Book Online
Multimedia
slide1.jpg
slide3.jpg
slide4.jpg
slide5.jpg
slide6.jpg
slide7.jpg

Om oss

Logo-Aarethun-AS

Aarethun AS (tidl. Lærdal Ferie- og Fritidspark ANS) vart stifta i 1994.
Lærdal Ferie- og Fritidspark vart drive av familien Aarethun under Erik M. Aarethun sitt firma allereide frå mai 1993, då Erik M. Aarethun vart spurd av Indre Sogn Sparebank om å drifte campingplassen som eit "prøveprosjekt" den sommaren.


logo lffCampingplassen vart etablert av Lærdal kommune i 1991 og vart leigd ut til eit privat lokalt AS som gav opp drifta på våren 1993. Vår familie vart forespurd og tok over drifta frå mai 1993. Frå ein einkel campingplass med 3.000 gjester fyrste året vi dreiv, har vi utvikla ferieanlegget Lærdal Ferie- og Fritidspark kvart år med ny bygningsmasse eller nye aktivitetar. Idag har vi mellom 40.000 og 45.000 gjester årleg. Sengekapasiteten er fullt utnytta på 250.

 

logo lsrI 2006 starta vi opp Lærdal Sport og Rekreasjon som driv guida vandre- og sykkelturar, utleige av båtar og syklar, sykkelbutikk og sykkelverkstad. Vi har i tillegg bl.a. importert det tyske sykkelmerket Steppenwolf frå 2006 og inntil 2012 då Steppenwolf gjekk inn i eit større konsern pga. insolvens.

 

 

BERG Toys importørFrå 2008 importerer og distribuerer vi dei verdskjende trøbilar / pedal gokarts og trampoliner frå nederlandske BERG Toys.

 

 

 

 

For å oppnå vår visjon om eit heilårleg komplett reiselivsanlegg er vi i ferd med å utvikle Lærdal Sport og Helsepark med bl.a. basseng, velværefunksjonar, solterapi, treningsfasilitetar (fyrst og fremst utandørs), tilgang på ulike private klinikkar og fysioterapi. Les meir om nyutviklinga her: lshpprospektweb.pdf
Arealplan for nytt anlegg her: lshparealplan.pdf

 

Eigarar/vertskap:
Even Aarethun - dagleg leiar og eigar, diplomøkonom og tidl. aktiv syklist
Elena Aarethun - ektefelle, nestleiar, tolk og språklærar

Erik M. Aarethun - eigar, ingeniør/bedriftsøkonom og tidl. aktiv skøyteløpar, tidl. president i Norges Cykleforbund.

 

 

 

icon-facebookicon-googleicon-you-tubeicon-instagram

Webdesign and -programming tourismustraining.at - Austria