Book Online
Multimedia
slide1.jpg
slide3.jpg
slide4.jpg
slide5.jpg
slide6.jpg
slide7.jpg

Info sport og aktiv ferie

Storehaugen Opp utsiktLærdal Ferie- og Fritidspark har ei ideell lokalisering for aktiv ferie, målretta treningsleirar og konkurransar. Med ein dal som er flat i bunnen og vegar som fører opp til høgfjellet er det muligheiter for både fartsleik og klatretrening på t.d. sykkel, ski og løping. Her vert t.d. arrangert motbakkeløp på ein av dei flottaste turvegar vi har i regionen; Storehaugen Opp. Her er turvegar i alle kategoriar, fleire med utgangspunkt frå ferieparken, både flate, middels og bratte turar.  


Med fjorden rett utanfor hyttedøra eller campingvogna, byr det opp til både fisketur eller rett og slett berre nyte stillheita på fjorden.

 

Her er stor idrettshall kun 1 km frå ferieparken, i tillegg til store idrettshallar både i Aurland og Årdal som byr på samkøyring av arrangement som t.d. Veterancup.

 

P1011244Vi har vore vertskap for både treningsleirar og arrangement innan bl.a. sykling, løp, triathlon, fotball og handball. Har du eit arrangement eller treningsleir du ynskjer å gjennomføre, ta gjerne kontakt. Vi er gjerne med på både tilrettelegging og som sponsor. Tlf 57 66 66 95, info@laerdalferiepark.com

 

 

 

   

VANDRING OG TOPPTURAR

Storehaugen gruppebildeI Lærdal og regionen finn du eit eldorado av turvegar i alle vanskeligheitsgrader.
Fleire turvegar har utgangspunkt i gangavstand frå ferieparken, både flate, middels og bratte turar.

 

Last ned her informasjon om turar i nærområdet til Lærdal Ferie- og Fritidspark utarbeidd av Lærdal Turlag.

Les mer ...

   

SYKLING

Aurlandsfjellet på sykkelI Lærdal får du flotte sykkelopplevingar, anten på racer/landevegssykkel, tursykkel eller terrengsykkel, for både den lette søndagsturen eller for den profesjonelle. Dalføret er svært eigna til lette turar for alle nivå og aldersgrupper.

Les mer ...

   

FISKE og BÅTLIV

IMG 5578Med fjorden rett utanfor hyttedøra eller campingvogna, byr det opp til både fisketur eller rett og slett berre nyte stillheita på fjorden.

 

Vi leiger ut båtar, med og utan motor.

Les mer ...

   

TRIATHLON AKTIVITET

P1011244Lærdal Ferie- og Fritidspark er nærast ein eigen triathlonarena. Her kan du symje i kanalen eller i fjorden, løpe både flatt på asfalt eller på grus langs elvebredden eller i middels bratt terreng på ein av turvegane. Sykkelruta langs fjorden er heilt ideell for fartstrening og temposykling, der det nærast er bilfritt.

Les mer ...

   

KLATRING og ISKLATRING

Isklatring sogndalsdalen

Like ved ferieparken, ca 500 meter fottur til Hedler, har vi utvikla eit klatrefelt med 6 ruter for nybyrjar og middels nivå.

Les mer ...

   

KOMBITURAR SYKLING OG VANDRING

Tur til Hausen langs SognefjordenMed utgangspunkt frå ferieparken har du varierte flotte turar på sykkel kombinert med vandring.
Nokre eksempel:
Hausen
Sykling utover langs Lærdalsfjorden nesten ut til gamle Revsnes ferjekai.

Les mer ...

   

JAKT

Lærdal er kjend for stor jaktinteresse og eit mangfaldig jaktterreng. Her kan du jakte på t.d. hjort, rein, elg og småvilt.

Les mer ...

   

icon-facebookicon-googleicon-you-tubeicon-instagram

Webdesign and -programming tourismustraining.at - Austria