Book Online
Multimedia
slide1.jpg
slide3.jpg
slide4.jpg
slide5.jpg
slide6.jpg
slide7.jpg

VINTER I LÆRDAL OG SOGNEFJORDREGIONEN

Vintervandring i LærdalLærdal Ferie- og Fritidspark har ei ideell lokalisering og for vinteraktivitet.

 

Riktignok har ikkje Lærdal og Sognefjordregionen mange kulturattraksjonar og visningssenter ope om vinteren, men for å oppleve den storslåtte Sognefjordnaturen i ro og mak er du komen på rett plass.

Her kan du utforske dei særmerkte attraksjonane på både ski og til fots. I tillegg har du kort veg til store skidestinasjonar som Hemsedal, Fillefjell og Myrkdalen.

 

isklatring LærdalHar du klatreerfaring kan du prøve eit av verdas beste område på isklatring. Lærdal sitt tørre klima og solfattige vintrar gir stabile tilhøve for isveksten i dei mange fossefalla.

 



 

 

 

 

 

 

 

 

 

4I Lærdal har vi og ei flott skøytebane som stort sett har is frå november til medio mars.

 

 

 

 

 

 

 

Vinteropne attraksjonar:

 

   

VINTERVANDRING

3I Lærdal og regionen finn du eit eldorado av turvegar i alle vanskeligheitsgrader.
Fleire turvegar har utgangspunkt i gangavstand frå ferieparken, både flate, middels og bratte turar. Stort sett alle turar i Lærdal eignar seg og godt om vinteren pga. det tørre klima med svært lite nedbør. Ein kan ofte gå opptil 700-800 meters høgde heile vinteren nesten utan snø. Eit tips er å ha med truger eller sette hurtigtruger under vandreskoa.

Les mer ...

   

ISKLATRING

isklatringLærdal er kjend som ein av dei beste isklatrar-destinasjonane i verda. Grunnen til dette er det unike tørre klima og ofte kalde periodar i januar og februar utan nedbør. Dette gjev stabile tilhøve for isveksten i dei mange fossefalla vi har rundt oss i Lærdalsdalen.

 

Last ned eigen pdf. for beskrivelsar om isklatre-ruter: NORWAY_ICE_Laerdal_Climbing_guide.pdf

   

SKI OG ALPINT

Trugegang LærdalsfjellaLærdal er som kjend svært nedbørsfattig og difor lite snø, men frykt ikkje. Det finst eit svært godt utval til skiaktivitet i kommunen og området. I tillegg er Lærdal med sine mange flate asfalterte nesten bilfri vegar ypparleg for rulleski og barmarkstrening. 

 

Sluppen – langrenn, frikøyring, trugegang
Naturskjønt område for langrenn, frikøyring og trugegang berre 20 minuttars køyring frå ferieparken. Tilgjengeleg frå medio februar (vinterferie). Før brøyting av vegen opp til Varahaug bru, er det sjølvsagt muleg å parkere langs vegen så langt opp du kan køyre og spenne på deg skia der.

 

Fillefjell / Maristova (Gramstølen) – langrenn preparert løype
Prøv den nye preparerte løypa frå Gramstølen i vest til skisenteret i aust på Fillefjell.

Les mer ...

   

SKØYTER

4Lærdal har sterke skøytetradisjonar. P.g.a. varierande vertilhøve vert det ikkje regelmessig laga arrangement, men så fort kulden kjem er skøytegruppa i idrettslaget i gang med islegging. Skøytebana i Lærdal er ei fullverdig 400-meters bane i tillegg til ei indre bane for barn.

Les mer ...

   

icon-facebookicon-googleicon-you-tubeicon-instagram

Webdesign and -programming tourismustraining.at - Austria