Ledige stillingar

 

Søkjer du utfordrande arbeidsoppgåver i eit internasjonalt miljø? Då har vi arbeid til deg!

 

Lærdal Ferie- og Fritidspark er eit ferieanlegg med ca 45.000 gjester årleg, av dei ca 75% utanlandske. Ferieparken ligg svært sentralt til, 310 km frå Oslo og 205 km frå Bergen med direkte ekspressbussforbindelsar fleire gonger dagleg.

 

Får du arbeid her, er du heldig å oppleve eit av verdas vakraste reisemål, med alle mulegheiter for naturopplevingar til fots, på sykkel, i båt eller i bil. Ferieparken ligg heilt i fjordkanten innerst i verdas lengste fjord, Sognefjorden.

 

For sommarsesongen 2010 har vi ledig:

 

  • Reinhaldarar
  • Kokk / kjøkkenmedarbeidar
  • Servitørar
  • Resepsjonistar

Krav til stillingane:

  • Relevant erfaring
  • Språk: skandinavisk og/eller engelsk

 

Stillingar: deltid / heil / sesong (varierande frå 1.5 til 1.9.)

 

 

Lønn etter avtale / tariff

 

 

Tilsetjing: varierande perioder 1. mai til 1. sept.

 

Søknadsfrist: 1. februar 2010

 

 

For meir informasjon, ta kontakt, tlf. 57 66 66 95

 

E-post: info@laerdalferiepark.com

 

 

 

Vår aktivitetsavdeling Lærdal Sport og Rekreasjon har ledig stilling:

 

Vår sykkelavdeling søkjer forsterking for bl.a. å ta hand om aukande sal av våre

 

importmerker CEEPO, BeOne, Steppenwolf, Montego, Marcello, Oyama.

 

  • Kombinert seljar / sykkelmekanikar til vår sykkelfaghandel og sykkelutleige

Krav til stillinga:

  • Relevant erfaring (evnt. supplerande spesialopplæring vert gjeve)
  • Språk: skandinavisk og/eller engelsk

 

Stilling: heiltid / evnt. deltid er muleg

 

Tilsetjing: frå 1. mars 2010

 

Lønn etter avtale / tariff

 

Søknadsfrist: 1. februar 2010

 

For meir informasjon, ta kontakt, tlf. 57 66 66 95, info@laerdalsport.no

 

Søknad til e-post: info@laerdalsport.no