Book Online
Multimedia
slide1.jpg
slide3.jpg
slide4.jpg
slide5.jpg
slide6.jpg
slide7.jpg

SKI OG ALPINT

Trugegang LærdalsfjellaLærdal er som kjend svært nedbørsfattig og difor lite snø, men frykt ikkje. Det finst eit svært godt utval til skiaktivitet i kommunen og området. I tillegg er Lærdal med sine mange flate asfalterte nesten bilfri vegar ypparleg for rulleski og barmarkstrening. 

 

Sluppen – langrenn, frikøyring, trugegang
Naturskjønt område for langrenn, frikøyring og trugegang berre 20 minuttars køyring frå ferieparken. Tilgjengeleg frå medio februar (vinterferie). Før brøyting av vegen opp til Varahaug bru, er det sjølvsagt muleg å parkere langs vegen så langt opp du kan køyre og spenne på deg skia der.

 

Fillefjell / Maristova (Gramstølen) – langrenn preparert løype
Prøv den nye preparerte løypa frå Gramstølen i vest til skisenteret i aust på Fillefjell. Kun knappe 50 km frå ferieparken. Her er det muleg å gå rundtur frå Gramstølen via Sulebu, Børreli tilbake vegsida via Fillestølen, Buhaugane, Brusestølen og Stovestølen tilbake til Gramstølen.

 

Fillefjell / Nystuen – alpint, langrenn
Ca. 70 km frå ferieparken finn du skisenteret på Fillefjell med fleire skiheisar og nedfarter. Eit godt pris- og barnevenleg alternativ til dei store anlegga i Hemsedal og frå Lærdal enno kortare.
Her finn du all info om skisenteret på Fillefjell: www.tyinfilefjell.no

 

Hemsedal / Hemsedalsfjellet – alpint, langrenn, frikøyring
Hemsedal (ca 85 km frå ferieparken) er ein av dei fremste skidestinasjonane i landet. Her får du det aller beste av heisanlegg og nedfarter i tillegg til mange andre godt tilrettelagte aktivitetar. www.hemsedal.com

Om du vil gå langrenn, treng du ikkje køyre meir enn ca 50 km til du kjem på Hemsedalsfjellet med mange muligheiter.

 

Myrkdalen / Voss – alpint, langrenn, frikøyring
Litt lenger ifrå enn Fillefjell, men for dei som kjenner destinasjonen, på fleire måtar betre enn Hemsedal og Fillefjell pga. dei store snømengdene. Ca 100 km frå ferieparken, men mykje av strekningen går i tunnell og dermed isfritt, køyrer på ca 1t og 15 min. Info her:
www.vossfjellandsby.no

 

Sogn Skisenter / Frikøyrarmiljø Sogndal

 

Har du eit arrangement eller treningsleir du ynskjer å gjennomføre, ta gjerne kontakt. Vi er gjerne med på både tilrettelegging og som sponsor.

icon-facebookicon-googleicon-you-tubeicon-instagram

Webdesign and -programming tourismustraining.at - Austria