Book Online
Multimedia
slide1.jpg
slide3.jpg
slide4.jpg
slide5.jpg
slide6.jpg
slide7.jpg

SYKLING

Aurlandsfjellet på sykkelI Lærdal får du flotte sykkelopplevingar, anten på racer/landevegssykkel, tursykkel eller terrengsykkel, for både den lette søndagsturen eller for den profesjonelle. Dalføret er svært eigna til lette turar for alle nivå og aldersgrupper.


Vi har nesten bilfrie sidevegar oppover dalen (parallellvegar til E-16) og ein flott nesten bilfri veg langs fjorden til det gamle ferjeleie Revsnes.

 

 

Nedanfor kan du laste ned oversiktskart og beskrivelsar.
På nettsida vår www.laerdalsport.com finn du kart, beskrivelsar og høgdeprofilar på nokre av rutene.
DSC02186På ferieparken kan du og leige alle type syklar om du ikkje har med sjølv. Vi har barnesyklar, terreng-, cross-, hybrid-, racer- (både aluminium og carbon) og triathlonsyklar. Last ned prisliste på leige LSR_Prices.pdf, meir beskrivelsar finn du og på nettsida til vår eigen avdeling Lærdal Sport og Rekreasjon

 

 

I tillegg til alle type syklar finn du her eit stort utval av trøbilar, også eigna for vaksne. Norway 2Her kan du arrangere rallyløp for firma / organisasjonar, trafikkskule for barn etc. 

 

 

 

 

 

 

 

P6110939Lærdal er kjend for eit aktivt sykkelmiljø i Lærdal Sykkelklubb og har bl.a. arrangert NM i landevegssykling, ungdomsmeisterskap og ikkje minst 26 gonger Norsk Syklefestival, eit internasjonalt sykkelritt for eliteryttarar over 5 dagar. I tillegg har klubben arrangert tursykkelrittet Oslo-Lærdal fleire gonger på 80- og 90-talet, i tillegg rekordforsøksdistansen Lærdal-Oslo. Kjende proffesjonelle ryttarar som George Hincapie, Tor Hushovd, Kurt Asle Arvesen, Glenn Magnusson, Jan Boven, ..............., har delteke og vunne etappar i Lærdal. I tillegg bl.a. Jorrit Bergsma, ein av dei beste nederlandske skøyteløparane for tida, deltok og vann etappar i 2007.

 

Har du eit arrangement eller treningsleir du ynskjer å gjennomføre, ta gjerne kontakt. Vi er gjerne med på både tilrettelegging og som sponsor.

 

I fjellområda våre, Fillefjell, Hemsedalsfjellet og Aurlandsfjellet, er det flotte fjellvegar (grus- og steinvegar) som eignar seg godt til terrengsykling eller ein cross/hybrid sykkel.

 

Ein av dei flottaste sykkelturane kan du få med å sykle frå golfbana på Rikheim / Mo og vidare opp Råsdalen, heilt til snaufjellet. Turen eignar seg terrengsykkel eller ein robust
cross/hybrid sykkel. Her får du ei stillheit og natur som du knapt finn nokon stad i landet.

 

Last ned oversiktskart sykkelturar i Lærdal Sykkelruter_norsk_2008.pdf
Beskrivelsar av asfaltruter Racing_and_touring_routes_description.pdf
Beskrivelsar av terrengruter Mountainbike_routes_description.pdf

 

Nedanfor finn du fleire døme på sykkelruter med utgangspunkt i Lærdal for rundar i regionen. Vi kan og gje tilbod på servicebil med mekanikar og deler/utstyr undervegs for mindre/større gruppar / firmaturar.

 

Med utgangspunkt i Lærdal kan du og utforske heile Sognefjordregionen på sykkel.
Her er nokre døme på asfaltruter:

  • Lærdal – Aurland over "Snøvegen" / Aurlandsfjellet, ei utfordrandre rute med høgdeskilnad på hele 1.400 meter. Stigning ca 25 km, og ein avsluttande panorama-utforkøyring. Lengde 50 km. Du syklar og tilbake, tek buss eller båt/ferje.
  • Lærdal – Fillefjell – Tyin – Øvre Årdal – Årdalstangen – Fodnes. Høgdeskilnad på 1.100 meter, "platå"stigningar frå Lærdal til starten på Fillefjell (ca 55 km), flatt og litt utfor frå toppen på Fillefjell til Tyinkrysset før det stig att opp til Tyin og flatt på fjellet Tyin-Årdal. Bratt nedkjøring frå Holsbru, ca 10 km til Øvre Årdal. Flatt/småkupert frå Øvre Årdal til Fodnes. Her tek du buss til Lærdal eller vert henta. Ruta kan sjølvsagt syklast motsett veg.
  • Fodnes - Øvre Årdal – Turtagrø – Kaupanger.
  • Kaupanger – Solvorn – Urnes – Skjolden – Gaupne – Kaupanger.
  • Lærdal – Hemsedal – Vaset – Valdres – Fillefjell – Lærdal
  • Lærdal/Aurland – Aurlandsdalen – Hol – Gol – Lærdal

 

Her er nokre døme på terrengruter:

  • Råsdalen
  • Flåmsdalen:
  • Fillefjell
  • Hemsedal
  • Kaupangerskogen

icon-facebookicon-googleicon-you-tubeicon-instagram

Webdesign and -programming tourismustraining.at - Austria