Book Online
Multimedia
slide1.jpg
slide3.jpg
slide4.jpg
slide5.jpg
slide6.jpg
slide7.jpg

Bookinginformasjon

Online:

Klikk her for online booking overnatting.

Klikk her for online booking aktiviteter og feriepakker.

 

Manuelt:
E-post: info@laerdalferiepark.com 
Tel.: (+47) 57 66 66 95
Fax: (+47) 57 66 87 81

 

For salgs- og betalingsbetingelser, sjå nedanfor.

 

Utvalde turoperatørar / reisebyrå for di pakkereise

Ei rekkje turoperatørar og reisebyrå har våre hytter, leiligheiter, motellrom og aktivitetar med i sine program og pakkereiser. Søkjer du ei pakkereise som inkluderar ferjeoverfart med Color Line, Stena Line eller Fjord Line frå t.d. Danmark, Tyskland, Nederland eller Polen, kan det hende det løner seg å oppsøkje ein av dei.

Eit utval av samarbeidspartnerar som tilbyr pakkereiser ferje og overnatting hjå oss:

Color Line: www.colorline.com 

Fjord Line: www.fjordline.com 

Stena Line: www.buroscanbrit.nl 

Troll Tours: www.trolltours.de 

Feelgood reisen: www.feelgoodreisen.de 

Polan Travel: www.polan-travel.com.pl 

Fregata: www.fregata.pl 

Przystanek Skandynawia: www.skandynawia.net.pl 

 

Salgs- og betalingsbetingelser

§ 1. Bookingbetingelser

1.1. Pris og betaling
Alle prisar er oppgjevne i NOK inkl. 8% merverdiavgift (MVA).
Det er per i dag ingen turistskatt eller andre gebyr/avgifter utanom leigepris.

 

1.2. Booking
Booking i høgsesong kan kun gjerast på vår online-booking eller på e-post. Utanom høgsesong (juni-aug.) kan ein og bestille på telefon.
Booking for meir enn 3 netter og tidlegare enn 1 månad før ankomst må førehandsbetalast med minimum 30%.
Ved førehandsbetaling garanterar du for ankomst seinare enn kl. 16.00.
Booking som ikkje er førehandsbetalt blir sletta kl. 16.00 på ankomstdagen om du ikkje har meldt frå om og garantert for seinare ankomst.
Booking kan og garanterast på ankomstdagen med kredittkort innan kl. 16.00.

 

1.3. Endring av booking
Endring av booking kan skje innan kl. 16.00 utan tilleggsgebyr.

 

1.4. Avbestilling
Avbestilling av opphald opptil 3 netter kan gjerast opptil 24 timar før ankomstdagen utan gebyr.
Avbestilling av opphald på meir enn 3 netter, 1-7 netter før ankomst, vert fakturert med minimum 1 natt og min. 10% av booka salssum. Avbestillingsforsikring kan teiknast for kr. 50,- per pers.

 

1.5. Førehandsbetaling utanom onlinebetaling kan gjerast over fylgjande banksamband: Aarethun AS, Indre Sogn Sparebank. Kontonr. 38381343372. IBAN: NO 33 38381343372. Swift/BIC: IDRENO21. 

 

§ 2. Oppholdsbetingelser


2.1. Ankomst og avreise
Innsjekking til bueeiningar frå kl. 14.00 – til kl.23.00. Ved seinare ankomst vennligst ring undervegs. Tlf. (+47) 57666695.
Innsjekking til campingplassen kan skje frå kl. 12.00 om det er ledig plass.
Avreise er kl. 12.00 for både campingplass og bueiningar. Lenger opphald på campingplass eller bueining må avtalast med resepsjonen. På campingplassen er det muleg i periodar av året å betale tilleggsavgift per time om ein ynskjer å vere lenger utover kl. 12.00.

 

2.2. Husdyr / røyking / grilling
Husdyr er ikkje tillatt i bueiningane, kun på campingplassen.
Røyking er ikkje tillatt i bueiningane og i felles fasilitetar, kun ute på campingplassen.
Grilling er tillatt ved bueiningane og på campingplassen forutsett at det vert nytta underlag som ikkje er brannfarleg. Ved høge temperaturar, vind og tørt gras ber vi om at det vert spurd om løyve i resepsjonen.

 

2.3. Sikkerheit / defekt utstyr / inventar
Ved ankomst til bueeining ber vi om at De gjer Dykk kjend med brannvern- og rømningsvegar.
Om De oppdagar feil eller skade på utstyr / inventar i bueiningen, ver venleg å melde frå til resepsjonen så snart som råd etter ankomst. Eventuell forvoldt skade under opphaldet må erstattast.

icon-facebookicon-googleicon-you-tubeicon-instagram

Webdesign and -programming tourismustraining.at - Austria