Naturattraksjonar - Sognefjorden & Jotunheimen

Verdas lengste isfrie fjord, Sognefjorden, er over 200 km lang og 1300 meter på det djupaste. I lag med nasjonalparkane Jotunheimen og Jostedalsbreen har du her eit av verdas vakraste landskap som byr på eit unikt mangfall av opplevingar i natur, aktivitetar og kulturattraksjonar.

 

Frå Lærdal Ferie- og Fritidspark har du kort veg til å oppleve heile Sognefjordregionen med både Jotunheimen og Jostedalsbreen. 

 Kajak_kano.jpgNigardsbreen.jpgmotivewithfjord.jpg

 

Sognefjorden

Opplev Sognefjorden direkte fra ferieparken! Her kan du svømme frå stranda eller hamna, ro kano eller robåt - nyt roen og stillheita! Eller med motorbåt for å fiske eller ta eit av fjordcruisa frå Lærdal og til Gudvangen gjennom Nærøyfjorden. På sykkel langs Sognefjorden med flott fjordutsikt på nesten bilfrie vegar - du finn knapt betre oppleving!

Nærøyfjorden, fjordarm av Sognefjorden og del av Lærdal kommune står på Unesco si verdsarvliste.

 

Våre topp 3 fjordtips:

1. Fjordoppleving med robåt - nyt stillheita på fjorden heilt åleine eller med familien! Fiske er muleg. Lærdalsfjorden er ikkje så hektisk som andre fjordarmar som Aurlandsfjordden eller Nærøyfjorden.

2. Fjordoppleving med fjordcruise ferje frå Lærdal til Gudvangen - startar kun 500 meter frå ferieparken! Opplev den trange Nærøyfjorden! På tilbaketuren til Lærdal, køyr gjerne over den kjende "Snøvegen" / Aurlandsvegen. Dette er ein av dei flottaste rundturane i Norge og verda! 

3. Norge i eit nøtteskal. Den berømte rundturen startar kun 40 km frå ferieparken, i Flåm. 

 

Nationalpark Jotunheimen

Jotunheimen er den høgste og største fjellkjeda i Norge og Skandinavia. Gjennom nasjonalparken Jotunheimen kan du køyre Nordeuropas høgstliggande fjellveg Sognefjellsvegen. Ein av dei største sjåverdigheitene finn du på vegen til Jotunheimen, Vettisfossen i Øvre Årdal, med sine 275 meter fritt fossefall. Vettisfossen ligg ca 50 km + ein vandretur på ca 2 timar unna ferieparken. Rundturen via "Tindevegen" frå Øvre Årdal via Turtagrø og Nigardsbreen i Jostedalen er ein av dei mest spektakulære rundturane i regionen vår. Les her meir om våre anbefalte rundturforslag.

 

 Rundturtips her!

 

Jostedalsbreen

Jostedalsbreen er europas største fastlandsbre. Den ligg ca 75 km pluss ein ferjetur unna ferieparken (ca 2 timar med bil). Breheimsenteret i Jostedal byr på flotte guida breturar.

 

Våre TOPP tips til rundturar i fjordverda vår!

 

Opplev Sognefjorden direkte fra ferieparken! Her kan du svømme frå stranda eller hamna, ro kano eller robåt - nyt roen og stillheita! Eller med motorbåt for å fiske eller ta eit av fjordcruisa frå Lærdal og til Gudvangen gjennom Nærøyfjorden. På sykkel langs Sognefjorden med flott fjordutsikt på nesten bilfrie vegar - du finn knapt betre oppleving!

5 gode grunnar for opphald hjå Lærdal Ferie- og Fritidspark

  • Naturopplevingar direkte ved den storslåtte Sognefjorden.
  • Utallige kultur- og fritidsmulegheiter, bl.a. i vårt nye Lærdal Showtheater. 
  • Kort veg til alle sjåverdigheiter og aktivitetar i regionen.
  • Overnatting i alle prisklasser - camping, økonomirom, leiligheiter og hytter.
  • God infrastruktur med restaurant, utleige av sportsutstyr og eigen aktivitetspark Motorikpark™ Lærdal.

Nyheiter, tilbod og sosiale media

Nyheiter

Elvis - The Musical

og Lyse dagar

25.-27. april

 

> Nyheiter...

Ledige jobbar

Me søkjer servitørar, reinhaldar, resepsjonist.

 

> Ledige jobbar...

Wanderferien in Lærdal

Social Media & Vêret

Besøk og følg oss også på våre ulike sosiale media kanalar og følg med på ferievêret!

> Koble deg til!

Wanderferien in Lærdal

Vår Youtube kanal

Få dine fyrste inntrykk av Lærdal Ferie- og Fritidspark og Lærdal med Sognefjorden her!

> Vår Youtube kanal

Winter am Sognefjord

Vinter ved Sognefjorden

Også om vinteren er Lærdal og Sognefjordregionen attraktiv! Opplev vinteraktivitetar eller stillheita!

> Les meir!

Wanderferien in Lærdal

Vandreferie i Lærdal

Vandreeldoradoet Lærdal - Gled deg til ugløymelege feriedagar i naturskjønne omgjevnader ved Sognefjorden!

>Les meir!

Radurlaub in Norwegen

Sykkelferie i Norge

Tur-, racer- og terrengsykling i Lærdal ved Sognefjorden i Norge! Her byr vi på flott natur og varierte turer!

>Les meir!

BOOK VÅRE SHOW