste "hovudstopp" er Øvre Vangen, som ligg ca 175 meter over havet. Flott utiskt utover dalen for både små og store. Du kan gå vidare opp til Løberg, Oftedalen eller Torsteinen herfrå (sjå lenger nede). 

 

Kategori 2

Løberg - 45+ min / 360 moh / 1,4 km

Om du fortsett frå Øvre Vangen, kjem du til Løberg. Løberg har eit eige utsiktspunkt som ein kan gå ut på. Flott utsikt framover og nedover dalføret. For å finne utsiktspunktet må du gjennom skogen mot høgre når du står og ser opp på skiltet "Løberg". 

 

Oftedalen  - 75 min+ / 780 moh / 3,4 km

Går du vidare frå Løberg, så flatar terrenget omsider litt ut. Går du ca 30-45 minuttar til frå Løberg, så vil du kome til Oftedalen, der det ligg fleire fjellseter (hytter). På Oftedalen får du ei god utsikt nedover dalen. 

Harasiglet - 30 min / 250 moh / 0,8 km

Harasiglet har to moglege ruter. Den eine startar i Sviggum, rett ved innkøyringa til Sjukehusvegen. Den andre er ved Seklepp?, like ved brannstasjonen. Turen tek ca. 30 minuttar og du får flotte utsiktspunkt langs ruta. Om du vil gå vidare til Storehaugen (sjå nedanfor), så er dette starten på turen. 

 

Vindhellvegen / Kongevegen

Den mest kjende turstrekninga finn du på Kongevegen/Vindhellavegen som fører deg til Borgund Stavkyrkje. Opplev den fantastiske vegen bygd av Sherparar. Som om turen i seg sjølv ikkje er nok, så endar du opp på severdige Borgund Stavkyrkje - ei av dei mest kjende stavkyrkjene i verda. 

 

Kategori 3

Storehaugen - 75 min+ / 908 moh / 3,7 km

Vidare opp frå Harasiglet finn du Storehaugen. Storehaugen er ein velkjend topp og brukast blant anna som motbakkeløp årleg. Terrenget er bratt heile vegen, og du bestig 908 høgdemeter. Utsikten er definitivt verdt det! 

 

Fagerset – Stødno

Om du tek turen til Fodnes Ferjekai, så kan du starte på ruta Fagerset-Stødno. Turen startar bratt, men flatar ut når du har passert høgdemeterane. Du kjem attende til Stødno i Lærdal, ca. 2 km frå Lærdal Ferie- og Fritidspark. 

 

Torsteinen - 150 min+ / 1180 moh / 5,5 km

Lærdals råaste utsikt? Mange vil påstå det! Er du sprek og leitar etter ein plass å ta ditt neste bilete på Instagram, så er dette turen for deg! Torsteinen er ein stein som ligg nesten 1200 m.o.h. Denne kan du klatre opp på og nyte utsikten over heile dalen og utover fjorden. Turen er krevjande med mange bratte parti - og stien kan være litt vanskeleg å følgje. Estimert tidsbruk er rundt 3 timar opp. 

 

5 gode grunnar for opphald hjå Lærdal Ferie- og Fritidspark

  • Naturopplevingar direkte ved den storslåtte Sognefjorden.
  • Utallige kultur- og fritidsmulegheiter, bl.a. i vårt nye Lærdal Showtheater. 
  • Kort veg til alle sjåverdigheiter og aktivitetar i regionen.
  • Overnatting i alle prisklasser - camping, økonomirom, leiligheiter og hytter.
  • God infrastruktur med restaurant, utleige av sportsutstyr og eigen aktivitetspark Motorikpark™ Lærdal.

Nyheiter, tilbod og sosiale media

Nyheiter

Elvis - The Musical

og Lyse dagar

25.-27. april

 

> Nyheiter...

Ledige jobbar

Me søkjer servitørar, reinhaldar, resepsjonist.

 

> Ledige jobbar...

Wanderferien in Lærdal

Social Media & Vêret

Besøk og følg oss også på våre ulike sosiale media kanalar og følg med på ferievêret!

> Koble deg til!

Wanderferien in Lærdal

Vår Youtube kanal

Få dine fyrste inntrykk av Lærdal Ferie- og Fritidspark og Lærdal med Sognefjorden her!

> Vår Youtube kanal

Winter am Sognefjord

Vinter ved Sognefjorden

Også om vinteren er Lærdal og Sognefjordregionen attraktiv! Opplev vinteraktivitetar eller stillheita!

> Les meir!

Wanderferien in Lærdal

Vandreferie i Lærdal

Vandreeldoradoet Lærdal - Gled deg til ugløymelege feriedagar i naturskjønne omgjevnader ved Sognefjorden!

>Les meir!

Radurlaub in Norwegen

Sykkelferie i Norge

Tur-, racer- og terrengsykling i Lærdal ved Sognefjorden i Norge! Her byr vi på flott natur og varierte turer!

>Les meir!

BOOK VÅRE SHOW