Fasilitetar og aktivitetar

Hytter i tradisjonsrik byggestil

 

 

Våre hytter, bygd mellom 1996 og 1999 i tillegg til nye hytter i 2003 og 2004, er bygd med inspirasjon frå det gamle trehusmiljøet på Gamle Lærdalsøyri, 400 meter frå Lærdal Ferie- og Fritidspark. Hyttene har høg standard, med plass til 4-6 personar, vi anbefaler maks 4 vaksne.

 

Innreiing: 1. etasje; 1 soverom, dusj og wc,kjøkken, stove m/TV og uteplass. 2. etasje; hems (med trapp opp) med 2-4 soveplassar. I dei nye hyttene bygd i 2003, er alt på eitt plan med 1 eller 2 soverom, evnt. og oppreiing på sovesofa i stova.

 

Leilegheiter/hotellrom i moderne byggestil

 

I våre leilegheiter, bygd i 2000 og 2002, kan du føle deg som på eit stort komfortabelt hotellrom med mulegheit til å lage mat sjølv. Leilegheitene har enten terrasse eller balkong med utsikt mot Sognefjorden eller mot det gamle trehusmiljøet på Lærdalsøyri.

 

Leilegheitene har dusj, wc, utstyrt kjøkkenkrok, TV og god garderobeplass. God plass for 2 vaksne, og evnt. mulegheit for 1 ekstra person på klappseng.

 

[SJÅ FLEIRE BILDER]

 


Rom, vårt billegaste alternativ innandørs!

 

Vårt billegaste overnattingstilbod innandørs, men likevel av høg standard. Ei god seng i enkelt eller dobbeltrom, dusj og wc i korridoren. Felles opphaldsrom m/TV.

 

Campingplass

 

Vår campingplass med flate asfalterte vegar og godt grasunderlag eignar seg svært godt for både telt, bubil, campingvogn og buss, heile året rundt. Våre sanitæranlegg er av høgst moderne standard. Lærdal Ferie- og Fritidspark vart kåra til årets campingplass 2002 av Norges Caravan Club, og i 2003 til ein av TOP Camping-plassane i Camping Cheque. I 2004 vart Lærdal Ferie- og Fritidspark kåra til den aller beste av TOP Camping-plassane i Camping Cheque nettverket med 4,9 poeng av 5 mulege!

På grunn av vår campingplass er heilt flat, eignar den seg svært godt til ulike arrangement, utstillingar og treff, som for eksempel caravantreff, bubiltreff, biltreff. Kapasitet; ca. 100 campingvogner pluss ekstra plass til telt. 72 straumuttak.

 

[SJÅ FLEIRE BILDER]

 

 




K
afê/restaurant.

 

Vår kafê- og restaurant er open kvar dag i sommarsesongen, der vi tilbyr middagsrettar, pizza, smårettar etc. Frukostservering for grupper. Utanom sommarsesongen tek vi imot grupper og lag på bestilling. Vi har 50 sitteplassar innandørs og 30 sitteplassar utandørs.

 

[SJÅ FLEIRE BILDER]

 

Frå 2003:

No kan du ôg betale hjå oss med Campingcheque i lavsesongen.
For informasjon
: www.campingcheque.com.

 

Aktivitetar

 

Lærdal Ferie- og Fritidspark har ikkje berre overnatting, men ôg mange aktivitetar for både barn og vaksne. Kva med ein fisketur eller berre ein kosetur på fjorden?

Når temperaturen tillet det, anbefalar vi ein forfriskande symjetur i verdas lengste fjord, Sognefjorden, badestrand 50 meter frå Lærdal Ferie- og Fritidspark. Eller fristar det med ein fjelltur ? Mange alternativ frå ein times kort og flat vandretur langs elvebredden, eller lengre dagsturar til 1.000 meters høgde. Vi formidlar også fjordcruise og andre rundreiseturar, spør oss!

 

[SJÅ FLEIRE BILDER]